tirsdag, november 01, 2016

Dagbok 2016: 1.november




Alle bilda er tatt frå altanen ca kl. 13.30. Vi kan framleis sjå sola gjennom skyene.



Desse bilda er tatt frå trappa(mot nord) klokka 15. Det klårna opp etter kvart-og sola skein på orkideen i vinduskarmen.

KLokka er snart 20.00 no. Temperaturen er + 2 grader C, skyene forsvann, og då blir det kaldt. Men dt var herleg å sjå att sola og lyset etter mørke dagar.
Det har vore ein nokså laber dag i dag, vi har ikkje utretta så mykje, verken heime eller ute. Før middag tok eg meg på tak og farga håret, og då eg såg meg sjølv i speilet med håret klistra til skallen, fekk eg eit lite sjokk. Det eine øyret er større enn det andre!  Eg er ikkje av dei som er spesielt oppteken av utsjåande, men no vart eg skæmt ! Eg spurde Nils seinare på dag om han kunne sjå kva for eit øyre som var størst, og det kunne han! Det er MYKJE større, sa han. No er det ein viss risiko med å skrive dette på bloggen, heretter vil nok folk sjå berre øyra når dei ser meg. Men det kunne ha vore verre. No kan eg i alle fall ikkje ha så kort hår lenger, sjølv om eg trivast med det.
Nils hadde ei legetime i dag også, i dag galdt det sertifikatet, han fekk det for to år til. Sidan han likevel var der, tok legen blodtrykket og det var heilt fint.
Til middag i dag vart det restar frå i går- så vi lever enkelt. Nils har gått opp 5-6 kilo sidan han begynte på "fetekuren". Det må vere bra. Etter middag shina eg kjøkkenet, sidan eg blir mykje oppteken resten av veka.
Elles har eg strikka og høyrt lydbok, er er snart ferdig med den 11.plata av 22. Eg er ikkje så mykje åleine for tida, derfor blir det ikkje lese så mykje som før.
I morgon blir det pensjonistmøte det meste av dagen. Først ned klokka 12.00 for å dekke borda m.m. og så tek møtet til klokka 16.00.
Vi har ein dyktig leiar, så arbeidet er lett for oss andre. Kvar passar sitt.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...