I dag heiser vi flagg for Ivar Aasen, som vart fødd i Ørsta 5.august 1813.
Klokka er no 18.00, temperaturen ute er + 12 grader og det regnar litt. Då eg stod opp i dag skein sola, men det vart det fort slutt på-
Dagen i dag vart litt annleis enn vanleg., men den begynte på den vanlege måten, med litt TV og strikketøy. Strikkinga vart det ikkje mykje av, for eg har enno ikkje funne ut korleis eg skal strikke hælen, det brukar eg å få til kvar dag, men ikkje no. Det er noko som har rota seg til oppe i hovudet mitt, eg håper det ryddar seg til igjen.
Når eg ikkje kunne strikke måtte eg finne på noko anna, eg fekk blant anna rydda frysedelen på kjøleskapet. Så begynte eg å rydde litt på altanen; eg kasta dei største plankane ned på plenen og så gjekk eg ned og saga dei i to(med handsag) slik at eg fekk dei inn i tilbygget. Eg saga også diverse anna som kan brukast til ved. Eg sagar med handsag, for eg er litt redd å bruke motorsaga, for det er så lenge sidan eg har brukt den.
Så fekk eg melding frå Margrete om at ho ville komme ein tur. Vi sat lenge og prata og drakk kaffi før vi tok ein tur på Plantasjen. Etterpå såg vi oss om på møbelbutikken der borte, der hadde eg ikkje vore før. Det var interessant å sjå kva slags møblar som er populære no. Skinnmøblane mine er heilt umoderme, men eg synest dei er praktiske og greie å å ha.
Vi hadde lyst på mat og tenkte vi kunne ete pizza på ALTI, men der var det stengt. Men kafeen var open og dei hadde pizza, så då vart det det likevel.
No er eg heime igjen åleine,men har hatt ein kjekk dag.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar