Klokka er no 19.41, temperaturen ute er + 15 grader C, skodda ligg her framleis og det regnar litt innimellom; kort sagt er det eit kjedelig og grått ver. Eg har hagebær som eg skulle ha plukka og diverse anna som skulle ha vore gjort rundt dørene, men kven likar å gjere hagearbeid når det regnar? I dag kan ein no skulde på at det er helg- men eg er redd vi får samme veret fleire dagar framover. Det er mangel på vind, som vanleg.
Eg veit ikkje kva eg har gjort i heile dag,men eg har vel gått her og pusla med litt husarbeid etc. Heldigvis fekk eg besøk av Eirik og hunden til Amanda, Albert, dei er hos Lars for tida, og blir der vel over morgondagen, for då skal Lars feire at han fyller 60 år. Amanda driv og førebur på å flytte inn i huset ho har fått leige på Folkestad. Solveig og Øystein feirer i dag-dei har vore gifte i 40 år. Og feira det med ein tur til Trondheim.
Viss eg vil feire noko, så kan eg feire at eg har fått to nye vindu i huset mitt.
Eg har ikkje vore opp til Marit i dag, men i morgon skal vi på butikken i lag. Eg synest det er så trist med dette veret, vanlegvis er august den finaste månaden i året. No skal eg sjå om eg kan få tatt eit bilde av det elendige veret.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar