Klokka er no 18 50, temperaturen ute er + 20 grader og det er skodde langt ned etter fjellsidene. Det har regna litt i dag også. Men no er dei nye vindua på plass og i morgon får eg kanskje henge opp gardiner inne.
I dag har eg ikkje hatt så veldig arbeidslyst, men litt fekk eg no gjort ute. Plukka rips og fekk vekk diverse gras med kantklipparen, så lenge eg hadde sen. Og ikkje så mykje meir. Eg får ikkje så mykje arbeidslyst når skodda ligg tjukk, og sola ikkje er å sjå.
No, på sein ettermiddag har eg vore ein tur opp til Marit, for eg hadde gløymt paraplyen min der i går.
Det var ikkje så mykje å koste i kveld, men eg får vel litt av ein jobb med å få alt på plass igjen-men det er no berre kjekt.
Før hadde vi mange ripsbusker, men no er det berre ei att, og eg treng ikkje meir heller.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar