Klokka er no18.48, temoperaturen ute er + 28 grader C, det kom nokre få regndrpopar for ei lita stiund sidan, men det vart ikkje noko av.
Eg er nettopp komen heim, for i dag har eg vore på langtur med Margrete og Amanda + hunden Albert.
Amanda henta meg her og så køyrde vi inn til Margrete og gjekk over i hennan bil. Turen gjekk til Eid og vidare til Måløy og Raudeberg. Med det samme vi gifta oss i 1962 flytta Nils og eg til Raudeberg og vart buande der til 1965. Då hadde vi to små barn. Samme hausten flytta vi til Ørsta og her blei vi.
Vi såg skulen der eg jobba, kyrkja dr dei to vart døypte, og så var vi på Refviksanden. Der var det fantastisk i dag mykje folk, og mange som vassa og bada. Vi tre gjekk berre og vassa litt.
Litt seinare reiste vi til Måløy der vi omsider fann ein restaurant og kjøpte oss mat.. Der var kjempeheitt der også, men maten gjekk ned. Eg synest ikkje der er fint i Måløy no, der er ikkje ryddig-etter mine begrep. Men det var ingen ting i vegen med bilturen-det var nydeleg alle stader. Det er lenge sidan eg har reist den vegen no, og Nordfjorden låg deer så vakker i solskinnet. Vi sette av Amanda då vi kom til Straumshamn, og Margrete køyrde meg til døra heil.
Eg kan berre takke for ein fin og kjekk dag. dessverre har telefonen svikta, så eg har berre bilde som dei andre tok.
Margrete og eg på sandenKyrkja på Raudeberg der både Solveig og Rasmus vart døypte.



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar