mandag, mai 14, 2018

Dagbok 2018: 14.mai



Klokka er no16.40, temperaturen er + 17 grader.  Det har vore overskya i dag, men no er sola framme aldri så lite. I vest ser eg skodda.
Dette har vore ein til dels lang arbeidsdag for ein gammal pensjonist. Eg vakna så grytidleg at eg måtte tvinge meg sjølv til ikkje å stå opp før det hadde gått ei stund. Etter frokost tok eg for meg ei heil skuffe med papir, som eg gjekk gjennom. Det var litt av ein jobb, men eg trur eg fekk tatt vare på det eg skulle. Sidan eg var i siget rydda eg eit par skuffer til. Og så la eg i hop klede som vart vaska i går. Det er alltid noko å gjere, og godt er det.
Vi har alltid brukt å slå plenane to gonger før 17.mai, og i dag var det høveleg vêr og føreforhold .Eg klipte først bio i skråninga og så brukte eg oppsamlar på resten. Må nok ut før eller seinare å klippe kantar, men det blir ikkje i dag.
Eg hadde ikkje lyst på middag då eg kom inn att, så det vart bollar og kaffi-til lunsj, så blir det kanskje middag seinare-eller kanskje ikkje. Har kokte poteter att frå i går.
Eg måtte ha ein pause i godstolen før eg gjorde noko meir, men no har eg vore ute og sett poteter. I fjor grov eg ned ei potet i bringebæråkeren, og fekk 30 att. No spadde eg opp på begge sider av bringebæra og planta poteter der. Det er ikkje farleg om ikkje avlinga blir så stor. Så hadde eg akkurat nok poteter til å sette i hola til dei kasserte jordbærplantane. Skulle ha tatt opp meir løvetann, i fjor gjorde eg det før eg klipte første gongen, men ryggen min vil ikkje meir i dag- og det må eg rette meg etter.
Då eg skulle hente posten i dag, fann eg laurdagsavisa, eg har vore heilt dag- og døgnvill i det siste. I morgon kjem kanskje Einar ein tur, og onsdag skal Marit og eg på handel, om alt går etter planen.
Det er kanskje litt tidleg å sette seg til med strikketøyet, men kanskje er det lurt å konsentrere seg om maskene no når eg held på med mønsterborden. Håper eg slepp å rekke opp fleire gonger. Tone hadde sydd ei fin veske til meg, den skulle eg ha stikketøyet i, sa ho, og no har eg det.



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...