torsdag, oktober 06, 2016

Dagbok 2016: 6.oktober



Klokka er ca.20.30, temperaturen er + 6 grader C og vi har hatt enda ein fin haustdag. Det er kaldt om nettene og heilt til sola kjem, så vi står ikkje tidleg opp.
Etter frokosten i dag rydda eg litt i huset, som vanleg. Så strauk eg ein liten haug med klede før eg gjekk ut og jobba litt i hagen. Fekk klipt ned nokre staudar og pynta litt på eit overgrodd bed. Ellen Marie ringde mens eg var ute-eg ringde henne opp att, men då fekk eg opptattsignal. Får prøve igjen i morgon.
Ingeborg ringde, ho og venninna var i Volda og ville komme hit ein tur. Eg hadde ei eplekake og litt is i frysaren, så det vart eit enkelt traktement. Alltid kjekt når Ingeborg kjem, og venninna hennar såg ut til å vere ei veldig kjekk og sympatisk jente, Ho er frå Kristiansand, men ser litt eksotisk ut, sidan faren er frå Somalia og mora frå KappVerde-øyane. Vi drakk kaffi, prata og diskuterte. Eg tok bilde av Nils og dei to jentene, men Ingeborg fekk heller ikkje til å legge bilda inn på data.
Då jentene reiste, stakk eg ein tur ut i garasjen med noko "tomgods". Det eg ikkje la merke til var at garasjedøra berre var halvvegs  oppe, så dermed stanga eg opp i døra, og fekk meg ein så kraftig kakk i hovudet at eg låg på alle fire i singelen. Kom meg opp ved eiga hjelp, litt låkt på toppen, men var snart heilt fin igjen. Eg har lang erfaring når det gjeld å dette.
Etter at eg hadde rydda opp etter kalaset, tok eg på meg seilerstøvlar og for ut og klipte plen. Klipte bio i skråninga, for å få bruke bensinklipparen med "drag". Det vart ei kort glede , for draget slitna, og eg måtte drage sjølv. Litt tungt vart det, men ikkje verre enn at eg tok plenen rundt huset med el-klipparen etterpå. No er det berre plenen opp mot vegen som står att. Det har vore litt diskusjon oss naboar imellom om vi skulle klippe meir i år, men eg syntest graset var for langt til å overvintre.
Endeleg fekk eg tid å lage middag; i dag vart det gryterett med kjøttdeig (protein) og ris. Eg bevilga meg sjølv eit stykke eplekake etterpå "fordi eg fortente det".

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 8.mai

Det var fart på elva i dag igjen,det er snø som smeltar  Klokka er no 16.50, temperaturen på trappa er +16 grader C, sola er litt av og på i...