tirsdag, mai 29, 2018

Dagbok 2018: 29.mai




I dag har eg bladd litt i gamle album. Tenkte på alle bilda eg hadde mist fordi dei berre var på datamaskinene. Vart litt trøsta då eg så dei mange fullspekka albuma i hylla. Det er der eg har flest bilde av barnebarna då dei var små. I dag fyller Amanda 18 år, og 6.juni blir Olaug Marie 21 år. Då dei var små hende det at vi feira begge på samme dag, sidan vi har veldig mange som har bursdag på denne tida. Bilda over er henta frå det året Olaug fylte 4 år og Amanda var eitt. Olaug hadde fått sykkel i gåve av foreldra  og var lettare skada. Kake var det nok av den gongen også. Amanda var barnebarn nr. 7 her i familien. 
Vi gratulerer henne med dagen i dag! No er ho myndig, og om eg kjenner henne rett kjem ho både til å ta sertifikat og nytte seg av røysteretten så snart ho kan. Ei tøff og grei jente!

Klokka er no 20.30, temperaturen vil eg ikkje garantere for sola har nok vore på målaren. Den har vel lege på ca.+25 grader det meste av dagen. Eg høyrer plenklipparar som surrar, men her skal det ikkje klippast før graset har kome skikkeleg opp att.
For å vere heilt ærleg så fekk eg litt mein av spaseringa mi i går. Å gå ned på Amfi og heim att vart for mykje for kneet mitt, så i dag har eg ikkje gjort så store sprell. Som før sagt har eg rota litt i gamle album, og så laga eg litt mat til Einar skulle kome. Han ville male ferdig veggen mot vegen, før han av stafettpinnen vidare til nestemann.
Han er veldig iherdig og vi er fornøgde med fargen. Vi er også klar over at det sikkert lyt flikkast litt her og der, men sommaren er vel ikkje slutt enno, får vi håpe.
Vi var ein snartur nedom butikken før vi åt middag i lag. I dag vart det rømmegraut og spekemat. Det minte Einar om jonsok. Han skal reise til Oslo no på torsdag, og det er ikkje sikkert dei feirer jonsok der på same måten.Etter at Einar hadde fare, la eg meg ut på solsenga med lydbok.
Eg skulle ev. ha vore med Margrete og ungane på kafé i dag, men det vart litt stress for Margrete skulle inn i Honndalen osb. så vi får feire Amanda ein gong til.Eg har mange kakerestar i frysarane mine.
Som sagt er eg ikkje bra i kneet i dag. Legen har anbefalt fysioterapi, men så vart eg bra før eg kom så langt. No må eg ev. gjere eit nytt framstøt. I morgon skal eg ned på kulturhuset og dekke bord klokka 12, då vil Solveig nabo køyre meg ned. Til sjølve møtet sit eg på med Marit.
Døra har den "gamle" raudfargen. Har ikkje bestemt kva farge vi skal male den i. Før var den svart-kan hende blir den det igjen?






Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...