onsdag, november 02, 2016

Dagbok 2016: 2.november


Klokka er 19.15. Temperaturen ute er 0 grader C og vi kom nettopp att frå pensjonistmøtet.
I dag var Nils også med, eg var litt skeptisk, men han tenkte han kunne gå før slutt om det vart for slitsomt. Men han heldt ut! Eg sa til han at i kveld skulle vi ikkje sitte i lag, det var på tide han fekk prate med andre enn meg. Og slik blei det. Eg sette meg åleine ved bordet lengst framme, det bordet blir ofte ståande tomt. Men eg hadde ikkje før sett meg, før eg hadde tre kavalerar i lag med meg, den eldste 90 år, dei to andre over 80. Men vi hadde det kjekt. Så kom ei dame som eg var kollega med i mange år og sette seg i lag med oss også.
Første post på programmet var ein videofilm med Margit Hurlen som testa ut velferdsteknologi på ein sjukeheim. Det var som eit apropos til at to av styremedlemmene våre hadde vore på kurs i akkurat det.
No skal eg ikkje skrive møtereferat før i morgon.
I dag vakna vi til eit underleg vêr. Her oppe hos oss skein sola, men nede i Vik var det skodde. Etter kvart vart det sol lenger nede også, og det vart ein fin dag. No når vi skulle heim frå møtet var det frose på markane og det var glatt på asfalten.
Eg verker i hofta i kveld, og eg håper det ikkje betyr at det blir snø.
Føremiddagen gjekk mykje med til å vere på Kulturhuset og dekke bord etc. Så var det pause før vi dusja og kledde oss om. Gamle folk treng lenger tid enn unge til slike ting. 
I morgon kjem ein representant frå kommunen og skal snakke med 80-åringen. Ho kjem 12.30, så eg må vel rydde litt i huset før den tid. No må eg visst legge meg litt på sofaen og rette ut hofta.
Bilda frå Starevegen er tatt klokka 13.15.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...