fredag, desember 02, 2016

Dagbok 2016: 2.desember

Klokka er snart 22.00. Temperaturen ute er + 1 grad C og det ligg eit tynt snølag på markane.
På føremiddagen i dag var eg relativt aktiv; bytta på sengane, vaska golv, la i hop klesvask etc.
Til middag åt vi kryddersildfiletar med mandelpotet og kålstuing. Både Nils og eg er veldig glade i sild. Eg plar ofte seie at vi sikkert er siste generasjonen som likar spekesild-men det gjer vi altså. Og så er saka den at Nils ikkje har lyst på så mykje, så vi må lage det han likar. Eg et all slags mat, så det er ikkje noko problem.
I dag måtte vi kvile litt middag, og eg fekk unna enda ei plate av "Syttitallet"-no er det visst berre 8 plater att. Det blir ikkje lese så mykje for tida, men akkurat desse bøkene til Ketil Bjørnstad går det fint an å legge frå seg og ta att.

Solveig kom på slaget halv seks slik ho hadde sagt, og eg stod klar, så vi reiste direkte på Amfi og handla til helga, begge to.'
Så kjøpte vi oss kvar sin topp også, min var litt raud og "julete", hennar var grå til bruk under strikkajakke.
Ho hadde med seg kaffimat, så eg hadde berre å sette på "kjelen" då vi kom heim. Ein liten jobb hadde eg også til henne. Ho måtte på loftet og hente gardinene! Dei gløymde vi å ta ned då Margrete var her. No er det ingen jobbar her som det hastar med, så då blir det tryggare å komme på besøk.
Neste veke har vi litt av eit program. Måndag skal vi til Åse sjukehus igjen, og onsdag er det julemøte i pensjonistlaget. I år må eg nok gå åleine, det blir for slitsomt for Nils. Sidan eg er styremedlem og sekretær føler eg det som ei plikt å stille opp. Torsdag føremiddag går som regel med til referatskriving.
Margrete er på Weekwndbesøk til Køben i lag med kollegaer, håper dei har det fint.
Då vil eg ønske alle ei god helg.  Prøv å ikkje stresse med juleførebuingane.

torsdag, desember 01, 2016

Dagbok 2016: 1.desember

Klokka er18.15, temperaturen er + 2grader, og det har kome eit lite snølag på trappa. Tidlegare i dag har det både regna og hagla.
Eg hadde avtalt med ei veninne at vi skulle til Volda i dag. Ho henta meg 12.30. Før den tid hadde eg ikkje fått gjort så mykje utanom det vanlege morgonstellet. Rakk å shine opp kjøkkenet, dusje og vaske håret. Naboen kom og besøkte Nils mens eg var vekke.
Vi var først på kafé på Spinneriet, og så var vi på Janus. Den fabrikken produserer enno her til lands, derfor likar eg å handle der. Det var no eigentleg veninna som hadde ærend, men eg kjøpte ei ny ulltrøye til Nils. Han har veldig mange frå før, men eg synest han skulle ha ei fin, ny trøye til han skal til Åse. Så gjeld det berre at ein klarer å halde den unna dagleg bruk. Eg kjøpte ikkje noko til meg sjølv i dag. Elles var vi inne på nokre andre butikkar også, utan at eg kjøpte noko. Var liksom ikkje i modus for handel i dag.
På heimvegen stoppa vi ved AMFI så eg fekk kjøpt litt medisin.
I morgon kjem Solveig innover og då skal vi handle mat til helga, begge to. Det tømest ikkje så fort hos oss lenger, vi har stadig eit bra matlager, men noko er det no vi manglar også. Det var no ei kjekk avveksling for meg med ein bytur, og Nils greier seg fint utan meg nokre timar. Han hadde varma seg havregraut som eg kokte i går, så middag har vi ikkje ete enno. Men den er på beddingen.
Det vart ein spennande sjakk-kveld i går. Og eg var nokså sveitt i øyrene av alt "maset"- og jammen fekk eg lyst å spele sjakk igjen. Eg har kunna det ein gong, dvs.eg kunne reglane for korleis ein kan flytte osb. Kan hugse at vi prøvde å lære spelet frå ei bok. Rasmus var vel den som kom lengst i kunsten. Men vi spelte vel "lyn"-sjakk samanlikna med dei som er verkeleg gode. Slikt tolmod som dei har ikkje eg.
No er det snart dagsnytt-tid. Det blir mykje TV her i huset for tida.

onsdag, november 30, 2016

Dagbok 2016: 30.november

Klokka er snart 17.00, og det har vore mørkt nokså lenge. Dagane er korte på denne tida av året, og når det er overskya og regn blir det enda mørkare. Temperaturen er + 1 grad ute, og det vart litt glatt igjen. Viss det hadde vore heilt bert hadde eg kanskje gått ein tur nedover i dag.
I staden jobba eg litt ute. Sette i gang vedkløyvaren i garasjen og henta inn to sekker ved som eg finkløyvde til opptenningsved. Etterpå tok eg trillbåra og køyrde inn resten av veden. Den låg og vart våt ovafor garasjen. Men der ligg plankar, staurar etc. som vi skal ta bort når eg får litt hjelp. Kosta i garasjen , men enno er der mykje rot. No er der i alle fall plass til bilen, men Nils vil ikkje ha den inn så lenge den ikkje er fri for snø på taket. Eg likar slikt sjauararbeid
Eg ser på FB at mange er fullt i gang med juleførebuingar. Det blir laga lammerull, leverpostei og kaker. Eg har ikkje gjort noko slikt. Kvart år etter jul seier eg til meg sjølv at neste år skal eg ikkje bake ei kake, men så gjer eg det like vel. Særleg MÅ eg lage krumkaker. Og så sit eg der og tvingar meg sjølv til å ete dei, før eg knuser dei siste og bakar dei inn i brøddeigen. I år skal eg ikkje bake småkaker!
Eg er ikkje sikker på om vi har ete middag i dag, eller om det var lunsj. Retten var kryddersild frå glas, heile filetar, og kokte eg + litt potet frå i går. Viss vi finn ut at vi vil ha noko anna, er det enno lenge att til vi skal legge oss. I dag sovna begge to i reclinerane etter at vi hadde ete. I går var eg så trøtt at eg brukte all min energi på å ikkje sovne-ikkje så kjekt det heller.
Strikka ferdig eit par restelester i går, dei skal eg ha sjølv og så får eg begynne på eit nytt lestepar, det er alltid nokon som frys på føtene.
Har fyrt i omnen for andre gong i dag, må ha litt omnsvarme i tillegg til varmepumpa.
Eg har hengt opp "juletreet " på veggen ved inngangsdøra, så no er det berre stjerna i stoveglaset som ikkje er på plass-trur eg.
I morgon må eg kanskje ein tur til Vik, men det er ikkje noko problem.

tirsdag, november 29, 2016

Dagbok 2016: 29.november.

Klokka er no 16.15, men bilda er tatt på føremiddagen. No er det nesten heilt mørkt ute. Det er + 5 grader C og regn. Ja, eg skal ikkje klage så lenge det ikkje kjem snø.
I dag skulle Nils nedover og ta blodprøver i lag med naboen. Det gjekk greitt, men det vart litt travelt, han blir veldig fort sliten. Eg har ikkje hatt noko prosjekt på gang, har sett over julepynten, rydda litt osb. Berre sånt vanleg husarbeid.
Hadde ei lita høgtlesingstund frå Hjørundfjordboka før middag. Middagen var restar frå i går + litt mandelpoteter. Det er ikkje dei kjempemåltida vi sette til livs før i tida. Nils la seg ned på senga på datarommet, eg skulle skrive møtereferat frå i går. Då kom Jørn innom og ville høyre korleis det stod til. Han sat ei lita stund og snakka med Nils. Etterpå trur eg Nils sovna, så eg flytta meg inn på stova. det er derfor eg skriv blogg så tidleg på dag.
Det kom ein telefon frå Åse sjukehus, og eg meinte dei sa ØYE-poliklinikken før eg gav telefonen til Nils. Han skulle vere der i morgon 9.30, sa han etterpå. Det skal du slett ikkje, sa eg. Han hadde ikkje fått med seg kva han skulle på sjukehuset. Han har brukt å gå til kontroll for augene før, men no har han nettopp vore til augetest hos optikar her i Ørsta og det held plenty. Då eg prøvde å ringe tilbake var det ikkje telefontid lenger.( Den augetesten skal ha ta på grunn av diabetes).Vi får ringe igjen i morgon. Problemet er at når ein ringer er det ikkje eit menneske i andre enden av tråden, berre ei stemme som seier kva tast ein skal trykke på.
Eg trur at frisurf-kontoen min er ute av spel, for der kjem ikkje ein einaste e-post lenger. Så om nokon skal sende mail, må de bruke denne adressa: olaug.trovag@gmail.com


mandag, november 28, 2016

Dagbok 2016: 28.november

Klokka er21.35, temperaturen er + 2-2 grader C, og det har vore ein relativt våt og grå dag.
Etter frokost og morgonstell tok eg meg på tak og støvsuga teppegolva. Så shina eg meg opp og gjekk nedover. På grunn av glatte og isa vegar hadde eg broddar på skoa.
Jau takk, så snart eg kom inn på allfarveg var det salta, og broddane var vonde å gå på, men eg kom fram. Då var eine brodden vekk Handla litt på Spar før eg gjekk opp på biblioteket der vi hadde styremøtet vårt. Nestleiaren var snill å køyre meg heim, og det var bra, for vi venta Margrete og Amanda. Eg laga middag, i dag vart det julepølser og kombistappe. Kombi betyr at eg lagar stappe av poteter og rabbe. Det et Nils, og vi fekk den ned vi andre også.
Etterpå vart det kaffi med litt rusk attåt.
Alle som kjem innom oss blir utnytta. I dag fekk vi gjestane opp på loftet for å hente ned julepynten, så blir det kanskje litt stemning her også når eg får hengt det opp.
Nils skal ta blodprøve denne veka, og hadde bestemt seg for tysdag. Ein nabo ringde og ville høyre korleis det går, og fortalde at han skulle køyre kona si på legesenteret i morgon for å ta nokre prøver. Det passa no heilt fint for Nils. Sjølv om han no går for eiga maskin, er det godt at der er ein sterk mann som kan hjelpe om det trengst.
No held eg på å koke havregrynsgraut til han. Den får han ha i fred for meg.

søndag, november 27, 2016

Dagbok 2016: 27.november

Klokka er 18.30, temperaturen ute er + 1 grad C, og det er i ferd med å fryse på. Det har vore opplett og ikkje vind i dag. Det skjer ikkje så mykje kvar dag her hos oss, men dagane går meir enn fort nok. Eg hadde diverse mål for kva eg ville gjere i dag, men eg kom ikkje i mål. Men når det er søndag får det vere greitt. På føremiddagen strauk eg diverse løparar etc., og fekk laga litt advent i stova. Å tenne det første lys må vi berre gløyme; Nils toler ikkje stearinlys. Men den skikken er så "ny" at ingen av oss tende lys i barndommen. Tenk det!
Mykje av dagen går med til daglege ting: fyre i omnen, lage mat osb. Men i dag fekk eg endeleg rydda såpass i garasjen at vi kan få inn bilen om vi vil. Nils ville køyre den inn sjølv, men eg fekk han frå det då eg minte han på at han måtte gå trappa.
Til middag åt vi restar frå i går+ is og kaffi til dessert.
Eg blei brått så sigande trøtt at eg måtte legge meg på sofaen med lydboka mi, og der vart eg liggande til eg begynte å fryse. Då var det å ha ut oska, hente ved og fyre opp igjen. Nils er stort sett for varm heile dagen. Han sit stort sett og ser TV, der er mykje sport så han har bra underhaldning. Han går rundt i romma for eiga maskin, men er framleis ganske slapp. Han et alminneleg godt, men ikkje som i gamle dagar. Det kan ein ikkje vente.
Eg skulle hatt tak i jule- og adventspynt på loftet, men verken Nils eller eg kan klatre opp stigen no. Dumt eg ikkje kom på det i går då Einar var her, men i morgon kjem Margrete og Amanda bortom, så då blir det ei råd. Margrete skal på eit møte klokka 18, så då ville ho vere her i mellomtida. Amanda bur i Volda, så ho ville vere med. Sjølv skal eg på styremøte i pensjonistlaget klokka 13, men det plar ikkje vare så lenge.
Slik går dagane, kvar dag har sin agenda, men no må alt planleggast meir enn før.
Bilda knipsa eg frå altanen i 12-tida i dag. I dag har det vore lysare enn på lenge.


lørdag, november 26, 2016

Dagbok 2016: 26.november

Klokka er 16.45, temperaturen er + 4 grader, det er mørkt og regnfullt, men vinden har gitt seg.
Elles er eg litt ute av tida, greier ikkje heilt å halde styr på dagane, i dag er det sundag for meg, kanskje fordi eg ikkje har vore på butikk og heller ikkje gjort noko særleg. Så gjekk det opp for meg at det er 1.sundag i advent i morgon-eg trur Solveig nemnde det i går. Slik er det når ein meir eller mindre lever i ei boble.
Dagen min begynte veldig tidleg og relativt dramatisk. Eg har tatt ein allergitablett pr.dag i fleire år, men så la eg vekk tablettane ei stund for å sjekke om eg verkeleg trong dei. Eg merka ingen ting-ikkje før i dag. Då vakna eg i gryotta fordi eine handa mi stod i brann. Dvs. det var slik det kjendest. Venstre handa var glovarm og klødde noko heilt forferdeleg. Då eg hadde det slik første gongen, var det begge hendene+ føtene . Eg stod opp og fann ein isbit som eg heldt i handa. Men så henta eg nattbordskuffa, der eg har diverse tablettar, og såg etter om der tilfeldigvis skulle vere ein attgløymd tablett; eg fann ein som likna, før eg til min store lette fann eit halvt brett. Etter ein slik tablett kom det seg. Eg låg og høyrde lydbok ei stund før eg sovna att og sov til klokka var halv elleve. Det beste var at Nils også sov-for han treng det.
Eg stod opp først, fekk varme i omnen og koka kaffi- og der kom han gåande UTAN rullator, så no begynner det å komme seg her.
Sidan Einar skulle komme innom gjorde eg klar til tidleg middag. Laga brun lapskaus av svinesteik som var til overs og god brun saus. Einaste problemet var potetene som var av merket Asterix-dei var veldig "kokefaste" så vi måtte vente ei stund med å ete Einar kom som avtalt klokka 13.30, då hadde han vore hos Håkon først og dei to hadde sprunge rundt Rotevatnet. I dag hadde han ikkje hatt på seg strikkalestar så han var litt kald på beina. Då kan det vere greitt at mormora har eit heilt nett med ferdigstrikka lester. Eg har ikkje strikka noko siste dagane, men eg må vel snart legge opp til eit nytt "spøt".
Eg hadde tenkt at Einar og eg skulle jobbe litt ute, men vêret var så ufyseleg at vi slo det frå oss.
Men han hjelpte til med å pakke ut DAB-radioen som Nils fekk til 80-årsdagen, så no er vi budde på nye tider når dei koplar ut det nettet vi no har i februar.
Eg har ikkje pynta til advent, det plar eg alltid gjere, men eg kan no ha litt å styremed i morgon.
Verker i hofta og foten, det kan tyde på at det blir endring i vêret. Berre det ikkje blir snø!
Så håper eg på at vi kan få ei god tid fram mot jul. Noko stress blir det ikkje her i huset i alle fall.

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...