fredag, oktober 07, 2016

Dagbok 2016: 7.oktober

(I mangel av eigne bilde stal eg dette frå FB. Det er yngste barnebarnet som er på hytta i Telemark.Tanngarden  hans er litt redusert for tida.)

Klokka er 20.15, temperaturen er + 6 grader C og vi har hatt enda ein strålande dag.
Det er berre å nyte finevêret så lenge vi har det. Hausten er komen og vi kan vente oss kva som helst av vêr framover.
Nils har ikkje vore i form i dag, trur han har fått ei lita forkjøling i tillegg til alt anna. Så då Håkon ville ha han med på sjøen måtte han berre avstå frå det. Men dei fekk sjølvsagt bruke båten og i dag fekk dei med seg flunkande nye årar.
Eg hadde vaske- og støvsugedag i dag, og til lunsj kokte eg graut av risen som var att frå i går. Spedde på med ein kremrest og eit halvt beger Creme Fraiche. Her gjeld det å ha kaloriar i maten-så får eg heller ete små porsjonar.
Etter at vi hadde ete, og Håkon og Birte hadde vore her, la eg meg ut på solsenga med lydbok ein times tid eller vel så det. Då gjekk sola ned bak altanrekkverket.
Vi tok oss saman og gjorde oss klar til å handle inn mat til helga, og då kom fiskarane att, dei hadde knapt fått napp.
Vi måtte nedover før apoteket stengde, så det vart ikkje så mykje prat.
Vi rakk å få tak i både medisin og mat før stengetid, og vi hadde eit bra lass med oss heim.
Så laga eg middag av ein boks sodd + grønsaker og pølsebitar, såkalla spikersuppe. Den smakte salt og godt. Nils åt bra av den, han må no få litt anna enn smellfeit mat innimellom. Ja, matstellet her i huset har endra seg til det verre, får vi seie, ikkje 5 dagar med fisk i veka no lenger.
Komande veke er det haustferie her i distriktet. Vi ønsker alle ei god helg og til dei som har det: God ferie!

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...