onsdag, mai 16, 2018

Dagbok 2018: 16 mai

Dette bildet er frå i fjor sommar. Då var Nils heime og fekk kose seg i lag med barnebarna. Eivind er lengst til høgre på bildet.
I dag fyller storebror 16 år og eg gratulerer ! Bildet er frå i fjor sommar, om eg ikkje tek feil. Å ha bursdag dagen før dagen er kanskje ikkje like kjekt alltid, men etter kvart som ein blir eldre er det OK. Trur eg. Eivind er ein kjekk gut, som er flink til å ta seg av brørne sine. Til hausten skal han begynne på vidaregåande.

Klokka har passert 19.30, temperaturen er ca. 12 grader , og det er litt kald vind. Meir typisk maivêr enn det vi har hatt før i veke. I dag tidleg var det skodde og litt regn.
Eg sat og strikka litt før Marit og er skulle stad å handle klokka 11.00. Eg har no fått orden på strikketøyet mitt. Då eg la mønsteret på kjøkkenbordet under lysrøret der, såg eg ei felling som eg ikkje hadde oppdaga før. Då gjekk kabalen opp, så no må eg passe på som ein smed at eg ikkje gjer fleire feil.
Marit og eg skulle kjøpe blomster m.a. og var både på torget vel Gjenbruk, på Tilseth og på Plantasjen. Eg kjøpte ein blomst til å ha på grava, og ein orkide til å ha heime blant anna.Eg har sådd sukkererter av eige avl, men det har ikkje kome opp noko enno, så eg tenkte eg ville spe på med ein pose kjøpeerter, og så kjøpe eg ein pose med frø til ruccola-salat. Fekk litt hakeslepp då ho skulle ha 109 kr for dei to posane. Det er ikkje ofte eg kjøper frø, så der hadde eg ikkje peiling. 
Mat handla vi på Coop i Furene og på Spar. Eg hadde som prosjekt å ete tom frysaren, men no har eg fylt på meir. Eg reknar med at eg må ha litt av kvart i huset når målarane kjem.
Då eg kom heim frå handleturen var eg veldig svolten og varma litt av middagen frå i går; då var der så lite att at eg tok meg saman og åt resten også. Eg vart stappmett. Eg er ikkje så vant til å ete middagsmat og i alle fall ikkje i slike mengder, så eg vart heilt utslått. Eg fann ut at eg måtte ut og mosjonere så eg gjekk fram på gravplassen. Hadde med ein plantespade for Marit sa at der var ikkje anna utstyr der framme enn vatn og vatnekanne. Og det stemte. Eg fekk med litt møye og besvær grave ei hole tol den rosa margeritten, jorda var tung , full av sand og stein. Trur eg må ha med meg reiskapar å få pynta der litt. Såg nokre som hadde laga eit lite område omkransa med steinar og pynta inni. Har ikkje hatt på verken radio eller TV enno i dag, så kva som skjer i verda aner eg ikkje. Veit ikkje eingong om det framleis er streik, så no må eg sett på så eg blir orientert. Ønsker alle ein fin 17. mai.

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...