Klokka er no 17.37, eg fekk nesten sjokk då eg såg det, for denne dagen har gått over i historia utan at eg har fått gjort det eg skulle og ville. Eg hadde ei dårleg natt, sov lite og var ikkje i form då eg stod opp heller så eg kom meg ikkje i arbeid før det leid på dag. Klokka 13.15 presis kom eg meg i "arbeid", tok bilen og reiste på butikken. Det var noko eg mangla når eg skulle ha glasur på ei kake. Det er alt eg har gjort i dag-hatt glasur på ei kake. Og når eg hadde gjort det, var energien oppbrukt. Dette er heilt ulikt meg, så eg håper å komme tilbake med vanleg energi så snart som muleg.
Marit er reist på hytta med Janne og eg passar katten. Der kom ein bil på tunet med ei stor kasse.til meg? Ja, då eg såg namnet Koppen, visste eg kva det var, det er dei to nye vindua som eg skal ha på soverommet og datarommet. Men han som skal sette dei inn må vente til Rasmus &Co har vore her.
Eg sit og strikkar litt på med dei små nøsta eg har att. Eg reknar med å få meir garn frå Solveig når Øystein kjem ein tur i morgon.
Eg var ned i den pensjonerte jordbæråkeren-og jammen var der litt bær, til tross for at der ikkje har blitt ordna og stelt i år.
Eg trur ikkje eg kjem til å gå på Vernet i dag, foten vart ikkje heilt god då eg gjekk der i går. Treng ikkje å gå der kvar dag.
Håper at alle får ei fin helg; eg kunne tenkt meg meir sol og sommar no er det +18 grader og overskya her.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar