torsdag, november 03, 2016

Dagbok 2016: 3.november

Klokka er 18.30. Temperaturen er + 3 grader, og det ser ut som om det har regna litt. Det er ikkje så lett å følge med når ein er innandørs og det mørknar tidleg. Tidlegare i dag hadde vi i alle fall sol og fint vêr. Sola skein på stoveglasa så det var fælt å sjå, men det er ikkje lenge sidan eg pussa dei både ute og inne.
Eg vakna i dag med krampe og verk i venstre foten, og verker gjer eg enno. Eg synest det er surt å bli så elendig no, etter å ha vore bra heile sommar-halvåret. Eg fekk tilbod for nokre veker sidan om å kome til fysioterapeut,  då utsette eg behandlinga, men no må eg snart ta kontakt om eg ikkje blir betre.
Nils var på legesenteret i dag igjen, denne gongen for å ta blodprøver til fastlegen. Det blir mange legebesøk på han, sidan han har to legar å forhalde seg til. Han måtte fare før frokost sidan han skal møte fastande. I morgon er det sjukehuset på Åse som står for tur, og eg blir med- uansett dagsform. Han skal ikkje møte så tidleg, så vi tek den bussen som går frå Volda klokka 11.00.

Etter morgonstell og frokost vaska eg bad og kjøkken slik eg plar gjere på torsdagar. Nils venta kommunalt besøk, så vi avtalte at han skulle møte dama åleine, sidan det er han som er 80-åring, så fekk eg skrive referat i mellomtida. Ja eg var no godt i gang før ho kom ca.12.30, og nesten ferdig då ho gjekk. Eg fekk sendt manus til avisa og har fått tilbakemelding om at det er mottatt.
Eg var litt utrygg på korleis eg skulle sende , så eg kontakta Rasmus. Då han skreiv kva eg skulle gjere, kom eg på at det var slik eg hadde gjort det sist-men det er to mnd. sidan, og så langt rekk ikkje min hukommelse. Uansett er det greitt å vere ferdig med skrivinga, sjølv om eg er meir avslappa når det gjeld sekretærjobben no enn eg var til å begynne med. Eg har ikkje inntrykk av at det er nokon som brenn etter å overta.
Middagen i dag vart speilegg og karbonadar-vi et av lageret no.
Så har eg lese ei heil plate av boka mi, mens eg har lege rett ut på sofaen i von om å bli kvitt smertene i hofta, men det verka ikkje så veldig godt. Så eg får vel ta litt dop. Kanskje eg kan bli så bra at eg kan strikke også?

1 kommentar:

solveig sa...

Kjedeleg å ikkje vere i form!
God tur i morgon!

Dagbok 2024: 15.april

Alt av bilde som eg hadde på PC en er borte vekk, men eg er ikkje heil hjelpelaus, for bildet av blomstane frå i fjor låg ein annan stad på ...