onsdag, oktober 12, 2016

Dagbok 2016: 12.oktober


Klokka er 19.00, temperaturen er + 6 grader C og det er enno ikkje slutt på dei fine dagane. Bilda tok eg for ei lita stund sidan, det første mot aust, det andre mot vest. Ser ut til at det blir fint i morgon også.

Dagane går som ein røyk. Føremiddagen gjekk med til litt husarbeid og rydding ute og inne. Nils gjorde klar teinemat til Håkon. Han skulle drage teinene i dag og sette dei ut att ein gong til. Vi skulle stad og og handle litt , men ville vente til etter Håkon og Birte hadde vore her. Eg var først innom biblioteket og fekk meg ei ny bok. "Belgravia" var ute på dato, men eg sa at den kanskje vart innlevert i Volda.Eg fekk med meg ei krimbok i dag, og sette meg på venteliste på dei nyaste som enno ikkje var klare for utlån. 
Så var vi bort til Lefdal, der eg fekk kjøpt meg ein minnebrikkelesar til 199kr. Den skal kunne brukast på kort i alle storleikar. Han prøvd den, og den funkar fint


Sidan vi likevel var borte i Furene, handla eg mat på Coop. Nils hadde samtykt til at vi skulle ha spekesild til middag. Vakuumpakka kosta den 65 kr for 4 små filetar, frosen 29,90 kr for om lag same mengda. Eg hadde mest lyst på den ufrosne, men kjøpte den billegaste.
Elles fekk eg med meg 4 sekker mold for 200kr på Plantasjen. Kan pynte litt opp på beda.
Nils har ikkje vore i så god form i dag som i går, så då vi kom heim, måtte han legge seg nedpå mens eg laga middag. Eg rekna ikkje med at Håkon og Birte likte spekesild om dei skulle dukke opp, så eg steikte opp resten av pannekakerøra frå i går. Då eg steikte på siste kaka, kom dei. Det slår aldri feil. Vi åt i lag; vi sild og dei pannekaker, og så drakk vi kaffi. Dei hadde ikkje fått ein einaste hummar eller krabbe, men har ikkje gitt opp enno. Eg synest det er kjekt at båten og utstyret er i bruk.
Eg strikka ferdig dei svarte lestene i går, og festa trådane i dag, så får vi håpe dei passar. Nils hadde ein ekstra varmedress, den vaska eg og tørka i trommelen i dag, og gav den til Håkon.Birte har varmedress. Dei har erfart at det er kaldt på sjøen.

tirsdag, oktober 11, 2016

Dagbok 2016: 11.oktober.

Klokka er 19.15; temperaturen er + 5   grader C og det har vore like fint i dag også. Så lange finevêrsperiodar er det sjeldan vi har på våre kantar. Eigentleg skulle eg ha klipt ned tre og buskar og brukt kompostkverna, det er berre det at lauvet heng på trea enno. Det vart litt stopp med meg no etter ein sommar med mykje hagearbeid.
Og det som skal gjerast inne får ein vente med til styggevêret kjem. I dag har eg strikka litt og høyrt bok, og så har eg gjort forefallande husarbeid. No når Nils er friskare, men ikkje så frisk at han kan styre med så mykje, blir det til at vi sit og pratar og slappar av begge to. For han er det bra, men eg kunne trenge meir mosjon.
I dag laga han klar teinene, som han og Håkon sette ut. Dei reiste klokka15. Eg strikka litt, før eg la meg på altanen med lydbok. Så der fekk eg lese ferdig Knausgårdboka. Eg anbefaler den til andre Knausgård-fans.
Då dei kom att var eg i full gang med å steike flesk og pannekaker, og det var i alle fall ein av fiskarane som sette pris på retten. Her i huset et vi pannekaker med flesk, blåbærsylte og kaffi til. Slik også i dag.
Nils var til fastlegen i dag, han skal måle blodtrykket for kvar 14.dag, for den medisinen han går på no kan gi høgt blodtrykk. I dag var trykket heilt normalt.
Eg har ikkje fått vore på butikk i dag, derfor kan eg ikkje komme med nye bilde, men her ser om lag ut som i går.

Bok nr. 67 - 2016: Om sommeren.

Om sommeren (lydbok) av Karl Ove Knausgård
«Om sommeren» er fjerde og siste bind i en personlig encyklopedi om den nære virkeligheten, skrevet av en far til hans yngste datter. Han skriver om vannspredere og snegler, rips og tårer, om geitrams, sirkus, marihøner og krabbefiske. Men han skriver også en dagbok, der de små hendelsene i en families liv registreres mot en bakgrunn av alt det en sommer kan vekke til live av tanker, minner, lengsler, opplevelser av kunst og litteratur, i en intens jakt på meningsfylde i øyeblikkene som glir forbi. Her fortelles også, gjennom den innlevelsen fiksjonen gjør mulig, historien om en syttitre år gammel kvinne som en gang tok et dramatisk valg som kanskje ødela livet hennes. I fortellingen om det som er og det som har vært, oppstår muligheten for at alt alltid kunne vært annerledes.
.............................................................................
No har eg lese den fjerde og siste av Knausgård sine årstidsbøker. Og denne er den absolutt beste, etter mi meining. Eg har brukt relativt lang på den, og det trur eg er lurt.
For nokre år sidan køyrde vi rundt i Skåne, til Ystad, Simrishamn, Malmø etc. Og eg ser landskapet for meg når eg les boka, det gjer det ekstra kjekt.

mandag, oktober 10, 2016

Dagbok 2016: 10.oktober


Klokka er snart 20.45, temperaturen er + 6 grader C og det har vore enda ein fin dag - og fint skal det visst vere veka ut, men så er det slutt.
Eg hadde ingen spesielle planar for dagen i dag, og når eg ikkje har noko eg MÅ gjere, brukar eg å bake brød. I dag baka eg to porsjonar a tre brød. Dei var særs nærande, fulle av kaloriar og proteiner, så eg burde vel ikkje ete av dei sjølv. Brukte m.a. heilmelk, olje, egg etc. Gode vart dei også, vi åt nysteikt brød til lunsj i dag.
Ein hjelpsom nabo hadde lese på bloggen min at eg hadde problem med å legge bilda inn på datamaskina. Han kom med noko som eg vil kalle "minnebrikkelesar"(eg veit ikkje rette namnet) så no får eg endelig ta bilde med kamera til bloggen min. Skal kjøpe ein slik når eg kjem meg på butikk.
Eg hadde lyst å vere ute i finevêret, men kunne ikkje slå oppe ved vegen for der er det for vått i graset, anna hagearbeid høvde heller ikkje, så eg gjekk ein liten tur. No har eg styra på ute i hagen heile sommaren utan å få låkt i hofta, men ein liten tur toler eg ikkje utan å verke etterpå.  Det er eigentleg ein bagatell.
La meg ut på solsenga ei lita stund då eg kom inn att, og jammen sovna eg. Nils har helde på og styrt med nokre teiner. Forma er ikkje på topp, men det kjem seg vel etter kvart-han har i alle fall lagt på seg, og det var oppgåve nummer ein.
Middag vart det ikkje før klokka var nærmare 20.00; Nils åt restar frå i går, eg åt Gilde karbonader.
No blir det vel TV og strikketøy ei stund framover.
Leonardo da  Vinci har blomstra i heile sommar og blomstrar enno.

søndag, oktober 09, 2016

Dagbok 2016: 9.oktober


Klokka har passert 19.00, temperaturen er + 6 grader C og vi har hatt enda ein nydeleg dag. Det er ikkje fritt for at eg misunner alle friske og spreke folk som kan "boltre" seg ute i naturen slike dagar. Eg kom meg ikkje lenger enn ut på altanen i dag, men det får eg ta skulda for sjølv.
Føremiddagane går fort her i huset, vi står seint opp og brukar tid på å komme oss i siget.
Eg har diverse aktivitetar lagt til dei ulike vekedagane, på den måten får eg litt struktur på husmorlivet mitt. "Søndag er orkidédag"-er eitt matra. Det vil seie at den dagen skal alle orkideane få gjødselvatn, og det rikeleg. Dei står i vannbad eit par dagar før eg slår vekk det som då er att i pyntepotta. Sidan eg begynte med flytande gjødsel i staden for gjødselpinnar, har orkideane vore fantastiske. Eg klipper vanlegvis ned blomsterstilkane etter avblomstring.
Vi fekk hyggelig besøk på føremiddagen. "Nabojenta" som bur og arbeider i Oslo var heime i Starevegen og beæra oss gemlisane med eit besøk. Kjekt å høyre litt frå den store verda.
Middagen i dag hadde vi planlagt i god tid, det skulle bli fårefrikassé. Eg hadde kjøpt inn kjøt og alt vi trong. Og Nils bedyra at han ville ete det. Det blei eit nydelig måltid, og sikkert fullt både av protein og kaloriar-kanskje i meste laget for meg.
Etter at eg hadde rydda og vaska opp litt, la eg meg ut på altanen, men det varte ikkje så lenge før sola vart borte, og då var det kaldt. Så vart det kaffi og ein liten klatt med is.
Elles driv eg og strikkar svarte, tynne sokkar til eitt av barnebarna, det går ikkje så fort, men eg tek meg ei økt dann og vann framfor datamaskina med Knausgård på lydbok.
Eg har ikkje fått orden på fotoapparatet mitt. Bilda ligg på kamera, men eg får dei ikkje over på datamaskina verken med minnebrikke eller ledning. Må nok søke hjelp av ekspertisen.

lørdag, oktober 08, 2016

Dagbok 2016: 8.oktober


Klokka er 19.00, temperaturen er + 9 grader C og dagen har vore like fin som dagane før. Det lovar bra for dei som har haustferie.
I dag har vi vore litt meir aktive enn i går. Dvs. føremiddagen rota vi vekk med hårvask etc. Så skulle vi ta ein tur på nærbutikken og pante flasker og ha boksar og glas i "iglooen". Pluss at vi skulle kjøpe det vi gløymde i går. I same rennet var vi på bensinstasjonen og kjøpte bensin til båten.
Birte og Håkon kom heim om lag på samme tid som vi, og vi vart med ut i hamnen, slik at Nils fekk skolere Håkon. Dei for ut på sjøen og vi for heim att. Her var Margrete, Amanda og Erlend og så kom Eirik. Dei ville berre seie HEI før dei for på kino. Vi avtalte å møtast på Marias i Volda, viss vi var opplagde til det.
Vi slappa av ei stund, til filmen nærma seg slutten, då kom Birte og Håkon att. Dei hadde fått litt fisk i dag, m.a. nokre store makrellar.
Vi bestemte oss for å sløyfe restaurantbesøket, Nils var litt sliten, og eg har vondt i "sitteknuten", men vi kunne fare ned på Kulturhuset og seie HA DET til Ingeborg. Men så var ikkje dei med på kino, for dei hadde sett filmen før.(Det visste eg eigentleg når eg fekk tenkt meg litt om.) Men vi snakka med dei andre. Ingeborg og veninna reiser med flyet i morgon. Eg har funne ein pizza i frysaren, men det kan hende eg må ete den åleine......
Dette er det vi kallar ein aktiv dag.Og no ser eg fram til Stjernekamp, favorittprogrammet mitt.

fredag, oktober 07, 2016

Dagbok 2016: 7.oktober

(I mangel av eigne bilde stal eg dette frå FB. Det er yngste barnebarnet som er på hytta i Telemark.Tanngarden  hans er litt redusert for tida.)

Klokka er 20.15, temperaturen er + 6 grader C og vi har hatt enda ein strålande dag.
Det er berre å nyte finevêret så lenge vi har det. Hausten er komen og vi kan vente oss kva som helst av vêr framover.
Nils har ikkje vore i form i dag, trur han har fått ei lita forkjøling i tillegg til alt anna. Så då Håkon ville ha han med på sjøen måtte han berre avstå frå det. Men dei fekk sjølvsagt bruke båten og i dag fekk dei med seg flunkande nye årar.
Eg hadde vaske- og støvsugedag i dag, og til lunsj kokte eg graut av risen som var att frå i går. Spedde på med ein kremrest og eit halvt beger Creme Fraiche. Her gjeld det å ha kaloriar i maten-så får eg heller ete små porsjonar.
Etter at vi hadde ete, og Håkon og Birte hadde vore her, la eg meg ut på solsenga med lydbok ein times tid eller vel så det. Då gjekk sola ned bak altanrekkverket.
Vi tok oss saman og gjorde oss klar til å handle inn mat til helga, og då kom fiskarane att, dei hadde knapt fått napp.
Vi måtte nedover før apoteket stengde, så det vart ikkje så mykje prat.
Vi rakk å få tak i både medisin og mat før stengetid, og vi hadde eit bra lass med oss heim.
Så laga eg middag av ein boks sodd + grønsaker og pølsebitar, såkalla spikersuppe. Den smakte salt og godt. Nils åt bra av den, han må no få litt anna enn smellfeit mat innimellom. Ja, matstellet her i huset har endra seg til det verre, får vi seie, ikkje 5 dagar med fisk i veka no lenger.
Komande veke er det haustferie her i distriktet. Vi ønsker alle ei god helg og til dei som har det: God ferie!

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...