søndag, oktober 09, 2016

Dagbok 2016: 9.oktober


Klokka har passert 19.00, temperaturen er + 6 grader C og vi har hatt enda ein nydeleg dag. Det er ikkje fritt for at eg misunner alle friske og spreke folk som kan "boltre" seg ute i naturen slike dagar. Eg kom meg ikkje lenger enn ut på altanen i dag, men det får eg ta skulda for sjølv.
Føremiddagane går fort her i huset, vi står seint opp og brukar tid på å komme oss i siget.
Eg har diverse aktivitetar lagt til dei ulike vekedagane, på den måten får eg litt struktur på husmorlivet mitt. "Søndag er orkidédag"-er eitt matra. Det vil seie at den dagen skal alle orkideane få gjødselvatn, og det rikeleg. Dei står i vannbad eit par dagar før eg slår vekk det som då er att i pyntepotta. Sidan eg begynte med flytande gjødsel i staden for gjødselpinnar, har orkideane vore fantastiske. Eg klipper vanlegvis ned blomsterstilkane etter avblomstring.
Vi fekk hyggelig besøk på føremiddagen. "Nabojenta" som bur og arbeider i Oslo var heime i Starevegen og beæra oss gemlisane med eit besøk. Kjekt å høyre litt frå den store verda.
Middagen i dag hadde vi planlagt i god tid, det skulle bli fårefrikassé. Eg hadde kjøpt inn kjøt og alt vi trong. Og Nils bedyra at han ville ete det. Det blei eit nydelig måltid, og sikkert fullt både av protein og kaloriar-kanskje i meste laget for meg.
Etter at eg hadde rydda og vaska opp litt, la eg meg ut på altanen, men det varte ikkje så lenge før sola vart borte, og då var det kaldt. Så vart det kaffi og ein liten klatt med is.
Elles driv eg og strikkar svarte, tynne sokkar til eitt av barnebarna, det går ikkje så fort, men eg tek meg ei økt dann og vann framfor datamaskina med Knausgård på lydbok.
Eg har ikkje fått orden på fotoapparatet mitt. Bilda ligg på kamera, men eg får dei ikkje over på datamaskina verken med minnebrikke eller ledning. Må nok søke hjelp av ekspertisen.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...