tirsdag, mai 15, 2018

Dagbok 2018: 15.mai

Klokka er 20.40. Temperaturmålaren står på + 21 grader C, men eg mistenker at sola har vore borti den. Det var litt skodde på morgonen, men sola kom fort fram. Eg har ikkje vore så produktiv i dag som i går. Hadde litt vondt i kneet -og då er eg forsiktig! Utpå dag vart eg stiv i nakken, noko som truleg kjem av fleire timar "strikk og ta opp att" i går kveld. Eg har aldri vore ute for det før at eg ikkje greier å strikke etter eit mønster, han strikka mykje som var vanskelegare enn det eg held på med no. No legg eg kofta død til eg får assistanse av Solveig.
I dag skulle Einar komme innover, så eg laga nesten ferdig middagen før han kom. Elles strauk eg litt klede etc. på føremiddagen
Einar og eg kosa oss med kjøtkaker, kjøt og brun saus, sjølv om kokka ikkje viste seg frå si beste side. Vi drakk kaffi og åt is. Vi tok ei runde og såg på huset, som skal målast, og på garasjen som skal ryddast. Dessutan fekk eg Einar til å skrue fast flagghaldaren. Eg fekk ikkje heise flagget for naboen som fyller år i dag, men er klar for 17.mai.
Etter at Einar hadde fare tok eg ei lita økt i hagen, raka litt biogras og tok opp nokre løvetannrøter.Når eg ikkje held på så lenge om gongen er det fordi eg blir så fort låk i ryggen når eg skal bøye meg. Eg er ingen ungdom lenger, men greier meg stort sett bra. Det vart ei lita stund på solsenga også, før sola vart borte.
I morgon skal Marit og eg bort i Furene og handle. Det blir truleg ein tur på Plantasjen, og ein tur innom Coop. Kva vi elles finn på er ikkje godt å vite. Eg må lage meg ei liste.
I morgon er det Eivind sin tur å ha bursdag, dagen før dagen. Han blir 16 år. Wenche,Vebjørn og Eivind har bursdag med 14 dagars mellomrom. 25.april, 2.mai, 16.mai. I år har alle bursdag på ein onsdag, likeins, Olaug. Margrete og eg. Nils sin fødselsdag var også den samme vekedagen som min. Alltid. Neste år blir det torsdags- fødselsdagar.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 16.april

  Dette bildet er frå i fjor, men trappa ser likeins ut i dag og eg har gått dei 43 trinna i dag også. Klokka er no 16.04, temperaturen er +...