lørdag, mars 30, 2024

Dagbok 2024: 30.mars



I aust var der ein litt utydeleg regnboge.


Klokka er no17.52, temperaturen ute er +10 grader C, det er eit herleg vårvêr sjølv om det kom nokre regndropar. Eg kom nettopp att frå ein liten runde på Vernet. Mens eg var der oppe høyrde eg kyrkjeklokkene  ringe helga inn. Då var eg glad for at eg var langt vekke, for eg får tinnitus- plager berre eg tenkjer på det. Tinnitus har eg heile tida, men ikkje så kraftig.

I dag skulle eg eigentleg ta "fredagsvasken", men eg syntest ikkje det var nødvendig i det heile tatt. Så i staden tok eg fram den store støvsugaren og støvsuga alle teppegolva litt grundig. Og så fekk eg rydda aldri så lite; eg vil så gjerne få "Roserommet" så fint at det kan bli gjesterom, så derfor driv eg og flyttar rotet ned i kjellaren t.d. Rydda på altanen også, men det er langt frå slik som det skulle ha vore. 

Til alle som er innom bloggen vil eg ønske fortsatt God påske, det er enno to helgedagar att.

I dag laga eg middag til meg sjølv. Eg har ein ny vri no, skellar poteter og kokar, og lagar potetstappe. Så har eg pølser untan skinn(og bein)og grønsaker frå frysaren. Det er veldig fort gjort og heilt greit for meg.

Eg sat og slappa av med strikketøyet før eg gjekk på Vernet.

Som de ser så skjer det ikkje så mykje her i dag, men vi har no hatt fleire samkomer i påskeferien, og eg har det bra når eg er åleine også. Mykje selskap i TV-en, og no skal vi endelig få gå over til sommartid.

Det vi lurer litt på her i nabolaget er om våren verkeleg er komen, eller om vi får ein liten vinter till. I fjor hadde vi den første våren i februar, og den siste vinteren i mai.Alt kan skje.


 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 8.mai

Det var fart på elva i dag igjen,det er snø som smeltar  Klokka er no 16.50, temperaturen på trappa er +16 grader C, sola er litt av og på i...