mandag, april 01, 2024

Dagbok 2024: 1.april


Klokka er no 17.20, temperaturen på tappa mi er + 10 grader C, og sola skinDet har vore ein fin dag, sjølv om det ikkje har vor full sol heile dagen. Eg var ikkje oppe grytidleg i dag, men eg hadde ikkje vore oppe lenge før sola kom.
Men så vart det litt meir skya ei stund. Og eg nytta den tida til å jobbe litt med spansken. Eg finn mange øvingar på Reel på FB,  og til meir eg øver, til fleire øvingar kjem det.
Men eg måtte no ut og traske og gå litt, og i dag var der mange som gjekk på Vernet. Og fleire som eg kjenner. Ei stund var vi så mange i lag at vi fylte opp to benkar.Då eg kom heim sette eg på grautgryta fordi eg måtte bruke noko melk eg hadde kjøpt. Eg passar som regel på å ha melk i hus, men viss eg ikkje brukar den til noko anna , blir det å koke graut.

Mens grauten kokte, jobba eg med spanskleksa som Eli har lagt ut til oss på FB. EG omset teksten til norsk med hjelp av " Google translate"og skriv den norske teksten ned i ei bok. Det meste forstår eg no, men går innon Google for å vere sikker,. Teksten var på 1,5 A 4 sider, og eg har ei halv side igjen. Når ein er godt over 80 år er det skikkeleg tungt å lære eit nytt språk. Så eg vil råde andre gemlisar til å begynne før-særleg dersom ein har tenkt å bu i Spania på eldre dagar. (Det har eg aldri hatt lyst til)

Marit og familen er komne att frå hytteturen, og i morgon blir det trening for Marit og meg.
Eg ser på alt som må gjerast ute, mykje greier eg vel, men ikkje alt. Det er denne ryggen min som protesterer. Men den er undersøkt på MR-og det er berre vanleg slitasje som ikkje er noko  å gjere med. 
Eg hadde tenkt å få meg Robotklippar, men no veit eg ikkje. Klippe plen er vel det eg greier best, for då går eg oppreist. Det er så uferdig i hagen . Hausten og vinteren kom så brått at eg ikkje fekk tatt inn river, spadar og greip ein gong , så dei har overvintra under snøen. 
Så har eg eit påbegynt prosjekt der thujaene stod, då må eg bestemme meg for kva som skal skje der. Det gjekk greit lenge å halde hagen i hevd, men det dabbar av no når eg blir eldre  for kvart år. I fjor gjorde eg forresten ganske mykje, så litt får eg vel til no også.




 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 5.mai

Klokka er no 18.13, temperaturen ute r + 13 grader C. Det har vore sol og fint i heile dag, men ikkje så varmt som i går. Eg vakna tidleg i ...