Klokka er no19.53, temperaturen ute er+18 grader C, men det har vore mykje varmare før i dag.Eg er ikkje sikker på kor varmt det har vore, men nydeleg har deti alle fall vore. Eg starta dagen med tidleg frokost, eg har det med å vakne tideleg og stå opp utan å sjæ på klokka slik som i dag. Eg sat ved frokostbordet klokka 5, men la meg igjen ei stund etterpå.
Eg var flittig på føremiddagen, vaska soverom og datarom, bytte på senger og hadde ut golvtepper og sengetøy til lufting. Det var godt å få gjort dette i så fint ver. Etter kvart vart det veldig varmt og fint, så eg la meg på solsenga ei stund, den har vore lite brukt i seinare tid. Etter kvart gjekk eg ein tur opp til Marit som sat ute og strikka. Etter kvart vart eg svolten på middagsmat og gjekk over gata og laga mat. Etterpå låg eg ei stund på solsenga, som forresten er nesten heilt kaputt. Eg hadde i grunnen tenkt å gå tur på Vernet, men så vart det ikkje noko av. Lett å bli lat når det er så varmt og fint.
Rasmus og familien kjem truleg oppover til helga, så eg må vel få huset litt i orden til den tid.Gutterommet har eg gjort ferdig for lenge sidan,men eg har det ikkje heilt i orden her i leilegheita; eg har brukt mykje tid på hagearbeid, så andre ting blir sett til side.
Ser fram til at eg skal få besøk av Rasmus og familien, det er no ikkje så lenge sidan vi var der ned i konfirmasjon, men dei er no litt for langt unna.
Og sola skin i vest


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar