Klokka er no 20.35, temperaturen ute er +29 grader C, og det har vore sol og fint i heile dag. Eg stod opp grytidleg , som vanleg, men la meg igjen og sovna til det var på tide å stå opp-
Då Rasmus var her sist haust bestemte vi at plommetreet som stod på plenen skulle vekk og i dag skulle det skje. Det var mykje meir jobb enn eg hadde trutt. Rasmud saga og grov og stammen vart gjort om til ved på Kløyvaren i garasjen, Eg var med og fylte sekker med ved o kosta golvet. Men sjølve stammen på treet stod att. Rasmus ville på VØR ein tur før han begynte på den. Eg klipte plenen mens habn var vekke. Så skulle skjølve rota opp, og det var ikkje lett. heldigvis hadde vi fire unge menn som kunne drage.
Fire unge menn halar og dreg.Og så var stammen oppe, det var litt av ein jobb med alle røtene.
Vi skal ikkje ha nytt tre i holet, men kva som skal skje vidare veit eg ikkje.
Det er liksom Rasmus som tek alt ansvar når vi er her i lag. Han og Weche handla inn mat og Wenche laga nydelig kyllingmiddag. Eg vaska opp litt etterpå både for hand og i maskin. Vi har sete mykje inne på ettermiddagen, det var rett og slett for varmt til å sitte i sola ute. Men det er kjempefint med skikkeleg sommarver, vi har venta på det. På torsdag skal "jentene" komme på besøk, så då får eg sjå alle tre borna mine på ein gong. Det blir fint.



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar