onsdag, april 03, 2024

Dagbok 2024; 3.april


 Klokka er no17.20,; temperaturen ute er +1 grad og på PC-en min står det at det skal bli snø-og det kan godt hende det blir for det ser litt guffent ut.

Eg vakna tidleg som vanleg og då var det fint. Sola skein borte på andre sida av bygda og i fjella her. Men det varte ikkje så lenge. Eg hadde eit ærend ned på Alti , så eg var der rett etter opningstida kl.10. Då eg kom heim tok eg runden min på Vernet før eg gjekk i hus. Sidan eg ikkje tok fredagsvasken sist fredag, tok eg den i dag, det er ikkje så voldsomt mykje akkurat, men golva sparte eg til no.Så får vi seie det held for denne veka også.

Marit var no vekke på hytta heile påska, så vi avtalte at ho skulle komme ned til meg i dag, såpass vi fekk prate om det som har vore siste dagane. Eg hadde litt kake igjen frå feiringa, så det var berre å koke litt kaffi. Etter at ho gjekk op att tok eg resten av vasken- men først måtte eg løyse sudokuen som kom i avisa i dag. Elles så er det litt av kvart å styre med , til dømes "Spansken"  på PC- en og på leksa som vi har over sommaren.Eg har også hengt opp ein liten klesvak. LITT blir det no å ta tak i om ein er åleine. Det som no står på planen min er at eg må rydde og vaske, dei romma som treng det. Eg har rikeleg energi, men ryggen spelar ikkje på lag, så det blir som det blir-ikkje heilt perfekt altså.

tirsdag, april 02, 2024

Dagbok 2024: 2.april


 
Då er klokka blitt 15.52 og eg har ikkje utretta så mykje i dag-her heime i alle fall. Eg var no på trening først på dagen. Så gjekk eg tur på Vernet før eg laga meg middag heime. Både i dag morgon og etter at eg hadde ete, gjorde eg ferdig omsetjinga på 1,5 sider spansk tekst. Men eg brukar Google translate for sikkerheits skuld, sjølv om eg forstår mykje 
.
Eg hadde eit par ærend i Vik; først og fremst skulle eg fylle bensin på bilen.Det er slikt eg ikkje likar for no er det blitt litt innvikla - Sist eg fylte, var det ei som skulle hjelpe meg med kortet, og ho fekk det ikkje til, så då fekk eg betale på gamlemåten. Eg spekulerte litt på korleis eg skulle fare fram i dag, om eg skulle be om hjelp eller prøve sjølv. Eg PRØVDE ! Eg sette inn kortet, men det kom ikkje bensin. Eg tenkte å gå inn , men så var der ein hyggeleg ung mann, som kom og hjelpte meg. Han bala litt han også før han fekk kortet til å virke, men så gjekk det greitt. (Han var utlending, men snakka godt norsk).Bensinmålaren i bilen virkar ikkje, men eg kjenner det på meg når det minkar på bensinen, for det går alltid mykje ned på tanken når eg fyller.

Eg skulle kjøpe ei gåve og sende i posten, så eg var ned på ALTI ein tur, men må ned att i morgon når pakken er klar.
No skin sola fint ute og temperaturen er + 7 grader. Det er ikkje så varmt at eg får lyst å gjere hagearbeid enno. Dei blå blomstrane kjem meir og meir fram, dei er mest på garasje-plenen, men nokre er der på plenen nedanfor huset også-i lag med krokus som er alle plassar. Snart blir det vel løvetann også, som skal fjenast med hard hand. Ikkje alle blomstrar er like populære. No trur eg at eg må ha ein kaffikopp. Eg et enno på snop frå bursdagsinnkjøpa og gåvene. Eg som nesten aldri har snopa er med åra blitt veldig glad i sjokolade.



mandag, april 01, 2024

Dagbok 2024: 1.april


Klokka er no 17.20, temperaturen på tappa mi er + 10 grader C, og sola skinDet har vore ein fin dag, sjølv om det ikkje har vor full sol heile dagen. Eg var ikkje oppe grytidleg i dag, men eg hadde ikkje vore oppe lenge før sola kom.
Men så vart det litt meir skya ei stund. Og eg nytta den tida til å jobbe litt med spansken. Eg finn mange øvingar på Reel på FB,  og til meir eg øver, til fleire øvingar kjem det.
Men eg måtte no ut og traske og gå litt, og i dag var der mange som gjekk på Vernet. Og fleire som eg kjenner. Ei stund var vi så mange i lag at vi fylte opp to benkar.Då eg kom heim sette eg på grautgryta fordi eg måtte bruke noko melk eg hadde kjøpt. Eg passar som regel på å ha melk i hus, men viss eg ikkje brukar den til noko anna , blir det å koke graut.

Mens grauten kokte, jobba eg med spanskleksa som Eli har lagt ut til oss på FB. EG omset teksten til norsk med hjelp av " Google translate"og skriv den norske teksten ned i ei bok. Det meste forstår eg no, men går innon Google for å vere sikker,. Teksten var på 1,5 A 4 sider, og eg har ei halv side igjen. Når ein er godt over 80 år er det skikkeleg tungt å lære eit nytt språk. Så eg vil råde andre gemlisar til å begynne før-særleg dersom ein har tenkt å bu i Spania på eldre dagar. (Det har eg aldri hatt lyst til)

Marit og familen er komne att frå hytteturen, og i morgon blir det trening for Marit og meg.
Eg ser på alt som må gjerast ute, mykje greier eg vel, men ikkje alt. Det er denne ryggen min som protesterer. Men den er undersøkt på MR-og det er berre vanleg slitasje som ikkje er noko  å gjere med. 
Eg hadde tenkt å få meg Robotklippar, men no veit eg ikkje. Klippe plen er vel det eg greier best, for då går eg oppreist. Det er så uferdig i hagen . Hausten og vinteren kom så brått at eg ikkje fekk tatt inn river, spadar og greip ein gong , så dei har overvintra under snøen. 
Så har eg eit påbegynt prosjekt der thujaene stod, då må eg bestemme meg for kva som skal skje der. Det gjekk greit lenge å halde hagen i hevd, men det dabbar av no når eg blir eldre  for kvart år. I fjor gjorde eg forresten ganske mykje, så litt får eg vel til no også.




 

søndag, mars 31, 2024

Dagbok 2024: 31.mars -1.påskedag

Klokka er no 17.45 (sommartid). Det har regna meir og mindre i heile dag og skodda ligg langt nedover fjellsidene. Den flotte påska forsvann brått  og no er det ikkje så fristande å gå ut ein gong. Men eg var i grunnen på veg-tenkte meg ein tur på Vernet i dag også, den turen er så lavterskel at det går nesten ikkje an å skofte.

I dag starta eg dagen med spansk på FB, eg hugsar så dårleg at eg må repetere mykje. Elles har eg stort sett berre strikka og sett TV. Middag hadde eg att frå i går. Og så har eg fått så mykje godteri i presang, at det nesten er for mykje av det gode. Eg har aldri snopa noko særleg i heile mitt liv, men no når eg er gammal er eg veldig glad i t.d. sjokolade med kaffi til. Men det blir mange kaloriar, så då må eg trimme litt. Eller helst meir.

Det var mykje eg kunne ha gjort i dag, men eg set ikkje i gang med storarbeid på påskedag. I morgon kan eg vel finne på å gjere noko, men det er ganske kjekt å sjå TV, strikke og ete snop -så det går vel and å gjere det ein dag til-eller? 

Eg passar katten til Marit men ho vil ikkje inn, berre vere ute på trappa, men i morgon kjem vel Marit att. No fekk eg lyst å gå ut uansett, så gjer eg det.
 


                   No er dei små blå på veg opp, på plenen ved garasjen.

                Eg var ein tur på Vernet, men tok ikkje bilde der oppe i dag

lørdag, mars 30, 2024

Dagbok 2024: 30.mars



I aust var der ein litt utydeleg regnboge.


Klokka er no17.52, temperaturen ute er +10 grader C, det er eit herleg vårvêr sjølv om det kom nokre regndropar. Eg kom nettopp att frå ein liten runde på Vernet. Mens eg var der oppe høyrde eg kyrkjeklokkene  ringe helga inn. Då var eg glad for at eg var langt vekke, for eg får tinnitus- plager berre eg tenkjer på det. Tinnitus har eg heile tida, men ikkje så kraftig.

I dag skulle eg eigentleg ta "fredagsvasken", men eg syntest ikkje det var nødvendig i det heile tatt. Så i staden tok eg fram den store støvsugaren og støvsuga alle teppegolva litt grundig. Og så fekk eg rydda aldri så lite; eg vil så gjerne få "Roserommet" så fint at det kan bli gjesterom, så derfor driv eg og flyttar rotet ned i kjellaren t.d. Rydda på altanen også, men det er langt frå slik som det skulle ha vore. 

Til alle som er innom bloggen vil eg ønske fortsatt God påske, det er enno to helgedagar att.

I dag laga eg middag til meg sjølv. Eg har ein ny vri no, skellar poteter og kokar, og lagar potetstappe. Så har eg pølser untan skinn(og bein)og grønsaker frå frysaren. Det er veldig fort gjort og heilt greit for meg.

Eg sat og slappa av med strikketøyet før eg gjekk på Vernet.

Som de ser så skjer det ikkje så mykje her i dag, men vi har no hatt fleire samkomer i påskeferien, og eg har det bra når eg er åleine også. Mykje selskap i TV-en, og no skal vi endelig få gå over til sommartid.

Det vi lurer litt på her i nabolaget er om våren verkeleg er komen, eller om vi får ein liten vinter till. I fjor hadde vi den første våren i februar, og den siste vinteren i mai.Alt kan skje.


 

fredag, mars 29, 2024

Dagbok 2024: 29.mars


 Klokka er no 17.45. temperaturen ute er ca + 11 grader, det er lettskya og nydeleg ver, tidlegare i dag hadde vi mykje sol og det vart varmt inne.

Eg hadde litt problem med at det var helg dag i dag,men eg hadde på TV-en og såg gudsteneste, og det hjelpte. Eg venta besøk frå Hareid i dag, men eg trong ikkje lage mat, for dei ville berre ha kake og kaffi, så det var no enkelt når eg hadde kaker i frysaren. Dei skulle ikkje komme før i 13-14 -tida så eg fekk gjort litt forskjellig før dei kom. Det var Einar, Audun og Olaug som kom i dag. Vi drakk kaffi og åt kake og prata om laust og fast til dei skulle fare igjen. Då tok eg på meg  tur- klede og gekk ein tur på Vernet. Eg sat litt på alle benkane for å vere mest muleg ute i den fine vårlufta, trefte eit par damer som eg snakka litt med. 

Og eg tok bilde ,sjølvsagt, men no får eg ikkje til å legge dei inn -igjen.

Men i dag såg eg dei første blå blomstrane på plenen oppe mot gata. Det er eit syn når dei blomstrar. I fjor snødde dei nede, men dei kom no att.

Etter ein dag med mykje kaffi og søte kaker lengtar eg etter saltmat, så eg får sjå kva eg finn

torsdag, mars 28, 2024

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint 
I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg sat lenge og las og svarte på mailar før eg kom meg ut og gå. Det blei tur på Vernet i dag også, og der trefte eg folk eg kjenner.
Eg venta besøk av barnebarn i dag, men visste ikkje kva tid dei skulle kome. Dei kom før eg trudde, dei som er hos Margrete. Men det gjorde ingen ting, dei fekk kaffi og kaker og vi fekk prata. Frå Hareid kom ingen, det var eg som hadde misforstått. Dei hadde andre planar.
Amanda hadde med seg hunden sin, Albert, og då dei skulle fare fekk han auge på Lollo ,katten til Marit, og skremte den. Håper at ho ikkje fór for langt. Eg hadde tenkt å pynte meg før gjestane kom, men går eg framleis i arbeisdsklede. Dagen er langt frå slutt, men det blir vel strikketøy og TV resten av dagen. Eirik fiksa støvsugaren min så no er den i orden.


Eit litt finare bilde enn det eg hadde: Amanda, Olaug, Håkon. Amund. Erlend, Eirik og Audun.
 

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...