søndag, mai 20, 2018

Dagbok 2018: 20.mai


Klokka er 19.00, temperaturen er + 20 grader, men det er skya. Og så blæs det, deilig varm vind. Og så sit eg inne. Ja, eg veit det er dumt, men eg er litt redd for kneet mitt, vil gjerne bli heilt bra igjen.
Men eg kan no ta nokre rundar rundt huset.
I dag har eg ikkje snakka med eit menneske, og sette nettopp på TV-en. Radioen spelar berre musikk. Ingen nyhende på "Alltid nyheter". Eg har sjølv valt å vere åleine heime i dag, så det er ikkje synd i meg.
På føremiddagen rydda eg litt på kjøkkenet og vaska rundt på fliser og benkar-eit par skuffer vart også rydda. Eg har mange ryddeoppgåver så eg har så mykje å gjere som eg vil ha. Elles har eg strikka ferdig eine knappestopen på jakka mi, og begynt på den andre. Då rota eg det til så eg fekk litt problem, men er på rett veg no, trur eg. Eg har hatt litt problem med den jakka, så anten er oppgåva litt for vanskeleg for meg, eller så er det berre det at eg er blitt litt gammal. Mens eg strikkar høyrer eg lydbok, så konsentrasjonen er vel heller ikkje så god verken på spøtet eller boka.
I dag steikte eg karbonadar til middag, og blei så mett at eg måtte kvile litt i stolen.
Eg meiner eg fann rette ladaren til drillen som Margrete kom med, det er i alle fall samme namnet som står på begge deler, men eg får ikkje til å feste den.
Audun kjem innover ein tur i morgon før han skal reise tilbake til Oslo, det er godt eg har mange gutar som kan hjelpe meg - det er ikkje ALT eg kan. Dagane går fort uansett om eg har besøk eller ikkje- og eg kjeder meg ALDRI.
Bildet er tatt klokka 21.00

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...