søndag, juli 06, 2025

Dagbok 2025: 6.juli


 Klokka er no 18.16, temperaturen ute er +17 grader C og det er sol. Det har vore ein fin dag, litt skodde om morgonen som forsvann fort.

Eg hadde ingen planer for dagen,men fann litt å styre med ute, eit ugras her og der etc.

Så fekk eg melding frå Ingeborg og Eirik om at dei ville komme på besøk. Då angra eg på at eg ikkje hadde tatt ein liten helgehandel i går. Men eg fekk no laga litt vaflar og så har eg som regel is i frysaren. Dei kom i alle fall og vi hadde ei god pratestund før dei sette kursen mot Mosmarka der dei skulle lage seg middag. Eg har forstått det slik at dei passar hundane til Lars mens han er vekke og at dei bur der.

Då gjestane for herfrå, tok eg ein tur på Vernet. Det er lenge sidan eg har gått heile runden , men det gjekk heilt fint i dag, eg sat på alle benkane for å drøye turen. Møtte eit par eg kjenner også, men der er nok meir folk tidlegare på dagen.

Eg har ikkje hatt på TV-en i dag, så mykje kan ha hendt utan at eg veit det, men no får eg snart høyre dagsnytt i alle fall.

Marit har vore ute i øyane i dag, på biltur  med Kjartan, så eg har passa Lollo,men eg har ikkje sett så mykje til henne.


                                             Vegen mot vest.

Ingen kommentarer:

 Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...