lørdag, august 02, 2025

Dagbok 2025: 2.august

Klokka er no 19.36, temperaturen ute er + 20   grader C og skodda ligg langt ned etter fjellsidene. Det er vanskeleg å bli kvitt skodde her i Ørsta fordi det nesten aldri er vind her. Eg saknar VIND!

I dag presterte eg å sove heilt til klokka var 9, det skjer ikkje ofte, Men det var kjekt å stå opp til reint og ryddig hus igjen, dvs. det er ryddig inne, men ikkje på altanen-enno.

Etter at eg hadde ete frokost jobba eg litt. Eg rydda bort treklossar i garasjen og fekk dei i ein sekk, før eg spylte garasjegolvet.  Ein ting til fekk eg gjort, eg rydda og klipte etc. i rosebeddet ved garasjen, der blir fort uryddig når rosene misser kronblada.

Deretter vart det ein tur på butikken, etter at eg hadde fyret i omnen og strikka litt. Eg har så mykje små fjøler etc,så no fyrer eg i staden for å sette på varmepumpa, og i dag har det vore bruk for litt varme, sidan sola held seg borte.

Eg hadde halvvegs tenkt meg til Vik i dag, men det vart berre ein tur på KIWI på Vallabøen. Då eg kom heim att laga eg lunsj og åt. 

Marit ville at eg skulle komme opp til henne, og det ville eg gjerne, så no har vi hatt oss ei god pratestund, men tida gjekk så fort at då eg var heime igjen , var det nyheiter på TV som eg ikkje fekk heilt med meg. Men dei kjem vel att.

Eg driv og strikkar lester av det svenske garnet til Solveig, men hæl-fellingane blir heilt rare og annleis enn vanleg -enda eg strikkar akkurat som eg plar. Eg trur det blir annleis fordi garnet er så tynt. Men eg KAN berre ei hæl-felling. No skal eg snart lage meg litt mat og så skal eg sjå TV og strikke resten av kvelden. Eg har det godt, men ser framtil å treffe att barn og barnebarn som eg ikkje har sett på nokre dagar.

                                                                Slik er det her no




 

Ingen kommentarer:

 Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...