søndag, oktober 30, 2016

Dagbok 2016: 30.oktober

Klokka er snart 17.00, men det har vore mørkt lenge. Eigentleg har det vore nokså mørkt i heile dag. Ute er det skodde og regn, men det er ikkje kaldt og ikkje snø, så noko positivt er det.
I dag vakna eg av at eg verkte noko infernalsk i eine armen, og i ryggen og hofta. Armen blei fort bra då eg fekk leda litt på meg, men resten av kroppen er ikkje bra. Eg skuldar på gikt, sidan det er så vått i vêret. Nok om det.
Det har vore ein svært roleg dag her, Nils har for det meste slappa av, men eg tok og laga ei gulrotkake før middag, det er ikkje bra å sitte for mykje i ro. Dessutan hadde eg nokre store gulrøter på lager- eg raspar for hand og då er det ein fordel. Elles har eg lese litt, og strikka litt, men kan ikkje sitte for lenge om gongen. Det er heilt utruleg at eg har vore så bra heile sommaren-trur eg skulle klipt plenar heile året -så hadde eg vore i betre form.(Eg skal ut og samle opp lauv med klipparen viss det blir tørt og bert igjen. Kan ikkje fordra å rake).
Til middag i dag hadde vi resten av suppa vi kokte førre sundag, skulle eigentleg hatt den i går, men då gjekk vi på kafé. Eg er ikkje så glad i oppvarma mat, så ein annan gong lagar vi ikkje så mykje.
Nils har lettare for å få i seg suppe og liknande mat enn det som må tyggast. Eg prøver å få i han mest mulig egg, og i dag hadde vi bløtkokte Hareids - egg til frokost. På Coop får dei inn ferske egg frå Hareid kvar dag. Då åt han to-dei var ganske små. Det er litt uvanlig for meg å lokke mat i han, for han har alle tider hatt ein glupande appetitt. Faren er at eg kan få litt for mykje i meg sjølv.
Det var lyst då vi stod opp til normaltid i dag, men så mørkna det tilsvarande tidleg. Det er mange som ønsker seg sommartid heile året-særleg når ein er yrkesaktiv.
Eg vart glad då Knut Anders Sørum vann Stjernekamp i går. Den siste songen han song er noko av det finaste eg har høyrt. Det same sa ein av dommarane. Coldplays "Fix You" var fantastisk. Nicoline var også utruleg dyktig og eg vil tru at ho appellerte meir til dei unge, men ho har mange år framfor seg til å bygge opp ein karriere, det hastar meir for Sørum. Det var høgt nivå på kampen i år.
Ja, vi er ikkje så ofte på konsertar og andre tilstellingar for tida, så då blir det å ty til fjernsynet, og der er no litt for ein kvar smak. I alle fall i helgane. Men det irriterer meg at programmet, både på data og på skjermen, ikkje stemmer. Eg skulle ta opp "Norge rundt" i går, men då var det eit heilt anna program som var nedlasta. Så skulle vi sjå ei reprisesending i dag,  det vart også feil. Men eg har sjølvsagt sett det på data opp til fleire gonger. Artig å sjå Rolf og barnebarnet Lisbeth på skjermen. Det er ikkje vanskeleg å sjå at Rolf er bror til Nils.
Eg har eit lite lager av opptak liggande i tilfelle eg ikkje finn noko av interesse. "Skal vi danse" ser vi på hurtigspoling, så slepp vi alt pratet.

Ingen kommentarer: