lørdag, oktober 29, 2016

Dagbok 2016: 29.oktober.

Klokka er snart 19.00 og det er duka for ein lang TV-kveld. Eg er veldig spent på kven som vinn Stjernekamp, og heiar sjølvsagt på Knut Andres Sørum, slik eg har gjort nesten heile tida. Nicoline er også veldig flink, og eg har ein mistanke om at dei unge stemmer på henne- og det er dei som stemmer mest. "Skal vi danse?" tek vi opp og ser seint på kveld.
I dag har det vore grått og regnfullt ute, og vi var litt seine i avtrekket i dag. Men vi kom oss nedover for å handle på Amfi-det er det apoteket som trekker oss dit. I dag var der så fullt at det var som å gå MOT 17.mai-toget då vi gjekk inn.
Eg handla mykje mat, slik eg oftast gjer, må liksom ha det meste i hus.
Eg spurde Nils om han orka å køyre til Volda for eg skulle hatt ei ulltrøye eller to på Janus-butikken. Janus-fabrikken har faktisk ikkje flagga ut, men produserer i Norge.
Ja, han var klar, og så kom det spørsmålet som var heilt vanleg før når vi reiste over kommunegrensa:"Skal vi ete på Kina-restauranten". Det var som musikk i øyrene mine-ikkje fordi eg slapp å lage middag, men fordi han hadde lyst på mat!
I dag vart det ikkje så veldig kinesisk, for vi tok "dagens": Biffsnadder med bernaise saus, poteter og salat". Men det var faktisk godt. Eg tenkte stort sett på kaloriar og protein. Sidan vi tok dagens, fekk vi også kaffi. Kina-dama sa at det var så lenge sidan ho hadde sett oss. "E det bra med dokke?"
Eg fekk kjøpt meg ulltrøye og vi kjørte heim att. Kvar gong eg kjem heim frå handel blir eg litt irritert på meg sjølv fordi det er så mykje å sette på plass.
Elles har eg strikka ferdig ein lest, og begynt på nummer to-fekk mykje arbeid med Berlin-garnet for det er så tynt. Men det er no ikkje tvangsarbeid akkurat.
Vi har harr ein god dag i dag.

Ingen kommentarer: