Klokka er no17.30,temperaturen ute er + 15 grader og det er overskya, men opplett. for meg har det vore ein heilt spesiell dag, og det blir vel ein liknande dag i morgon.
Saka er at eg skal få slkifta til nye vindu på soverommet og datarommet mitt. På soverommet har ruta vore øydelagd lenge.mange år. Han som har flikka på huset mitt før ville gjere denne jobben også, og det var eg glad for. Han hadde bestilt vindua og dei har stått ute på tunet ei stund. I dag skulle han komme klokka 8, så eg var grytidleg oppe, noko som eg er rett som det er, men han kom ikkje før klokka 9. Det var no heilt OK. Han jobbar åleine og det går bra men eg fekk hjelpe til litt med å få inn rutene. Eglles har eg kosta og rydda litt innimellom.
Han har fått på plass den eine ruta i dag, den på soverommet, så i morgon blir det datarommet og der er det litt krøbelt, men harn er no vand med litt av kvart.På bildet over ser vi soverommet etter at eg har kosta og støvsuga.
Fjølene under vindua blei skrota, så der må det nye fjøler til, slik eg har forstått det. Her er soveromsvinduet på plass, så skal det komme nye fjøler nedanfor. Denne ruta skal på datarommet i morgon-håper eg.
Eg har no ikkje berre gått her og kosta i dag; eg var først ein tur på butikken og litt seinare køyrde eg på VØR med hageavfall. Eg tek de turen når eg har 6 sekker-og det hadde eg i dag.
Marit kom ned og prata ei stund. Eg har også sett TV og strikka litt. Men høgre tommeltotten er ikkje heilt god, så eg får ikkje strikke så mykje eg vil.
Komande natt skal eg ligge på datarommet, det er heilt greit, men det blir eit styr i morgon når den nye ruta skal inn, for her er trongt. Vi får sjå korleis det går Det hadde kanskje vore betre om eg var stor og sterk og kunne hjelpe til litt-.Men eg kan i alle fall stå tidleg opp og begynne å ordne opp på rommet.Eg er eit geni når det gjeld å stå tidleg opp.




Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar