lørdag, mai 19, 2018

Dagbok 2018: 19.mai.


Klokka er 20.15, temperaturen + 23  grader C (sola kan ha vore borti gradestokken)og sola skin ute. Epletreet blomstrar som aldri før, men synest blomstrane er så kvite; skal dei ikkje vere meir rosa?
Syrinen som vi planta for nokre få år sidan held på å sprette ut. Det er kjekt å sjå på alt som spirer, gror og blomstrar. Dessverre er det ikkje alle plantane som har tolt vinteren like godt.
Sist natt sov eg godt og lenge for første gong på legge. Var ikkje god i foten då eg stod opp, men ikkje så gale som i går. Eg har tatt det veldig med ro i dag for å prøve å bli bra igjen. Trur det skal funke.
Eg hadde berre ei bord att på jakka så eg sette meg til å strikke rett etter frokost, men klokka var nesten 14 dør eg var ferdig. Ting tek tid. No skal eg strikke knappestolpar, og så skal Solveig få  overta monteringa. 
Margrete og Amanda kom oppom ei stund og vi drakk kaffi og åt is. Margrete fekk med seg papira som ho skal levere i tingretten. Det kan vere greitt å få orden på finansane t.d.
Hadde ein lang telefonsamtale med ei venninne som er blitt bestemor for første gong. Ho har vore i Oslo for å sjå barnebarnet.
Eg var ute i hagen og rydda og vatna litt før eg laga meg mat. Så såg eg frå prinse-bryllaupet ei stund på TV2. Håper det snart blir slutt på streiken, eg saknar NRK



Jakka blir heilt deformert om eg snur bildet.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...