I dag hadde Marit og eg avtalt å fare på butikken i halv 11 tida. Og slik vart det. Vi var på KiWI og kjøpte mat. Etterpå var eg ein tur ned på ALTI for eg hadde ærend der.
I dag hadde eg kjøpt med spekepølse og potetsalat, så det åt eg både til lunsj og middag. Eg hadde også skeia ut og kjøpt vannmelon, så det hadde eg til dessert-
I dag var det ver til å vere ute i hagen og jobbe. Eg plukka ein del solbær på det eldste treet, men det viktigaste var å få klippe det ned litt, for det var altfor stort, Eg fekk gjort det mindre, men eg tok det ikkje i høgda i dag, det blir ein annan dag. Eg rydda mykje på den staden i hagen der der blir mest rot. Erlend hadde sørga for at eg hadde sen på kantklipparen og då går det lett å rydde opp rundt busker og tre. Eg jobba så lenge eg orka for ryggen sin del, så spylte er plenklipparen før eg "tok kvelden" (litt tidleg).
Eg har to små stikkelsbærtre og i år er det mykje bær på dei, så eg skal kanskje prøve å lage stikkelsbærsylte i år? Eg har meir både rips og solbær som eg må plukke. Men det er grusomt kjedelig å plukke bær, eigenleg. Det var kjekkare før, då var vi to om jobben og klipte sunde trea etter kvart. Det gjer eg no delvis no også.
No må eg få vaska den svarte buksa eg går i-det kan bli at eg skal på ein tur i morgon- og då må eg ha akkurat den- "sommarbuksa."
No skal eg slappe av og sjå TV mens eg strikkar.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar