fredag, mai 25, 2018

Dagbok 2018: 25.mai

Fann denne novemberkaktusen på rommet i kjellaren-i full blomst.


Klokka er 19.00, temperaturen ute er + 17 grader. Det har vore fint vêr og sol i heile dag, men ikkje så veldig varmt.
I dag har eg ikkje gjort det skapte grann verken ute eller inne, det er veldig uvant. Grunnen til at eg har vore så lat er rett og slett at eg må spare kneet mitt litt. 
Eg skulle vere hos tannlegen klokka 11.00 i dag, og Solveig nabo ville køyre meg. Behandlinga av tanngarden tok mindre enn 5 minutt, og eg fekk beskjed om at eg kunne ha tennene mine til eg var 100 år. Resten av tida prata vi, tannlegen og eg.
gjekk å Strandgata og bort til kulturhuset, og rakk akkurat møtet som var klokka 12.00. Det var berre fire damer som møtte fram til styremøtet og vi hadde ikkje all verda å jobbe med, det meste var klart til møtet som vi skal ha komande onsdag.
Eg gjekk i lag med Eli bort der ho bur, ho baud til å køyre meg heim, men eg ville gå. Eg ville teste kva kneet toler. Eg gjekk i dei gode joggeskoa mine, same kor rosa dei er. Resultatet er at kneet er verken betre eller verre enn det brukar å vere. Klokka var ca. 14 då eg kom heim, og etter at eg hadde fått meg litt mat, la eg meg ut på altanen og høyrde lydbok, og der vart eg liggande resten av dagen, berre med små avbrekk, så eg har ikkje vore særleg aktiv. Det gode er at alle jobbane mine ligg der slik at eg kan ta dei att. Blei litt hekta på den boka eg les no.
I morgon kjem det eit par karar og skal male ei stund, om alt går etter planen, og så hentar Margrete meg, og vi fer i lag til poesifestivalen "Under linda" på Hareid- om det går som planlagt. 
At huset skulle vore shina opp er ei anna sak-får ta det att når det skyar over. I kveld blir det vel TV og strikketøy, godt å ha NRK tilbake.
Ønsker alle ei fin helg. Håper at finevêret varer nokre dagar til.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...