søndag, juli 13, 2025

Dagbok 20 25:13.juli


Klokka er no 17.52, temperaturen på trappa er + 30 grader C, for ei lita stund sidan var temperaturen +32 grader, Det er varmt-og sveitten renn. Eg vakna som vanleg grytidleg i dag, før sola stod opp, og då såg det slik ut når eg såg utover frå altanen-sjå bildet over.Sola dukka opp ei lita stund seinare

Eg greidde å tvinge meg sjølv til å legge meg igjen, og eg fekk sove litt til. Så stod eg opp og då var Lollo der og ville ha frokost-og det fekk ho. Elles har eg vatna med slangen over mesteparten av tomta-eg må no ha noko å styre med når eg går her åleine.  Men i morgon seint på kveld kjem Rasmus og familien, det ser eg fram til.

Marit kom att frå hyttekosen i dag så eg sat lenge oppe hos henne og prata. Elles har eg ikkje gjort noko særleg, prøver å sole meg litt, men det er for varmt- eller kanskje det ikkje er så varmt lenger. Eg har sete å altanen med føtene i vatn(og såpe)- det er ikkje fritt for at dei treng eit skikkeleg vask innimellom..

Eg likar godt sol og varme, men det treng ikkje å vere SÅ varmt. No trur eg det var Erlend som kom att, i dag før middag melde han frå Flesland. No fortel han at han har vore på country-festival i Tromsø. Etter som eg forstår har har reist både langt og lenge med fly. Men han kom att på Vigra. Og no er han vel i hamn i Starevegen. Eg spurde om han fekk mat å turneane sine og det gjer han. Dei steller godt med musikarane, seier han.

 Eg vatnar blomster og gras kvar dag. I dag vatna eg tidleg på dag. Det som er det finaste no er Leonardo da Vinci -rosene. Dei er så ivrige at dei prøver å klatre opp i treet-enda dei ikkje er klatreroser.

Eg får dessverre ikkje gå tur på Vernet, for den venstre foten har blitt dårleg igjen så eg vil ikkje at den skal bli verre- heller betre!


Ingen kommentarer:

 Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...