Klokka er 20.00, temperaturen er + 4 grader C og det har vore overskya og opplett i heile dag.
Det vart litt "dagen derpå" i dag. Nils var trøtt og sløv på føremiddagen, og sjølv har eg vondt i hofta. No håper vi på at begge deler er ein reaksjon på all sittinga etc. i går. Eg har vore så bra i hofta i heile sommar og haust, heilt til regn og kulde overtok etter finevêret. Eg skriv ikkje dette for å syte, men som ei forklaring på kvifor eg ikkje er heilt oppe og står for tida.
Nils la seg nedpå og kvilte litt før middag, eg gjorde diverse småjobbar både ute og inne, før vi kom så langt at vi kjørte ned på Kiwi for å handle det vi gløymde i går.
Då hadde Birte og Håkon vore her og henta agn til teinene.
Då vi kom ned på butikken, ringde Amanda. Dei var i Ørsta og ville komme oppom om ei stund. Eg handla ferdig og då vi kom ut møtte vi Solveig, som også var på handel i Ørsta. Etter kvart var vi alle samla i Starevegen, og Eirik kom også oppom etter arbeidstid.
Solveig hadde laga ei skål med "Tilslørte bondepiker" som vi åt til "lunsj". Eg baud til å finne fram "skikkelig" mat, men då fortalde Margrete at dei skulle ete saudehaud til middag, så dei måtte ha appetitten i orden. Håkon stakk innom, det var dårleg med fangst i dag, men dei hadde sett ut att teinene.
Vi har altså hatt mykje besøk i dag, og etter at vi igjen var her åleine, måtte eg pøse på med smertestillande tablettar (som ikkje virka noko særleg) og legge meg på sofaen med lydbok. No må eg sjå til å lage litt skikkelig mat til oss to- og håpe at helsa blir likar` i morgon. Trur ikkje eg skreiv :God helg! i går, så då gjer eg det no.
GOD HELG !
lørdag, november 05, 2016
fredag, november 04, 2016
Dagbok 2016: 4.november
Den kvite novemberkaktusen.
Dette var ein spennande dag for oss. Vi skulle til Åse sjukehus og få vite resultatet av prøver, CT m.m.
Vi tok bussen frå Ørsta klokka 11.10 og var på sjukehuset i god tid før vi hadde time klokka 13.00. Legen var veldig presis, så vi rakk å ta bussen heim att kl.13.23. Og vi fekk gode meldingar, og takk og pris for det. Dei hadde ikkje funne noko gale på CT, ingen spreiing til andre organ med andre ord. Ho var førnøgd med at Nils hadde lagt på seg 5 kilo sidan sist og tykte han såg betre ut. PSA-verdiane hadde gått litt ned, det er teikn på at medisinen han får no verkar. Vi er glade og letta for at det ikkje har skjedd forverringar.
Vi fekk forresten ordre om å ta influensavaksine begge to. Det har vi aldri gjort før.
Elles vil eg skryte av dei nye behagelege bussane og dei flinke bussjåførane.Eg har ikkje vore glad i å reise med buss før, men no nyt eg det. Og billeg for pensjonistar! Nils og eg kjem oss til Åse og tilbake for 300 kr-og då er ferjepengane med i prisen.
Når eg skriv så utførleg om helsa til Nils er det fordi eg veit at mange lurer på korleis det går, og derfor les bloggen min.
Då vi kom tilbake hit, var vi innom Coop og handla det meste av det vi treng til helga-litt blir det vel i morgon også. Nils har lagt seg i reclinaren for å kvile seg litt, han sov ikkje godt sist natt.
Eg har handla inn og har som plan å lage litt Taco, Nils plar like det, men appetitten er enno ikkje på topp.
Håkon er truleg ute med båten, men vi veit ikkje om Birte er med.
torsdag, november 03, 2016
Dagbok 2016: 3.november
Klokka er 18.30. Temperaturen er + 3 grader, og det ser ut som om det har regna litt. Det er ikkje så lett å følge med når ein er innandørs og det mørknar tidleg. Tidlegare i dag hadde vi i alle fall sol og fint vêr. Sola skein på stoveglasa så det var fælt å sjå, men det er ikkje lenge sidan eg pussa dei både ute og inne.
Eg vakna i dag med krampe og verk i venstre foten, og verker gjer eg enno. Eg synest det er surt å bli så elendig no, etter å ha vore bra heile sommar-halvåret. Eg fekk tilbod for nokre veker sidan om å kome til fysioterapeut, då utsette eg behandlinga, men no må eg snart ta kontakt om eg ikkje blir betre.
Nils var på legesenteret i dag igjen, denne gongen for å ta blodprøver til fastlegen. Det blir mange legebesøk på han, sidan han har to legar å forhalde seg til. Han måtte fare før frokost sidan han skal møte fastande. I morgon er det sjukehuset på Åse som står for tur, og eg blir med- uansett dagsform. Han skal ikkje møte så tidleg, så vi tek den bussen som går frå Volda klokka 11.00.
Etter morgonstell og frokost vaska eg bad og kjøkken slik eg plar gjere på torsdagar. Nils venta kommunalt besøk, så vi avtalte at han skulle møte dama åleine, sidan det er han som er 80-åring, så fekk eg skrive referat i mellomtida. Ja eg var no godt i gang før ho kom ca.12.30, og nesten ferdig då ho gjekk. Eg fekk sendt manus til avisa og har fått tilbakemelding om at det er mottatt.
Eg var litt utrygg på korleis eg skulle sende , så eg kontakta Rasmus. Då han skreiv kva eg skulle gjere, kom eg på at det var slik eg hadde gjort det sist-men det er to mnd. sidan, og så langt rekk ikkje min hukommelse. Uansett er det greitt å vere ferdig med skrivinga, sjølv om eg er meir avslappa når det gjeld sekretærjobben no enn eg var til å begynne med. Eg har ikkje inntrykk av at det er nokon som brenn etter å overta.
Middagen i dag vart speilegg og karbonadar-vi et av lageret no.
Så har eg lese ei heil plate av boka mi, mens eg har lege rett ut på sofaen i von om å bli kvitt smertene i hofta, men det verka ikkje så veldig godt. Så eg får vel ta litt dop. Kanskje eg kan bli så bra at eg kan strikke også?

onsdag, november 02, 2016
Dagbok 2016: 2.november
Klokka er 19.15. Temperaturen ute er 0 grader C og vi kom nettopp att frå pensjonistmøtet.
I dag var Nils også med, eg var litt skeptisk, men han tenkte han kunne gå før slutt om det vart for slitsomt. Men han heldt ut! Eg sa til han at i kveld skulle vi ikkje sitte i lag, det var på tide han fekk prate med andre enn meg. Og slik blei det. Eg sette meg åleine ved bordet lengst framme, det bordet blir ofte ståande tomt. Men eg hadde ikkje før sett meg, før eg hadde tre kavalerar i lag med meg, den eldste 90 år, dei to andre over 80. Men vi hadde det kjekt. Så kom ei dame som eg var kollega med i mange år og sette seg i lag med oss også.
Første post på programmet var ein videofilm med Margit Hurlen som testa ut velferdsteknologi på ein sjukeheim. Det var som eit apropos til at to av styremedlemmene våre hadde vore på kurs i akkurat det.
No skal eg ikkje skrive møtereferat før i morgon.
I dag vakna vi til eit underleg vêr. Her oppe hos oss skein sola, men nede i Vik var det skodde. Etter kvart vart det sol lenger nede også, og det vart ein fin dag. No når vi skulle heim frå møtet var det frose på markane og det var glatt på asfalten.
Eg verker i hofta i kveld, og eg håper det ikkje betyr at det blir snø.
Føremiddagen gjekk mykje med til å vere på Kulturhuset og dekke bord etc. Så var det pause før vi dusja og kledde oss om. Gamle folk treng lenger tid enn unge til slike ting.
I morgon kjem ein representant frå kommunen og skal snakke med 80-åringen. Ho kjem 12.30, så eg må vel rydde litt i huset før den tid. No må eg visst legge meg litt på sofaen og rette ut hofta.
Bilda frå Starevegen er tatt klokka 13.15.
tirsdag, november 01, 2016
Dagbok 2016: 1.november
Alle bilda er tatt frå altanen ca kl. 13.30. Vi kan framleis sjå sola gjennom skyene.
Desse bilda er tatt frå trappa(mot nord) klokka 15. Det klårna opp etter kvart-og sola skein på orkideen i vinduskarmen.
KLokka er snart 20.00 no. Temperaturen er + 2 grader C, skyene forsvann, og då blir det kaldt. Men dt var herleg å sjå att sola og lyset etter mørke dagar.
Det har vore ein nokså laber dag i dag, vi har ikkje utretta så mykje, verken heime eller ute. Før middag tok eg meg på tak og farga håret, og då eg såg meg sjølv i speilet med håret klistra til skallen, fekk eg eit lite sjokk. Det eine øyret er større enn det andre! Eg er ikkje av dei som er spesielt oppteken av utsjåande, men no vart eg skæmt ! Eg spurde Nils seinare på dag om han kunne sjå kva for eit øyre som var størst, og det kunne han! Det er MYKJE større, sa han. No er det ein viss risiko med å skrive dette på bloggen, heretter vil nok folk sjå berre øyra når dei ser meg. Men det kunne ha vore verre. No kan eg i alle fall ikkje ha så kort hår lenger, sjølv om eg trivast med det.
Nils hadde ei legetime i dag også, i dag galdt det sertifikatet, han fekk det for to år til. Sidan han likevel var der, tok legen blodtrykket og det var heilt fint.
Til middag i dag vart det restar frå i går- så vi lever enkelt. Nils har gått opp 5-6 kilo sidan han begynte på "fetekuren". Det må vere bra. Etter middag shina eg kjøkkenet, sidan eg blir mykje oppteken resten av veka.
Elles har eg strikka og høyrt lydbok, er er snart ferdig med den 11.plata av 22. Eg er ikkje så mykje åleine for tida, derfor blir det ikkje lese så mykje som før.
I morgon blir det pensjonistmøte det meste av dagen. Først ned klokka 12.00 for å dekke borda m.m. og så tek møtet til klokka 16.00.
Vi har ein dyktig leiar, så arbeidet er lett for oss andre. Kvar passar sitt.
mandag, oktober 31, 2016
Dagbok 2016: 31.oktober
Klokka er 19.15, temperaturen er + 8 grader og det har vore skodde, regn og grått i dag også. Vi har ikkje vore ute for ei dør, men eg har ikkje vore så låk i rygg og hofte i dag, så eg trur det må vere høgtrykk på veg.
Når eg ikkje har planar for dagen, blir det alltid lite gjort, slik også i dag. Men ein treng vel ikkje "gjere" så mykje alle dagar. Eg tok i alle fall og baka tre brød på føremiddagen, om ikkje anna. Det blei nysteikt brød og kaffi til lunsj i dag, så vi venta med middagen til seinare. Eg sette meg til å strikke mens vi såg på paven og messa i Lund. Eg fekk felt av ein lest under seremonien.
Så begynte eg på middagen; laga brun saus(Toro) og steikte kotelettar som fekk koke i sausen både vel og lenge. Faktisk litt lenger enn planlagt, men det gjorde ingen ting.
Vi fekk heilt uventa besøk av Kari og Kåre med ein nydeleg rosebukett. Dei ville ikkje ha verken mat eller kaffi, berre prate litt. Det var veldig koseleg at dei kom innom, men eg følte det var litt kipt at dei ikkje fekk servering.
Då dei var reiste sette eg på potetene og så åt vi. Nils var ikkje i storform i dag, men det var sikkert litt for varmt inne-han har det best i kulden.
Eg tok nokre bilde frå altanen rundt kl.14.00, ein time seinare var det åt å skymest.
søndag, oktober 30, 2016
Dagbok 2016: 30.oktober
Klokka er snart 17.00, men det har vore mørkt lenge. Eigentleg har det vore nokså mørkt i heile dag. Ute er det skodde og regn, men det er ikkje kaldt og ikkje snø, så noko positivt er det.
I dag vakna eg av at eg verkte noko infernalsk i eine armen, og i ryggen og hofta. Armen blei fort bra då eg fekk leda litt på meg, men resten av kroppen er ikkje bra. Eg skuldar på gikt, sidan det er så vått i vêret. Nok om det.
Det har vore ein svært roleg dag her, Nils har for det meste slappa av, men eg tok og laga ei gulrotkake før middag, det er ikkje bra å sitte for mykje i ro. Dessutan hadde eg nokre store gulrøter på lager- eg raspar for hand og då er det ein fordel. Elles har eg lese litt, og strikka litt, men kan ikkje sitte for lenge om gongen. Det er heilt utruleg at eg har vore så bra heile sommaren-trur eg skulle klipt plenar heile året -så hadde eg vore i betre form.(Eg skal ut og samle opp lauv med klipparen viss det blir tørt og bert igjen. Kan ikkje fordra å rake).
Til middag i dag hadde vi resten av suppa vi kokte førre sundag, skulle eigentleg hatt den i går, men då gjekk vi på kafé. Eg er ikkje så glad i oppvarma mat, så ein annan gong lagar vi ikkje så mykje.
Nils har lettare for å få i seg suppe og liknande mat enn det som må tyggast. Eg prøver å få i han mest mulig egg, og i dag hadde vi bløtkokte Hareids - egg til frokost. På Coop får dei inn ferske egg frå Hareid kvar dag. Då åt han to-dei var ganske små. Det er litt uvanlig for meg å lokke mat i han, for han har alle tider hatt ein glupande appetitt. Faren er at eg kan få litt for mykje i meg sjølv.
Det var lyst då vi stod opp til normaltid i dag, men så mørkna det tilsvarande tidleg. Det er mange som ønsker seg sommartid heile året-særleg når ein er yrkesaktiv.
Eg vart glad då Knut Anders Sørum vann Stjernekamp i går. Den siste songen han song er noko av det finaste eg har høyrt. Det same sa ein av dommarane. Coldplays "Fix You" var fantastisk. Nicoline var også utruleg dyktig og eg vil tru at ho appellerte meir til dei unge, men ho har mange år framfor seg til å bygge opp ein karriere, det hastar meir for Sørum. Det var høgt nivå på kampen i år.
Ja, vi er ikkje så ofte på konsertar og andre tilstellingar for tida, så då blir det å ty til fjernsynet, og der er no litt for ein kvar smak. I alle fall i helgane. Men det irriterer meg at programmet, både på data og på skjermen, ikkje stemmer. Eg skulle ta opp "Norge rundt" i går, men då var det eit heilt anna program som var nedlasta. Så skulle vi sjå ei reprisesending i dag, det vart også feil. Men eg har sjølvsagt sett det på data opp til fleire gonger. Artig å sjå Rolf og barnebarnet Lisbeth på skjermen. Det er ikkje vanskeleg å sjå at Rolf er bror til Nils.
Eg har eit lite lager av opptak liggande i tilfelle eg ikkje finn noko av interesse. "Skal vi danse" ser vi på hurtigspoling, så slepp vi alt pratet.

Abonner på:
Innlegg (Atom)
Dagbok 2026: 14.november
Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...