tirsdag, april 02, 2024

Dagbok 2024: 2.april


 
Då er klokka blitt 15.52 og eg har ikkje utretta så mykje i dag-her heime i alle fall. Eg var no på trening først på dagen. Så gjekk eg tur på Vernet før eg laga meg middag heime. Både i dag morgon og etter at eg hadde ete, gjorde eg ferdig omsetjinga på 1,5 sider spansk tekst. Men eg brukar Google translate for sikkerheits skuld, sjølv om eg forstår mykje 
.
Eg hadde eit par ærend i Vik; først og fremst skulle eg fylle bensin på bilen.Det er slikt eg ikkje likar for no er det blitt litt innvikla - Sist eg fylte, var det ei som skulle hjelpe meg med kortet, og ho fekk det ikkje til, så då fekk eg betale på gamlemåten. Eg spekulerte litt på korleis eg skulle fare fram i dag, om eg skulle be om hjelp eller prøve sjølv. Eg PRØVDE ! Eg sette inn kortet, men det kom ikkje bensin. Eg tenkte å gå inn , men så var der ein hyggeleg ung mann, som kom og hjelpte meg. Han bala litt han også før han fekk kortet til å virke, men så gjekk det greitt. (Han var utlending, men snakka godt norsk).Bensinmålaren i bilen virkar ikkje, men eg kjenner det på meg når det minkar på bensinen, for det går alltid mykje ned på tanken når eg fyller.

Eg skulle kjøpe ei gåve og sende i posten, så eg var ned på ALTI ein tur, men må ned att i morgon når pakken er klar.
No skin sola fint ute og temperaturen er + 7 grader. Det er ikkje så varmt at eg får lyst å gjere hagearbeid enno. Dei blå blomstrane kjem meir og meir fram, dei er mest på garasje-plenen, men nokre er der på plenen nedanfor huset også-i lag med krokus som er alle plassar. Snart blir det vel løvetann også, som skal fjenast med hard hand. Ikkje alle blomstrar er like populære. No trur eg at eg må ha ein kaffikopp. Eg et enno på snop frå bursdagsinnkjøpa og gåvene. Eg som nesten aldri har snopa er med åra blitt veldig glad i sjokolade.



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 5.mai

Klokka er no 18.13, temperaturen ute r + 13 grader C. Det har vore sol og fint i heile dag, men ikkje så varmt som i går. Eg vakna tidleg i ...