lørdag, oktober 08, 2016
Dagbok 2016: 8.oktober
Klokka er 19.00, temperaturen er + 9 grader C og dagen har vore like fin som dagane før. Det lovar bra for dei som har haustferie.
I dag har vi vore litt meir aktive enn i går. Dvs. føremiddagen rota vi vekk med hårvask etc. Så skulle vi ta ein tur på nærbutikken og pante flasker og ha boksar og glas i "iglooen". Pluss at vi skulle kjøpe det vi gløymde i går. I same rennet var vi på bensinstasjonen og kjøpte bensin til båten.
Birte og Håkon kom heim om lag på samme tid som vi, og vi vart med ut i hamnen, slik at Nils fekk skolere Håkon. Dei for ut på sjøen og vi for heim att. Her var Margrete, Amanda og Erlend og så kom Eirik. Dei ville berre seie HEI før dei for på kino. Vi avtalte å møtast på Marias i Volda, viss vi var opplagde til det.
Vi slappa av ei stund, til filmen nærma seg slutten, då kom Birte og Håkon att. Dei hadde fått litt fisk i dag, m.a. nokre store makrellar.
Vi bestemte oss for å sløyfe restaurantbesøket, Nils var litt sliten, og eg har vondt i "sitteknuten", men vi kunne fare ned på Kulturhuset og seie HA DET til Ingeborg. Men så var ikkje dei med på kino, for dei hadde sett filmen før.(Det visste eg eigentleg når eg fekk tenkt meg litt om.) Men vi snakka med dei andre. Ingeborg og veninna reiser med flyet i morgon. Eg har funne ein pizza i frysaren, men det kan hende eg må ete den åleine......
Dette er det vi kallar ein aktiv dag.Og no ser eg fram til Stjernekamp, favorittprogrammet mitt.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Akkurat no; klokka er 19.57, temperaturen på trappa er + 13graderC og det regnar litt, ikkje så sommarleg akkurat. Når eg tenkjer på alle d...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar