søndag, mars 31, 2024

Dagbok 2024: 31.mars -1.påskedag

Klokka er no 17.45 (sommartid). Det har regna meir og mindre i heile dag og skodda ligg langt nedover fjellsidene. Den flotte påska forsvann brått  og no er det ikkje så fristande å gå ut ein gong. Men eg var i grunnen på veg-tenkte meg ein tur på Vernet i dag også, den turen er så lavterskel at det går nesten ikkje an å skofte.

I dag starta eg dagen med spansk på FB, eg hugsar så dårleg at eg må repetere mykje. Elles har eg stort sett berre strikka og sett TV. Middag hadde eg att frå i går. Og så har eg fått så mykje godteri i presang, at det nesten er for mykje av det gode. Eg har aldri snopa noko særleg i heile mitt liv, men no når eg er gammal er eg veldig glad i t.d. sjokolade med kaffi til. Men det blir mange kaloriar, så då må eg trimme litt. Eller helst meir.

Det var mykje eg kunne ha gjort i dag, men eg set ikkje i gang med storarbeid på påskedag. I morgon kan eg vel finne på å gjere noko, men det er ganske kjekt å sjå TV, strikke og ete snop -så det går vel and å gjere det ein dag til-eller? 

Eg passar katten til Marit men ho vil ikkje inn, berre vere ute på trappa, men i morgon kjem vel Marit att. No fekk eg lyst å gå ut uansett, så gjer eg det.
 


                   No er dei små blå på veg opp, på plenen ved garasjen.

                Eg var ein tur på Vernet, men tok ikkje bilde der oppe i dag

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 8.mai

Det var fart på elva i dag igjen,det er snø som smeltar  Klokka er no 16.50, temperaturen på trappa er +16 grader C, sola er litt av og på i...