torsdag, mai 31, 2018
Dagbok 2018: 31.mai
Klokka er no 18.45, temperaturen i skuggen er + 28 grader, max. temp. i dag var +30 grader. no er vi ferdige med mai månad og eg føler at vi har hatt ein heil sommar. Dei som har vore på jobb i finevêret kjenner det kanskje annleis.
I dag har eg vore veldig lat, prøver å halde meg mest mulig i ro, slik at eg kanskje kan bli betre i kneet mitt. Ikkje lett når eg helst av alt vi vere i aktivitet, slik som i fjor sommar.
Det eg gjorde først i dag var å få i hop eit referat frå møtet i går og sende det til avisa. Elles har eg vatna i hagen og elles har eg ikkje gjort så mykje.
Låg på altanen og sola meg med lydbok på øyret, og sveitta. Det er berre lekkert.
Prata litt med naboane innimellom, skarpar litt maling her og der og elles ikkje så mykje.
Eg har i fleire dagar følt på at det ville komme ei regnbyge, men vi har ikkje sett snurten av vatn.
Ragnhild ringde for ei stund sidan, så då fekk eg prata litt med henne.
Eg kjedar meg ikkje om eg er åleine, men det ergrar meg at foten vart låk igjen. Har ein føter er ein litt meir fri til å farte rundt.
onsdag, mai 30, 2018
Dagbok 2018: 30.mai
Klokka er no 19.00, temperaturen er + 28 grader C, tidlegare i dag var den oppe i + 29 grader. Det er heitt til å vere mai, men godt også, for oss som slepp å gå på jobb. Dvs. i dag har eg hatt litt å styre med. Solveig nabo køyrde meg ned på kulturhuset klokka 12.00, men der var det mange som hadde møtt opp før, så borddekkinga var så å seie i boks. Eli skulle lære meg å sette på songar frå laptopen-og det tok si tid. Når den eine pedagogen skal lære den andre, blir det litt hibbel. Ikkje det at det var vanskeleg, det er berre det at eg er vant til å bruke mus. Det var der ikkje. Det er sjølvsagt ikkje noko problem å bruke andre metodar, men her heime brukar eg stort sett den "store" maskina -fordi eg likar den best, og der er det berre mus. Laptoppen har det vore krøll med heilt sidan vi kjøpte den, så den får stort sett stå i fred. Eli køyrde meg heim, så eg skulle sleppe å gå med den vonde foten min, eg øvde litt her heime, så det gjekk heilt greitt på møtet.
Eg fekk ein liten pause, før Marit og eg skulle nedover. La meg ut på altanen i nokre minutt og presterte å sovne, men vakna eitt minutt før vi skulle fare. Då vart det det litt stress med å få på seg "bestekleda".
Det vart eit kjekt møte. Børre Lødemel skulle ha vore der og sunge, men han hadde mist stemma. Han hadde tipsa Eli om ein annan ho kunne spørje, ein frå Vartdal. Han kom og var veldig flink !
Vi hadde loddsal og eg vann ein sommarleg voksduk. Til mat var det Wraps med veldig godt fyll, kake og kaffi fekk vi og. Heilt til slutt var det kviss, og då var vi berre to att ved bordet våret, Per og eg. Hadde vi sett alle spørsmåla hadde vi vunne, men vi hadde hoppa over nr.1.
Det var bra frammøte tross det fine vêret. No skal eg ha på meg kvardagshabitten og sette meg med beina høgt. Vatna gjorde eg tidleg på dag.
tirsdag, mai 29, 2018
Dagbok 2018: 29.mai
I dag har eg bladd litt i gamle album. Tenkte på alle bilda eg hadde mist fordi dei berre var på datamaskinene. Vart litt trøsta då eg så dei mange fullspekka albuma i hylla. Det er der eg har flest bilde av barnebarna då dei var små. I dag fyller Amanda 18 år, og 6.juni blir Olaug Marie 21 år. Då dei var små hende det at vi feira begge på samme dag, sidan vi har veldig mange som har bursdag på denne tida. Bilda over er henta frå det året Olaug fylte 4 år og Amanda var eitt. Olaug hadde fått sykkel i gåve av foreldra og var lettare skada. Kake var det nok av den gongen også. Amanda var barnebarn nr. 7 her i familien.
Vi gratulerer henne med dagen i dag! No er ho myndig, og om eg kjenner henne rett kjem ho både til å ta sertifikat og nytte seg av røysteretten så snart ho kan. Ei tøff og grei jente!
Klokka er no 20.30, temperaturen vil eg ikkje garantere for sola har nok vore på målaren. Den har vel lege på ca.+25 grader det meste av dagen. Eg høyrer plenklipparar som surrar, men her skal det ikkje klippast før graset har kome skikkeleg opp att.
For å vere heilt ærleg så fekk eg litt mein av spaseringa mi i går. Å gå ned på Amfi og heim att vart for mykje for kneet mitt, så i dag har eg ikkje gjort så store sprell. Som før sagt har eg rota litt i gamle album, og så laga eg litt mat til Einar skulle kome. Han ville male ferdig veggen mot vegen, før han av stafettpinnen vidare til nestemann.
Han er veldig iherdig og vi er fornøgde med fargen. Vi er også klar over at det sikkert lyt flikkast litt her og der, men sommaren er vel ikkje slutt enno, får vi håpe.
Vi var ein snartur nedom butikken før vi åt middag i lag. I dag vart det rømmegraut og spekemat. Det minte Einar om jonsok. Han skal reise til Oslo no på torsdag, og det er ikkje sikkert dei feirer jonsok der på same måten.Etter at Einar hadde fare, la eg meg ut på solsenga med lydbok.
Eg skulle ev. ha vore med Margrete og ungane på kafé i dag, men det vart litt stress for Margrete skulle inn i Honndalen osb. så vi får feire Amanda ein gong til.Eg har mange kakerestar i frysarane mine.
Som sagt er eg ikkje bra i kneet i dag. Legen har anbefalt fysioterapi, men så vart eg bra før eg kom så langt. No må eg ev. gjere eit nytt framstøt. I morgon skal eg ned på kulturhuset og dekke bord klokka 12, då vil Solveig nabo køyre meg ned. Til sjølve møtet sit eg på med Marit.
Døra har den "gamle" raudfargen. Har ikkje bestemt kva farge vi skal male den i. Før var den svart-kan hende blir den det igjen?
Bok nr.17 -2018: Ildbarnet
Omtale Ildbarnet
"Ildbarnet" er en intens thriller med sterke islett av gotisk skrekk, fra det ville og vakre kystlandskapet i Sør-England.
Når Rachel gifter seg med flotte David Kerthen, ser alt ut til å falle på plass. Hun flytter fra Londons østkant til en praktfull herregård i Cornwall, der hun er omgitt av velstand og kjærlighet, dype tradisjoner og den hengivne stesønnen Jamie.
Men gradvis endrer Jamie adferd, og Rachels perfekte liv begynner å slå sprekker. Gutten får merkelige utbrudd, kommer med urovekkende forutsigelser og hevder å være hjemsøkt av sin mor Ninas gjenferd. Er det bare Jamies måte å straffe Rachel på for å ha tatt morens plass, eller er han mer traumatisert enn hun trodde?
Men Rachel begynner å grave i fortiden, og etter hvert som sommer blir til høst og deretter en snøtung vinter, finner hun grunner til å tro at det kan være noe i Jamies uhyggelige spådom: «Du vil være død før jul."
………………………………………………………………………………………..
Las om att siste delen av denne boka på solsenga no. Hadde i grunnen lese den ferdig sist natt, men eg stoler ikkje alltid på det eg les om nettene. Boka var underhaldande og spennande, og litt mystisk. Margrete har skrive om den før, så eg begrenser meg. Ser at somme misser nattesøvnen når dei les den, eg er ikkje så lettskremt.
………………………………………………………………………………………..
Las om att siste delen av denne boka på solsenga no. Hadde i grunnen lese den ferdig sist natt, men eg stoler ikkje alltid på det eg les om nettene. Boka var underhaldande og spennande, og litt mystisk. Margrete har skrive om den før, så eg begrenser meg. Ser at somme misser nattesøvnen når dei les den, eg er ikkje så lettskremt.
mandag, mai 28, 2018
Dagbok 2018: 28.mai
I dag kom der "minnebilde" på FB. Det var kjekt, for etter at fleire datamaskiner har crasha, har eg mist mange bilde; eg har sjølvsagt ikkje sikra meg back-up. Blant bilda var dette frå Rjåneset. For lenge sidan, før det kom turveg utover, brukte Nils og eg å ligge på svaberga her og sole oss. Innimellom bada vi, og kvar halvtime for ferja forbi og laga store bølgjer. No er verken vi eller ferja der-men svaberga held stand.
Klokka er 18.50, temperaturen er + 22 grader i skyggen, men det har vore mykje varmare før i dag. Kanskje den varmaste dagen hittil.
Då eg stod opp i dag ,og langt utover dagen var det lettskya og lite sol, men likevel varmt og fint. Seinare kom sola fram.
Eg var ute og jobba litt i hagen først på dagen, raka og rydda litt- og vatna......med slangen. Då eg gjekk inn ein tur fekk eg melding på mobilen; det var ei påminning frå kommunen om at ein ikkje skulle bruke vatn til vatning av hagar. Det var altså ei påminning, men sidan eg ikkje hadde lese/høyrt om det før, handla eg i god tru. Eg for min del tru at det kjem regn snart, for det er så "lummert" som vi sa før, om slik varme som vi har no.
Sidan eg ikkje hadde noko spesielt som måtte gjerast tok eg like godt og vaska litt grundig på bad og kjøkken før eg laga meg til litt mat.
Solfrid kreftkoordinator ringde og ville høyre korleis det gjekk med meg, og eg måtte seie som sant er at eg har det heilt bra.
Eg har gått utan Calsium-tablettar ei god stund no, og dei tek eg etter påbod frå lege, så eg hadde litt dårleg samvit. Eg hadde andre ærend på apoteket også, og fann ut at eg kunne GÅ ned;og dersom frisøren hadde ledig, kunne eg få klipt håret med det samme.
Eg kom ned på Amfi i 1/2 4-tida, men der hadde eg flaks. Mandag og torsdag har dei langope til klokka 19 på frisørsalongen-elles stenger dei kl.16. Dermed fekk eg både klipt og farga håret etter alle kunstens reglar, og ser heilt alminneleg ut etterpå. Men godt å få ein meir sommarleg frisyre i varmen.
Frisørdama kunne fortelje at Tor Larsen (Kokken Tor ) var onkelen hennar. Han døde av kreft kort tid etter at han hadde fått diagnosen. Han hadde kafé på Rjåneshamna, men har nyss opna ny kafe i Gågata. Eg hadde sett dødsannonsen i avisa. Nils og eg brukte å diskutere mat med han den tida vi handla på Coop på Amfi.
Eg treffer mange som vil kondolere, og i dag snakka eg ei heil stund med ei eg ikkje kjenner, men eg lest som. Til og med ein av ekspeditørane på apoteket kondolerte. Ho har vel sett meg så mang ein gong med store bereposar med medisin og visste kven eg var.
Eg gjekk heim att også, så i dag har eg fått nok mosjon. Eg ville lyge om eg sa at kneet er bra, men det er ikkje vondt når eg sit i ro, så i kveld blir det å sitte med føtene høgt.
I morgon vil Einar komme ein tur innover, han skal snart reise til Oslo.
Amanda fyller 18 år i morgon, så då blir ho myndig. Ho har forresten vore ei myndig DAME heilt frå ho var lita.
Vi er nokre i familien som er født i "runde"år, og dei er det lett å halde orden på- dvs hugse alderen. Det er Ingar, født i 2010, Amanda, født i 2000, Audun, født i 1990 og eg sjølv, født i 1940. Dette heldt eg på å lære Ingar då han var her, spørs om han hugsar det.
Margrete blir snart eit halvt 100 år, men har tenkt å vere vekkreist på dagen. Det har vore mange samkomer denne våren, så eg forstår det godt.
Onsdag skal eg på pensjonistmøte, det er siste møtet før ferien.
søndag, mai 27, 2018
Dagbok 2018: 27.mai
Klokka er snart halv åtte, temperaturen er + 22grader C no, klokka 15.00 var den +25grader, det er dei to gongane eg har sjekka. Det har i alle fall vore varmt og fint i heile dag, sol frå morgon til kveld. Eit lite skylag på himmelen no.
Eg har "gjort" veldig lite i dag. Var litt aktiv først på dagen, vaska opp litt, vatna plantar og plenar og leitte fram litt malersaker. For moro skuld begynte eg å skrape laus lause malingflak på altanen. Prata litt med Solveig nabo. sånn frå altan-til- altan.
Marit ropte på meg så eg sat oppe på platten hennar og prata ei stund. Då vart det tid for "middag". Eg likar desse einsame måltida mine, då eg kan ete akkurat det eg vil, same kor sprøtt det er. Men eg likar sjølvsagt å ha selskap også når det høver slik.
Mesteparten av ettermiddagen og kvelden, så langt, har eg lege på altanen med lydbok på øyret. Innimellom har eg sove.
Sov dårleg sist natt, så eg var sikkert trøtt, men no blir det vel ny våkenatt fordi eg har sove på dagtid. Det gjer ingen ting.
Eg er oppteken av å nyte desse sommardagane, dei tek ein gong slutt og då får eg ta att det forsømte . No kjenner eg at eg begynner å bli svolten igjen, så då får eg raide kjøleskapet og sjå om eg finn noko spennande.
Bilde frå "festivalen (Einar sine bilde).
Eg har "gjort" veldig lite i dag. Var litt aktiv først på dagen, vaska opp litt, vatna plantar og plenar og leitte fram litt malersaker. For moro skuld begynte eg å skrape laus lause malingflak på altanen. Prata litt med Solveig nabo. sånn frå altan-til- altan.
Marit ropte på meg så eg sat oppe på platten hennar og prata ei stund. Då vart det tid for "middag". Eg likar desse einsame måltida mine, då eg kan ete akkurat det eg vil, same kor sprøtt det er. Men eg likar sjølvsagt å ha selskap også når det høver slik.
Mesteparten av ettermiddagen og kvelden, så langt, har eg lege på altanen med lydbok på øyret. Innimellom har eg sove.
Sov dårleg sist natt, så eg var sikkert trøtt, men no blir det vel ny våkenatt fordi eg har sove på dagtid. Det gjer ingen ting.
Eg er oppteken av å nyte desse sommardagane, dei tek ein gong slutt og då får eg ta att det forsømte . No kjenner eg at eg begynner å bli svolten igjen, så då får eg raide kjøleskapet og sjå om eg finn noko spennande.
Bilde frå "festivalen (Einar sine bilde).
lørdag, mai 26, 2018
Dagbok 2018: 26.mai
Klokka er 21.20, temperaturen er + 14 grader og det er stilt. Dagen starta med skodde, men etter kvart kom det sol og varme.
Noko av det første eg gjorde i dag var å plukke inn rabarbra. Laga ei rabarbrakake som eg tok med til Hareid seinare på dag. Klokka 13 kom Einar, som hadde vore i Volda og sprunge rundt Rotevatnet. Håkon kom hakk i hæl, for dei skulle vere to om å male i dag. No er garasjen ferdigmåla og huset påbegynt. Det vart ikkje så lang arbeidsøkt i dag sidan alle skulle vidare til Hareid på Verdas minste poesifestival -"Under linda", som den heiter. Det er Øystein og Solveig som har arrangert dette i fleire år på plenen ved huset sitt, trur det var sjette gongen i år, men første gongen eg har vore med. Det var musikk, diktlesing og song, plussmat ,kaffi og drøs. Heile Hareids "kulturelite" var møtt fram, og der var også langvegsfarande folk frå Ålesund og Volda. Og Christine de Luca frå Shetland, som har vore der fleire gonger før. Alt var kjekt og alt var vellykka, med eitt unntak. Ein ubeden gjest: NORDAVINDEN, isande kald som gjekk til marg og bein. Somme innfødde hadde forstått at dei måtte kle seg godt, Einar stilte i boblejakke og hue. Øystein hadde skrive på FB at vi måtte kle oss godt, men vi som kom frå Ørsta og kjende på temperaturen her, vi forstod ikkje problemet - alle fall ikkje eg, så eg fraus, trass i strikkajakke og strømpebukse.
Margrete henta og bringa meg i dag, og på heimvegen handla vi begge på Rema 1000. Så no har eg fått fylt opp att i kjøleskap og frysar.
Takk til Solveig og Øystein for ein fin dag. Bilde frå hagefesten har eg ikkje, men eg reknar med at Einar og andre legg ut bilde på nettet.
fredag, mai 25, 2018
Dagbok 2018: 25.mai
Fann denne novemberkaktusen på rommet i kjellaren-i full blomst.
Klokka er 19.00, temperaturen ute er + 17 grader. Det har vore fint vêr og sol i heile dag, men ikkje så veldig varmt.
I dag har eg ikkje gjort det skapte grann verken ute eller inne, det er veldig uvant. Grunnen til at eg har vore så lat er rett og slett at eg må spare kneet mitt litt.
Eg skulle vere hos tannlegen klokka 11.00 i dag, og Solveig nabo ville køyre meg. Behandlinga av tanngarden tok mindre enn 5 minutt, og eg fekk beskjed om at eg kunne ha tennene mine til eg var 100 år. Resten av tida prata vi, tannlegen og eg.
gjekk å Strandgata og bort til kulturhuset, og rakk akkurat møtet som var klokka 12.00. Det var berre fire damer som møtte fram til styremøtet og vi hadde ikkje all verda å jobbe med, det meste var klart til møtet som vi skal ha komande onsdag.
Eg gjekk i lag med Eli bort der ho bur, ho baud til å køyre meg heim, men eg ville gå. Eg ville teste kva kneet toler. Eg gjekk i dei gode joggeskoa mine, same kor rosa dei er. Resultatet er at kneet er verken betre eller verre enn det brukar å vere. Klokka var ca. 14 då eg kom heim, og etter at eg hadde fått meg litt mat, la eg meg ut på altanen og høyrde lydbok, og der vart eg liggande resten av dagen, berre med små avbrekk, så eg har ikkje vore særleg aktiv. Det gode er at alle jobbane mine ligg der slik at eg kan ta dei att. Blei litt hekta på den boka eg les no.
I morgon kjem det eit par karar og skal male ei stund, om alt går etter planen, og så hentar Margrete meg, og vi fer i lag til poesifestivalen "Under linda" på Hareid- om det går som planlagt.
At huset skulle vore shina opp er ei anna sak-får ta det att når det skyar over. I kveld blir det vel TV og strikketøy, godt å ha NRK tilbake.
Ønsker alle ei fin helg. Håper at finevêret varer nokre dagar til.
torsdag, mai 24, 2018
Dagbok 2018: 24.mai
I går kveld la eg meg litt føt klokka 1.00 og låg og las ei stund. Eg kjende meg ikkje trøytt og fekk ikkje til å sove. Då begynte eg å lure på om eg hadde tatt sovetablett-sikker var eg ikkje, så eg tok ein(til)og sov til nærmare halv ti i dag. Føremiddagen vart heller kort. Men eg fekk sendt ein omtale av pensjonistmøtet til avisa, ordna opp med noko betaling på nettet etc. før eg gjekk ut og gjorde litt hagearbeid. Rydda litt i bedet nedanfor garasjen, men har ikkje så veldig lyst å ha opp att nettingen til blomkarsen. Kunne tenkt meg å ha der noko anna, men det er vanskeleg å finne noko som høver der. Det er ein tørr plass.
Var ikkje så veldig ivrig i dag, må passe på å ikkje overanstrenge foten.
Etter at eg hadde ete noko som likna på middag, la eg meg ut på altanen med lydboka ei stund.
Seinare var eg ute i hagen igjen; drog fram dei gamle hagemøblane, spyla og vaska dei. Dessutan vatna eg det meste av tomta og alle beda, sidan eg hadde høyrt i radioen at det skal halde fram med tørt og fint vêr. Det er dårleg grasvekst og ikkje særleg fine plenar, men eg kan ikkje gjødsle før det kjem regn.
"Viss du skal drive dette godset vidare, må du kjøpe ei ny kompostkvern", sa Nils i fjor. Men eg mol opp så mykje kvister og greiner i fjor at eg trur ikkje det blir så mykje rusk i år. Stort sett puttar eg hageavfallet i sekker, så får vi ha det bort på VØR når eg har disponibel bil. Det er gratis å levere hageavfall.
Elles er eg glad for at NRK er oppe og står igjen, så eg får med meg litt meir av det som skjer i verda.
onsdag, mai 23, 2018
Dagbok 2018: 23.mai.
Klokka er ca..19.00, temperaturen er + 20 grader C, og vêret har vore heilt strålande i heile dag.
Så snart er var ferdig med morgonstellet, gjekk eg ut og begynte å klippe plen. Begynte opp mot vegen, men eg skulle nok ha venta litt, for det såg ut som om eg hadde klipt bio-enda eg ikkje hadde gjort det. Fordelen med at det er såpass tørt er at det blir nokså lite gras, men desto meir mose fordi ein ikkje kan gjødsle. Det er ein heilvitskap med desse plenane. I dag er det viss klippedag over heile fjøla, synest det surrar overalt.
Tok ei pause midt på dagen, åt middagsrestar frå i går og vart nesten litt for mett. La meg på solsenga med lydbok ei stund
Marit og eg var ein tur fram på gravplassen for å vatne. Blomsten som eg har sett fram såg bedrøveleg ut, og heile grava er berre mold og steinklumpar. Der er ingen ting å hjelpe seg med der framme, berre vatnekanner. Skulle hatt ei skikkelig jernrive og pynta der litt. Eg synest der kunne vore eit reiskapshus der ein kunne ha tilgang til litt verktøy, slik det er på Eid. Men dei hadde no klipt heile området, så der såg bra ut. Eg håper eg kan få med meg einkvan i familien så vi får stelt der til litt.
Etter at eg kom heim klipte eg bio non stop i heile skråninga, så no held det ei veke eller vel så det.
No er vi snart ferdige med mai også-tida går fort på denne tida av året.
Fredag er det tannlege klokka 11, og styremøte klokka 12.
tirsdag, mai 22, 2018
Dagbok 2018: 22.mai
Klokka er 20.00, temperaturen er + 14 grader C. I dag har det vore overskya og ikkje så fint som det har vore no ei stund. Men det har ikkje regna. Det er no bra med tanke på maling av hus. Einar kom kl.14.00 og måla nesten heile garasjen. Det som står att er øvste delen i begge endar. Når vi startar med garasjen er det fordi det kjem til å vekse opp blomkase ved sørveggen, anten eg vil eller ikkje, den har sådd seg sjølv i årevis. Så snart målinga har tørka godt, må eg lage til bedet.
Fargen vi målar med denne gongen heiter "Mørk rubin" -eg tok den ut frå eit bilde og Øystein sjekka- og kjøpte målinga. Eg er veldig nøgd, så langt. Ville ha ein litt mørkare farge enn før, for måling har ein tendens til å falme litt etter kvart.
Før Einar kom baka eg brød og stelte i hagen. Dessverre er eg ikkje i storform, så eg må begrense meg litt når det gjeld hagestellet. Det er kneet som plagar meg. Det er ikkje så gale, men eg torer ikkje å legge ut på lange gå - turar.
I dag laga eg middag til Einar og meg, prøver å bruke av matlageret mitt, men det er eitt og anna eg manglar. Einar baud til å køyre meg på butikken, men eg var ikkje klar for å handle i dag.
Elles har eg strikka litt og lese i lydboka mi. Held på med siste kapittelet no.
Øyvind har klatra høgt opp for å demontere den høge hengebjørka
Eg får ikkje til å skrive noko under bildet av boka. Det blir berre rot. Solveig har skrive om boka før, og eg vil berre legge til at eg synest boka var tankevekkane og god. Opplesaren var veldig god. Anbefalt.
mandag, mai 21, 2018
Dagbok 2018: 21.mai
Klokka er snart 18.30, og enda ein dag går over i historia. Tida går så altfor fort. Det har vore nydeleg varmt vêr og sol i dag, men akkurat no kom det litt skyer. Ei lita regnbyge hadde gjort seg, for no er det veldig tørt ute. Eg har vatna litt både her og der, men det må nok meir væte til om alt skal vekse -t.d. graset. Akkurat no er det + 22 grader på trappa.
Eg hadde gledd meg til å vere mykje ute i dag, men først måtte eg strikke ferdig siste knappestolpen på jakka, slik at Audun kunne få den med ut til Solveig, som er montør. Eg var ferdig i 11 tida eller vel det. Så hadde eg eit ærend ned i kjellaren - og kva ser eg der ? Fryseskapdøra litt på gløtt og fyseskapet fullt av is! Det er ikkje så lenge sidan det same skjedde - og eg hadde ikkje tenkt å avise skapet før det hadde gått ei år eller så. Men eg hadde ikkje noko val, det var berre å starte opp att med varmevatn, vifteomn, hårføner og kniv m.m. Men det gjekk relativt fort og greitt. No har eg teipa døra att med gaffateip, det er ein metode eg har brukt på kjøleskapet i kjellaren før. Saka er at alle frysarane mine er fulle- så her må det etast unna!
Eg venta Audun i 14-15 tida og han kom og vi drakk kaffi i lag. Heldigvis hadde eg tinte kaker! Ha! Ha! Han skal reise tilbake til Oslo i kveld med nattbussen.
Etter at han hadde reist ut att til Hareid, måtte eg mosjonere litt. Så no har eg tatt opp kvar ei einaste løvetannrot på heile tomta-dvs. alle eg fann. I fjor tok eg løvetannen før eg begynte å klippe plen, det var i grunnen veldig lurt.
Det er i grunnen altfor fint ute til å vere inne, så eg skulle kanskje hatt eit "spøt"- blir vel lestestrikk igjen no?
Eller skulle eg heller lese litt i lydboka som eg har halde på med uendelig lenge. Eller kanskje eg skulle lage meg litt saltmat ? Eg kan bestemme sjølv....Forresten-eg må finne ut korleis eg skal få ladde batteriet til drillen. Det må eg gjere først.
NB: Når eg ikkje går tur etc. er det fordi kneet ikkje er heilt i form. Fekk eit lite tilbakefall. Dessverre.
søndag, mai 20, 2018
Dagbok 2018: 20.mai
Klokka er 19.00, temperaturen er + 20 grader, men det er skya. Og så blæs det, deilig varm vind. Og så sit eg inne. Ja, eg veit det er dumt, men eg er litt redd for kneet mitt, vil gjerne bli heilt bra igjen.
Men eg kan no ta nokre rundar rundt huset.
I dag har eg ikkje snakka med eit menneske, og sette nettopp på TV-en. Radioen spelar berre musikk. Ingen nyhende på "Alltid nyheter". Eg har sjølv valt å vere åleine heime i dag, så det er ikkje synd i meg.
På føremiddagen rydda eg litt på kjøkkenet og vaska rundt på fliser og benkar-eit par skuffer vart også rydda. Eg har mange ryddeoppgåver så eg har så mykje å gjere som eg vil ha. Elles har eg strikka ferdig eine knappestopen på jakka mi, og begynt på den andre. Då rota eg det til så eg fekk litt problem, men er på rett veg no, trur eg. Eg har hatt litt problem med den jakka, så anten er oppgåva litt for vanskeleg for meg, eller så er det berre det at eg er blitt litt gammal. Mens eg strikkar høyrer eg lydbok, så konsentrasjonen er vel heller ikkje så god verken på spøtet eller boka.
I dag steikte eg karbonadar til middag, og blei så mett at eg måtte kvile litt i stolen.
Eg meiner eg fann rette ladaren til drillen som Margrete kom med, det er i alle fall samme namnet som står på begge deler, men eg får ikkje til å feste den.
Audun kjem innover ein tur i morgon før han skal reise tilbake til Oslo, det er godt eg har mange gutar som kan hjelpe meg - det er ikkje ALT eg kan. Dagane går fort uansett om eg har besøk eller ikkje- og eg kjeder meg ALDRI.
Bildet er tatt klokka 21.00
lørdag, mai 19, 2018
Dagbok 2018: 19.mai.
Klokka er 20.15, temperaturen + 23 grader C (sola kan ha vore borti gradestokken)og sola skin ute. Epletreet blomstrar som aldri før, men synest blomstrane er så kvite; skal dei ikkje vere meir rosa?
Syrinen som vi planta for nokre få år sidan held på å sprette ut. Det er kjekt å sjå på alt som spirer, gror og blomstrar. Dessverre er det ikkje alle plantane som har tolt vinteren like godt.
Sist natt sov eg godt og lenge for første gong på legge. Var ikkje god i foten då eg stod opp, men ikkje så gale som i går. Eg har tatt det veldig med ro i dag for å prøve å bli bra igjen. Trur det skal funke.
Eg hadde berre ei bord att på jakka så eg sette meg til å strikke rett etter frokost, men klokka var nesten 14 dør eg var ferdig. Ting tek tid. No skal eg strikke knappestolpar, og så skal Solveig få overta monteringa.
Margrete og Amanda kom oppom ei stund og vi drakk kaffi og åt is. Margrete fekk med seg papira som ho skal levere i tingretten. Det kan vere greitt å få orden på finansane t.d.
Hadde ein lang telefonsamtale med ei venninne som er blitt bestemor for første gong. Ho har vore i Oslo for å sjå barnebarnet.
Eg var ute i hagen og rydda og vatna litt før eg laga meg mat. Så såg eg frå prinse-bryllaupet ei stund på TV2. Håper det snart blir slutt på streiken, eg saknar NRK
Jakka blir heilt deformert om eg snur bildet.
fredag, mai 18, 2018
Dagbok 2018: 18.mai
Klokka er snart 18.00, temperaturen ute er + 16 grader C. Det har vore ein nydeleg dag, med sol og litt kald vind.
Då eg vakna i dag var eg så låk i kneet at det var med nød og neppe eg greidde å gå over golvet. Vart litt betre etter kvart, men heilt bra er eg framleis ikkje. Eg hadde tenkt å springe ned på Amfi og få klipt håret mitt, men det måtte eg berre slå frå meg. Eg trudde eg skulle vere like sprek denne sommaren som i fjor, men det ser ikkje ut som det blir slik.
Etter å ha tatt eit par telefonar og vore inn på data ei stund, greidde eg å støvsuge grundig på stova+ vaske kjøkken og bad.
Etterpå jobba eg ute i hagen ei stund. Eg sådde sukkerertene som eg kjøpte ; dei av eige avl hadde enno ikkje begynt å spire. No dekka eg dei nye ertene med kugjødselkompost og vatna dei, så håper eg på god avling. Eg tok også bedet oppe ved garasjen, rydda litt og hadde på kugjødselkompost, så no er sekken tom. Det ser ikkje bra ut i bedet. Der er fire rosebusker, men minst to er døde, trur eg. Det var lite snø i vinter, men desto meir is. Rhododendron-buska ser også halvdød ut. Det er liten vits i å pynte opp rundt dørene før vi har fått mala huset, då får eg heller investere i nye plantar.
Ruccola-salat sådde eg i ei potte.
Det gjekk bra med foten mens eg var ute i hagen, så det kan hende eg tek meg ei økt til ute. Har lege og lata meg på solsenga ei stund, men det vart litt kaldt no.
Eg er dagvill igjen, i dag har eg følt på at det er pinsaftan, men det er i morgon. Og då er det kongeleg bryllaup i England-det er visst TV2 som tek seg av det. Eg sette på DAB-radioen i dag, som vanleg, men der var det berre musikk på Nyhetskanalen, så eg veit ikkje kva som skjer for tida. Eg irriterer meg litt fordi eg er nøydd til å sjå TV2.
(Eg ser TV 2 somme gonger, men då vel eg det sjølv).
I dag er det ein mnd. sidan Nils døde. Merkeleg nok har tida gått fort, men det har vore mange hendingar sidan då. Eg er vant til å vere heime åleine, så akkurat det går bra. Men eg saknar Nils, sjølvsagt, slik han var då han var rimeleg bra. I fjor sommar var han pasient, men vi hadde det kjekt i lag likevel. Og så kunne han hjelpe meg med mange ting, ikkje fysisk, men med gode råd. No må eg finne ut av mykje sjølv. No skal eg ut i garasjen og sjå om eg finn slipemaskina. Må slipe altanrekkverket før vi kan male det.
Då eg vakna i dag var eg så låk i kneet at det var med nød og neppe eg greidde å gå over golvet. Vart litt betre etter kvart, men heilt bra er eg framleis ikkje. Eg hadde tenkt å springe ned på Amfi og få klipt håret mitt, men det måtte eg berre slå frå meg. Eg trudde eg skulle vere like sprek denne sommaren som i fjor, men det ser ikkje ut som det blir slik.
Etter å ha tatt eit par telefonar og vore inn på data ei stund, greidde eg å støvsuge grundig på stova+ vaske kjøkken og bad.
Etterpå jobba eg ute i hagen ei stund. Eg sådde sukkerertene som eg kjøpte ; dei av eige avl hadde enno ikkje begynt å spire. No dekka eg dei nye ertene med kugjødselkompost og vatna dei, så håper eg på god avling. Eg tok også bedet oppe ved garasjen, rydda litt og hadde på kugjødselkompost, så no er sekken tom. Det ser ikkje bra ut i bedet. Der er fire rosebusker, men minst to er døde, trur eg. Det var lite snø i vinter, men desto meir is. Rhododendron-buska ser også halvdød ut. Det er liten vits i å pynte opp rundt dørene før vi har fått mala huset, då får eg heller investere i nye plantar.
Ruccola-salat sådde eg i ei potte.
Det gjekk bra med foten mens eg var ute i hagen, så det kan hende eg tek meg ei økt til ute. Har lege og lata meg på solsenga ei stund, men det vart litt kaldt no.
Eg er dagvill igjen, i dag har eg følt på at det er pinsaftan, men det er i morgon. Og då er det kongeleg bryllaup i England-det er visst TV2 som tek seg av det. Eg sette på DAB-radioen i dag, som vanleg, men der var det berre musikk på Nyhetskanalen, så eg veit ikkje kva som skjer for tida. Eg irriterer meg litt fordi eg er nøydd til å sjå TV2.
(Eg ser TV 2 somme gonger, men då vel eg det sjølv).
I dag er det ein mnd. sidan Nils døde. Merkeleg nok har tida gått fort, men det har vore mange hendingar sidan då. Eg er vant til å vere heime åleine, så akkurat det går bra. Men eg saknar Nils, sjølvsagt, slik han var då han var rimeleg bra. I fjor sommar var han pasient, men vi hadde det kjekt i lag likevel. Og så kunne han hjelpe meg med mange ting, ikkje fysisk, men med gode råd. No må eg finne ut av mykje sjølv. No skal eg ut i garasjen og sjå om eg finn slipemaskina. Må slipe altanrekkverket før vi kan male det.
torsdag, mai 17, 2018
Dagbok 2018: 17.mai
Klokka er no 20.50, temperaturen er +9 grader C. Det har vore fint vêr i heile dag, men kald vind. No har ikkje vêret så mykje å seie for meg ein slik dag, for eg har ikkje vore ute. Før middag sat eg og strikka framfor TV-en, og litt etter klokka 15 kom Birte og Håkon og henta meg , og så reiste vi til Hareid. Det var nesten to år sidan eg hadde vore der så det var mykje nytt å sjå, blant anna det flotte nye kjøkkenet. Solveig hadde laga nydeleg kjøttsuppe og fleire sortar dessert. Både Einar og Audun var heime, berre Olaug mangla. Det vart ein fin dag på alle måtar. Og eg vart køyrt til døra heime, i god tid før eg skulle ta inn flagget.
Desse to frøposane kjøpte eg i går, og steila då dei skulle ha 109 kr for dei. Då forstod eg at det er ei stund sidan eg har kjøpt frø, ja.
onsdag, mai 16, 2018
Dagbok 2018: 16 mai
Dette bildet er frå i fjor sommar. Då var Nils heime og fekk kose seg i lag med barnebarna. Eivind er lengst til høgre på bildet.
I dag fyller storebror 16 år og eg gratulerer ! Bildet er frå i fjor sommar, om eg ikkje tek feil. Å ha bursdag dagen før dagen er kanskje ikkje like kjekt alltid, men etter kvart som ein blir eldre er det OK. Trur eg. Eivind er ein kjekk gut, som er flink til å ta seg av brørne sine. Til hausten skal han begynne på vidaregåande.
Klokka har passert 19.30, temperaturen er ca. 12 grader , og det er litt kald vind. Meir typisk maivêr enn det vi har hatt før i veke. I dag tidleg var det skodde og litt regn.
Eg sat og strikka litt før Marit og er skulle stad å handle klokka 11.00. Eg har no fått orden på strikketøyet mitt. Då eg la mønsteret på kjøkkenbordet under lysrøret der, såg eg ei felling som eg ikkje hadde oppdaga før. Då gjekk kabalen opp, så no må eg passe på som ein smed at eg ikkje gjer fleire feil.
Marit og eg skulle kjøpe blomster m.a. og var både på torget vel Gjenbruk, på Tilseth og på Plantasjen. Eg kjøpte ein blomst til å ha på grava, og ein orkide til å ha heime blant anna.Eg har sådd sukkererter av eige avl, men det har ikkje kome opp noko enno, så eg tenkte eg ville spe på med ein pose kjøpeerter, og så kjøpe eg ein pose med frø til ruccola-salat. Fekk litt hakeslepp då ho skulle ha 109 kr for dei to posane. Det er ikkje ofte eg kjøper frø, så der hadde eg ikkje peiling.
Mat handla vi på Coop i Furene og på Spar. Eg hadde som prosjekt å ete tom frysaren, men no har eg fylt på meir. Eg reknar med at eg må ha litt av kvart i huset når målarane kjem.
Då eg kom heim frå handleturen var eg veldig svolten og varma litt av middagen frå i går; då var der så lite att at eg tok meg saman og åt resten også. Eg vart stappmett. Eg er ikkje så vant til å ete middagsmat og i alle fall ikkje i slike mengder, så eg vart heilt utslått. Eg fann ut at eg måtte ut og mosjonere så eg gjekk fram på gravplassen. Hadde med ein plantespade for Marit sa at der var ikkje anna utstyr der framme enn vatn og vatnekanne. Og det stemte. Eg fekk med litt møye og besvær grave ei hole tol den rosa margeritten, jorda var tung , full av sand og stein. Trur eg må ha med meg reiskapar å få pynta der litt. Såg nokre som hadde laga eit lite område omkransa med steinar og pynta inni. Har ikkje hatt på verken radio eller TV enno i dag, så kva som skjer i verda aner eg ikkje. Veit ikkje eingong om det framleis er streik, så no må eg sett på så eg blir orientert. Ønsker alle ein fin 17. mai.
tirsdag, mai 15, 2018
Dagbok 2018: 15.mai
Klokka er 20.40. Temperaturmålaren står på + 21 grader C, men eg mistenker at sola har vore borti den. Det var litt skodde på morgonen, men sola kom fort fram. Eg har ikkje vore så produktiv i dag som i går. Hadde litt vondt i kneet -og då er eg forsiktig! Utpå dag vart eg stiv i nakken, noko som truleg kjem av fleire timar "strikk og ta opp att" i går kveld. Eg har aldri vore ute for det før at eg ikkje greier å strikke etter eit mønster, han strikka mykje som var vanskelegare enn det eg held på med no. No legg eg kofta død til eg får assistanse av Solveig.
I dag skulle Einar komme innover, så eg laga nesten ferdig middagen før han kom. Elles strauk eg litt klede etc. på føremiddagen
Einar og eg kosa oss med kjøtkaker, kjøt og brun saus, sjølv om kokka ikkje viste seg frå si beste side. Vi drakk kaffi og åt is. Vi tok ei runde og såg på huset, som skal målast, og på garasjen som skal ryddast. Dessutan fekk eg Einar til å skrue fast flagghaldaren. Eg fekk ikkje heise flagget for naboen som fyller år i dag, men er klar for 17.mai.
Etter at Einar hadde fare tok eg ei lita økt i hagen, raka litt biogras og tok opp nokre løvetannrøter.Når eg ikkje held på så lenge om gongen er det fordi eg blir så fort låk i ryggen når eg skal bøye meg. Eg er ingen ungdom lenger, men greier meg stort sett bra. Det vart ei lita stund på solsenga også, før sola vart borte.
I morgon skal Marit og eg bort i Furene og handle. Det blir truleg ein tur på Plantasjen, og ein tur innom Coop. Kva vi elles finn på er ikkje godt å vite. Eg må lage meg ei liste.
I morgon er det Eivind sin tur å ha bursdag, dagen før dagen. Han blir 16 år. Wenche,Vebjørn og Eivind har bursdag med 14 dagars mellomrom. 25.april, 2.mai, 16.mai. I år har alle bursdag på ein onsdag, likeins, Olaug. Margrete og eg. Nils sin fødselsdag var også den samme vekedagen som min. Alltid. Neste år blir det torsdags- fødselsdagar.
I dag skulle Einar komme innover, så eg laga nesten ferdig middagen før han kom. Elles strauk eg litt klede etc. på føremiddagen
Einar og eg kosa oss med kjøtkaker, kjøt og brun saus, sjølv om kokka ikkje viste seg frå si beste side. Vi drakk kaffi og åt is. Vi tok ei runde og såg på huset, som skal målast, og på garasjen som skal ryddast. Dessutan fekk eg Einar til å skrue fast flagghaldaren. Eg fekk ikkje heise flagget for naboen som fyller år i dag, men er klar for 17.mai.
Etter at Einar hadde fare tok eg ei lita økt i hagen, raka litt biogras og tok opp nokre løvetannrøter.Når eg ikkje held på så lenge om gongen er det fordi eg blir så fort låk i ryggen når eg skal bøye meg. Eg er ingen ungdom lenger, men greier meg stort sett bra. Det vart ei lita stund på solsenga også, før sola vart borte.
I morgon skal Marit og eg bort i Furene og handle. Det blir truleg ein tur på Plantasjen, og ein tur innom Coop. Kva vi elles finn på er ikkje godt å vite. Eg må lage meg ei liste.
I morgon er det Eivind sin tur å ha bursdag, dagen før dagen. Han blir 16 år. Wenche,Vebjørn og Eivind har bursdag med 14 dagars mellomrom. 25.april, 2.mai, 16.mai. I år har alle bursdag på ein onsdag, likeins, Olaug. Margrete og eg. Nils sin fødselsdag var også den samme vekedagen som min. Alltid. Neste år blir det torsdags- fødselsdagar.
mandag, mai 14, 2018
Dagbok 2018: 14.mai
Klokka er no16.40, temperaturen er + 17 grader. Det har vore overskya i dag, men no er sola framme aldri så lite. I vest ser eg skodda.
Dette har vore ein til dels lang arbeidsdag for ein gammal pensjonist. Eg vakna så grytidleg at eg måtte tvinge meg sjølv til ikkje å stå opp før det hadde gått ei stund. Etter frokost tok eg for meg ei heil skuffe med papir, som eg gjekk gjennom. Det var litt av ein jobb, men eg trur eg fekk tatt vare på det eg skulle. Sidan eg var i siget rydda eg eit par skuffer til. Og så la eg i hop klede som vart vaska i går. Det er alltid noko å gjere, og godt er det.
Vi har alltid brukt å slå plenane to gonger før 17.mai, og i dag var det høveleg vêr og føreforhold .Eg klipte først bio i skråninga og så brukte eg oppsamlar på resten. Må nok ut før eller seinare å klippe kantar, men det blir ikkje i dag.
Eg hadde ikkje lyst på middag då eg kom inn att, så det vart bollar og kaffi-til lunsj, så blir det kanskje middag seinare-eller kanskje ikkje. Har kokte poteter att frå i går.
Eg måtte ha ein pause i godstolen før eg gjorde noko meir, men no har eg vore ute og sett poteter. I fjor grov eg ned ei potet i bringebæråkeren, og fekk 30 att. No spadde eg opp på begge sider av bringebæra og planta poteter der. Det er ikkje farleg om ikkje avlinga blir så stor. Så hadde eg akkurat nok poteter til å sette i hola til dei kasserte jordbærplantane. Skulle ha tatt opp meir løvetann, i fjor gjorde eg det før eg klipte første gongen, men ryggen min vil ikkje meir i dag- og det må eg rette meg etter.
Då eg skulle hente posten i dag, fann eg laurdagsavisa, eg har vore heilt dag- og døgnvill i det siste. I morgon kjem kanskje Einar ein tur, og onsdag skal Marit og eg på handel, om alt går etter planen.
Det er kanskje litt tidleg å sette seg til med strikketøyet, men kanskje er det lurt å konsentrere seg om maskene no når eg held på med mønsterborden. Håper eg slepp å rekke opp fleire gonger. Tone hadde sydd ei fin veske til meg, den skulle eg ha stikketøyet i, sa ho, og no har eg det.
søndag, mai 13, 2018
Dagbok 2018: 13.mai
Klokka er 18.50, temperaturen er no +21 grader C, tidlegare i dag var det varmare,ca 25 gradr. Det har vore klårt og stålande sol heile dagen
Gjestane mine reiste før klokka 10.00 og kom heim til Solund utpå ettermiddagen. Det var kjekt at dei tok denne turen også, for då dei var her i gravferda vart det ikkje så mykje vi fekk snakke med dei.
Etter at gjestane hadde reist, rydda eg opp i huset, sette på klesvask og oppvask etc. Fint vêr å tørke klede ute i dag, så no har eg fått stroke det meste og fått det på plass. Ikkje det at det hasta, men det høvde slik i dag.
Elles har eg slappa veldig mykje av i dag, har lege på solsenga medlydbok, og sove for det meste. Det gjorde sikkert godt, for det har vore så som så med søvnen i seinare tid.
I dag kokte eg mandelpoteter til middag og åt dei med spekeskinke til. Det resulterte i mykje brusdrikking på ettermiddagen. Kakene frå i går skal få stå i frysaren til her er fleire å dele på, eg har fått nok for ei stund.
No hadde eg eigentleg tenkt å strikke litt utover kvelden, men eg har vore litt uheldig i påføring av solkrem, mykje hamna i augene og på brillene. Det kan vere at eg tek ein tur og ser på skogryddinga i staden.
Gjestane mine reiste før klokka 10.00 og kom heim til Solund utpå ettermiddagen. Det var kjekt at dei tok denne turen også, for då dei var her i gravferda vart det ikkje så mykje vi fekk snakke med dei.
Etter at gjestane hadde reist, rydda eg opp i huset, sette på klesvask og oppvask etc. Fint vêr å tørke klede ute i dag, så no har eg fått stroke det meste og fått det på plass. Ikkje det at det hasta, men det høvde slik i dag.
Elles har eg slappa veldig mykje av i dag, har lege på solsenga medlydbok, og sove for det meste. Det gjorde sikkert godt, for det har vore så som så med søvnen i seinare tid.
I dag kokte eg mandelpoteter til middag og åt dei med spekeskinke til. Det resulterte i mykje brusdrikking på ettermiddagen. Kakene frå i går skal få stå i frysaren til her er fleire å dele på, eg har fått nok for ei stund.
No hadde eg eigentleg tenkt å strikke litt utover kvelden, men eg har vore litt uheldig i påføring av solkrem, mykje hamna i augene og på brillene. Det kan vere at eg tek ein tur og ser på skogryddinga i staden.
Eg gjekk ut til ytste brua, og tok bilda på heimvegen. Det er uante mengder med grantre som har gått med, og dei idylliske stadane rett" ova i garden" har gått tapt. Men på den andre sida lysnar det i skogen.
Her er eg på bru nr. 2, der vi gjekk opp til Åsmundmarka.
Starevegen i kveldsol. Under: Finaste skråninga mot vegen
Dagbok 2018: 12.mai
Klokka er blitt 1.10, temperaturen er + 6 grader. Det har vore ein fin dag med sol og bra temperatur.
Dagen i dag har vore spesiell, sidan eg har vore i konfirmasjon til yngste guten til Margrete. Rett etter frokost la eg siste hand på verket -dvs. kakene eg hadde laga. Som vanleg var eg redd for at det skulle bli for lite kaker, og som vanleg hadde eg mykje med meg heim att. No står dei i frysaren igjen.......
Seremonien på kulturhuset var fin, Erlend hadde sjølv valt å konfirmere seg borgarleg,
Vi tok 15.00 ferja til Folkestad og kom i god tid til selskapet på grendahuset på Straumshamn. Margrete og Lars hadde bede slektningane sine og i tillegg var der venner til Erlend og diverse naboar. Trur vi var ein plass mellom 50og 60 gjestar. Margrete heldt tale, Amanda song og Lars og gutane spelte. Allsongen gjekk det heller litt trott med. Det var en fin dag.
Då vi kom heim att her var det MGP, den verste ever etter min smak, men det kan hende både eg og smaken min er ute på dato.
Gjestane mine skal reise i morgon etter frokost. Det har vore kjekt å ha slekta til Nils på besøk. Mine eigene nære slektningar er så nær at dei kan eg nå tak i når eg vil.
Konfirmanten og bestemødrene
Konfirmanten med søstrene , mor og far. Broren rakk ikkje heim til feiringa.
Mor og son.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
Dagbok 2024: 23.desember: GOD JUL
Klokka er no 18.20, temperatur-målaren står på 0, det er opplett-og på markane ligg det litt snø. Eg håper i mitt stille sinn at det ikkje...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no16.42, temperaturen ute er +24 grader, Det har vore ein fin dag, og den vart finare etter kvart. Bildet over tok eg på føremidda...
-
Klokka er no17.14, temperaturen ute er + 16 grader,det er mest overskya men opplett og fint ver å gå tur i. Eg kom nettopp att frå ein tur p...