mandag, juli 07, 2025

Dagbok 2025: 7.juli


Klokka er no 20.24, temperaturen ute er +22 grader og vi har hatt ein nydeleg dag med sol og varme. I dag venta eg Einar på besøk, han skulle komme klokka 12. Eg var ein tur på butikken og kjøpte inn diverse matvarer som vi skulle ha til lunsj. Eg dekka bordet og koka kaffi, men Einar kom ikkje. Han er den mest presise eg veit om, så når han ikkje kom vart eg skeptisk og redd for at det hadde hendt noko. Eg etterlyste han på sida vår på data, men ingen visste noko. Plutseleg kom bilen ned på tunet, presis klokka 13.00. Det var det tidspunktet Einar trudde han hadde skrive. Så vart alt herlegheit og glede og vi kunne kose oss med god mat , kaffi og prat. Det er alltid kjekt å få besøk av Einar-ja, andre også sjølvsagt.

Etter at eg vart åleine la eg meg ut på den gamle skrale solsenga , det skjer ikkje ofte. Då eg stod opp att vatna eg heile hagen med slangen. Men enno var det lyse dagen og sol og varme, så det vart ein tur på Vernet også. I dag vart eg kjend med eit ektepar som bur her på Vallabøen, dei var begge to litt yngre enn eg, men skal feire 85 år om ikkje lenge. Veldig kjekt å bli kjend med nye folk.

Då eg kom heim sat Marit ute, så eg måtte sitte ei stund og prate med henne også- vi har no alltid noko på hjertet. Enno skin sola ute, og det er varmt og godt, men det skal ikkje vare så lenge seier dei i vermeldinga.

Eg har hatt kontakt med Rasmus og dei vil komme oppover neste veke viss eg forstod han rett. Dei kjem i alle fall hit om ikkje lenge. Det skal bli kjekt. No er Solveig og Margrete komne heim frå svensketurane, så då er vi mannsterke. Ikkje noko anna er så kjekt for meg  som å få vere i lag med barn og barnebarn- og oldebarn


                                                                      Sommar og sol

Ingen kommentarer:

 Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...