fredag, mai 18, 2018

Dagbok 2018: 18.mai

Klokka er snart 18.00, temperaturen ute er + 16 grader C. Det har vore ein nydeleg dag, med sol og litt kald vind.
Då eg vakna i dag var eg så låk i kneet at det var med nød og neppe eg greidde å gå over golvet. Vart litt betre etter kvart, men heilt bra er eg framleis ikkje. Eg hadde tenkt å springe ned på Amfi og få klipt håret mitt, men det måtte eg berre slå frå meg. Eg trudde eg skulle vere like sprek denne sommaren som i fjor, men det ser ikkje ut som det blir slik.
Etter å ha tatt eit par telefonar og vore inn på data ei stund, greidde eg å støvsuge grundig på stova+ vaske kjøkken og bad.
Etterpå jobba eg ute i hagen ei stund. Eg sådde sukkerertene som eg kjøpte ; dei av eige avl hadde enno ikkje begynt å spire. No dekka eg dei nye ertene med kugjødselkompost og vatna dei, så håper eg på god avling. Eg tok også bedet oppe ved garasjen, rydda litt og hadde på kugjødselkompost, så no er sekken tom. Det ser ikkje bra ut i bedet. Der er fire rosebusker, men minst to er døde, trur eg. Det var lite snø i vinter, men desto meir is. Rhododendron-buska ser også halvdød ut. Det er liten vits i å pynte opp rundt dørene før vi har fått mala huset, då får eg heller investere i nye plantar.
Ruccola-salat sådde eg i ei potte.
Det gjekk bra med foten mens eg var ute i hagen, så det kan hende eg tek meg ei økt til ute. Har lege og lata meg på solsenga ei stund, men det vart litt kaldt no.
Eg er dagvill igjen, i dag har eg følt på at det er pinsaftan, men det er i morgon. Og då er det kongeleg bryllaup i England-det er visst TV2 som tek seg av det. Eg sette på DAB-radioen i dag, som vanleg, men der var det berre musikk på Nyhetskanalen, så eg veit ikkje kva som skjer for tida. Eg irriterer meg litt fordi eg er nøydd til å sjå TV2.
(Eg ser TV 2 somme gonger, men då vel eg det sjølv).
I dag er det ein mnd. sidan Nils døde. Merkeleg nok har tida gått fort, men det har vore mange hendingar sidan då. Eg er vant til å vere heime åleine, så akkurat det går bra. Men eg saknar Nils, sjølvsagt, slik han var då han var rimeleg bra. I fjor sommar var han pasient, men vi hadde det kjekt i lag likevel. Og så kunne han hjelpe meg med mange ting, ikkje fysisk, men med gode råd. No må eg finne ut av mykje sjølv. No skal eg ut i garasjen og sjå om eg finn slipemaskina. Må slipe altanrekkverket før vi kan male det.

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...