Ikkje noko har blitt gjort her i dag
Klokka er no 19.20, teperaturen ute er +29 grader C, og sola skin. Eg sit her åleine no for Rasmus og familien skulle ha seg ein tur ut i båt. Vi har ikkje vore så aktive i dag, til det er det for varmt, er er ikkje skamfull over det, men eg har stort sett vore inne i dag. Ja, eg fekk no ha ved i sekker ei stund, og så har eg vatna i hagen.Og Rasmus med fleire var på Vør og så handla dei mat etterpå- Men elles hardagen godt med til mat og prat, vi orka rett og slett ikkje å sitte ute og bli steikte. Eg har no fylt opp med diverse småjobbar, klesvask, oppvask etc- Men vi har det kjekt, og har mykje god mat- No spørs det berre om dei kjem heim med fisk frå havet.
I morgon blir det ei lita familiesamkome, Solveig og Margrete kjem ein tur, og har kanskje fleire med, eg kosar meg men å få vere i lag med barn og barnebarn.
Det var for varmt å vere på altanen i dag
Det var for varmt å vere på altanen i dag


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar