onsdag, juli 30, 2025

Dagbok 2025:30.juli

 

                                               Ikkje så mykje å koste i dag

Klokka er no 18.55, temperaturen ute er +22 grader C; det kom ei regnbyge på ettermiddagen, elles har det vore opplett, men ikkje sol. 

Eg var som vanleg tidleg oppe ,men ikkje FOR tidleg i dag. Etter mogonstell , frokost etc. tok eg ein runde på butikken. Eg berre måtte ha Vaniljesaus, for eg hadde halvegs lova snikkaren at han skulle få rips med vaniljesaus i dag, for eg veit at han likar det. Det er tredje gongen han er her og flikkar på huset vårt, og alle gongane har det vore i "ripstida."

Då eg kom heim att plukka eg rikeleg med rips som eg renska og vaska-klar til bruk. 

Elles klipte eg plenen ved postkassane og nede i hagen, der "prosjekta" mine held til og til slutt tok eg plenen nedafor huset, meir vart det ikkje i dag.

Etter at eg hadde ete lunsj tenkte eg å plukke meir rips, men då eg var klar til å gå ut , kom regnet, så eg gjekk opp til Marit i staden. Der vart vi sittande å prate lenge, som vanleg; eg hadde med meg ein lest som eg strikka litt på innimellom.

Snikkaren var vekk lenge før eg kom heim så det var berre å begynne å koste. Det var ikkje så mykje rusk i dag så det gjekk greit. Men eg gleder meg til eg får gjere skikkeleg reint og få alt på plass. Det blir eit styr med å henge opp att gardinene, men eg har i alle fall vaska dei-og det treng ikkje så mykje stryking. Det er no godt å få gjort dette arbeidet når det er såpass bra ver  Det året vi fekk nytt tak, regna det nesten heile tida. Eg ser på PCen at vi skal få "regnfulle dager" framover - så då får eg vel ikkje plukka bæra mine.






Ingen kommentarer:

 Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...