torsdag, mai 24, 2018

Dagbok 2018: 24.mai



Klokka er 18.15, temperaturen er + 17  grader C. Det har vore ein strålande dag med sol frå morgon til kveld, men ikkje så veldig varmt.
I går kveld la eg meg litt føt klokka 1.00 og låg og las ei stund. Eg kjende meg ikkje trøytt og fekk ikkje til å sove. Då begynte eg å lure på om eg hadde tatt sovetablett-sikker var eg ikkje, så eg tok ein(til)og sov til nærmare halv ti i dag. Føremiddagen vart heller kort. Men eg fekk sendt ein omtale av pensjonistmøtet til avisa, ordna opp med noko betaling på nettet etc. før eg gjekk ut og gjorde litt hagearbeid. Rydda litt i bedet nedanfor garasjen, men har ikkje så veldig lyst å ha opp att  nettingen til blomkarsen. Kunne tenkt meg å ha der noko anna, men det er vanskeleg å finne noko som høver der. Det er ein tørr plass.
Var ikkje så veldig ivrig i dag, må passe på å ikkje overanstrenge foten. 
Etter at eg hadde ete noko som likna på middag, la eg meg ut på altanen med lydboka ei stund. 
Seinare var eg ute i hagen igjen; drog fram dei gamle hagemøblane, spyla og vaska dei. Dessutan vatna eg det meste av tomta og alle beda, sidan eg hadde høyrt i radioen at det skal halde fram med tørt og fint vêr. Det er dårleg grasvekst og ikkje særleg fine plenar, men eg kan ikkje gjødsle før det kjem regn.
"Viss du skal drive dette godset vidare, må du kjøpe ei ny kompostkvern", sa Nils i fjor. Men eg mol opp så mykje kvister og greiner i fjor at eg trur ikkje det blir så mykje rusk i år. Stort sett puttar eg hageavfallet i sekker, så får vi ha det bort på VØR når eg har disponibel bil. Det er gratis å levere hageavfall.
Elles er eg glad for at NRK er oppe og står igjen, så eg får med meg litt meir av det som skjer i verda.

1 kommentar:

solveig sa...

Og vi er glade for at journalisten får jobbe over neste helg...

Dagbok 2024: 27.mars

Klokka er no 17.45, temperaturen ute er+ 9 grader, men det er overskya i dag, så det er ikkje så fint som det var i går. Eg sov godt sist na...