Klokka er no19.15,temperaturen ute er +16 grader, det er opplett men skodda ligg langt nedover fjellsidene, og sola er ikkje å sjå-
I dag la snikkaren siste handa på verket sitt, og til mi store glede hjelpte han meg å få gardinbretta på plass før han reiste. Eg er veldig fornøgd med det han har gjort. På grunn av at vindua ikkje var akkurat som dei vi hadde før, vart det ekstra mykje arbeid. No står det att å male treverket og eg trur Einar kjem til å stille opp der.
Eg sat og strikka på føremiddagen, men etter at snikkaren hadde reist tok eg meg på tak og vaska og støvsuga og ordna opp i heile "huset" før eg dusja og bad Marit på kaffi og gulrotkake.
Eg har sove veldig godt i det siste, eg har lagt på datarommet sidan det var enda meir rot på soverommet, men eg må no prøve å legge meg inn att der.
I morgon må eg på byen og handle, har ærend på apoteket t.d.
Eg er glad for at "husarbeidet" er ferdig, og eg har mykje god opptenningsved i garasjen. Eg har ikkje sett døtrene mine på ei stund, så eg håper å sjå dei snart.
Rasmus synest det går seint med grasvoksteren der plommetreet stod, men i dag var det stor framgang, sikkert fordi det har regna innimellom.
Sidan det er fredag vil eg ønske alle ei god helg. I dag begynner vi på den siste sommarmånaden, tida går så altfor fort. August har vore favorittmånaden min, særleg den tida då skulane begynte 1.september. Far min hadde fødselsdag den 31.august, det var siste sommardagen den gongen.( Han var født i 1899.)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar