onsdag, oktober 05, 2016

Dagbok 2016: 5.oktober

Klokka er no 19.45.Temperaturen er + 8 grader, og månesigden heng over fjellet i sørvest. Det var kaldt sist natt, men nydeleg vêr i dag også. Dessverre her vi ikkje fått nyte det så mykje, sidan vi hadde så mykje anna på programmet. 
Eg vakna grytidleg (5-6 tida) med verk i beina, så eg vart liggande vaken nesten til det var på tide å stå opp. Vi tok 9-bussen til Åse, og var heime att klokka 14. I dag var vi utover for å samtale med ernæringsfysiologen. Nils har lagt på seg eit par kilo sidan sist og det var ho nøgd med. I samtalen fortalde vi kva mat/drikke vi har satsa på. Ho syntest det var veldig bra, og meinte Nils hadde vore heldig med ektemaken-det er  jo stort sett eg som handlar inn og lagar maten -  men det er han som må ete. Det går betre dag for dag. Ho lo då eg sa at eg hadde nekta han å drikke vatn, men gitt påbod om vørterøl eller melk i staden. Det er no kjekt å få litt skryt av det ein prøver på. Vi fekk gode råd om mat og om ernæringstillegg frå apoteket.
Både fram og tilbake reiste vi i lag med ei dame frå Melsbygda, så vi fekk litt nytt frå gamle trakter. Eg har hatt dottera hennar, Solbjørg, som elev. 
Då vi kom heim att prøvde vi å kvile litt og eg åt ei skive. Eg skulle på møte i pensjonistlaget, og visste at eg fekk mat der; Nils hadde ei skål fiskesuppe frå i går.
Vi vart einige om at Nils kunne vere heime, det vart for travelt med sjukehus og møte på samme dag. Han køyrde Marit og meg ned. Denne gongen var det Eldrerådet, kommunen og Lions som hadde ansvar for markeringa av Eldredagen, men eg var ikkje sikker på om dei kom frå Møre-Nytt. På vona hadde eg blokk og penn i veska.Stor var gleda mi då eg såg at ein kjend journalist frå Folkestad entra salen. Då slappa eg godt av.
Det var allsong, talar, quiz etc., men hovudtalar/kåsør var presten Svein Kvamsdal. Han snakka om kor viktig det var med humor, og drog fram døme både frå Bibelen og salmeboka, blant anna.
Lions-damene hadde laga mange store fat med gode smørbrød + eit stort kakebord. Og gamle folk har ofte god appetitt.
Eg sat i lag med ei dame på 94 år som eg har kjent lenge ! Eg har såpass sjølvkritikk at eg ikkje syng offentleg, men dama på 90+ song med sølvklar sopran. Det var nesten som eg måpte. Eg sa det til henne, og då kunne ho fortelle at ho hadde sunge i kor mens ho budde i Ålesund.(Ho har no budd i Ørsta dei siste 50 åra).
Eg kjøpte mykje lodd men vann ingen ting. Like godt det, for eg har meir enn eg treng. Men eg kunne tenkt meg ein av borddekorasjonane som var laga av elevar frå Ørsta vidaregåande skule. Dei vart utlodda på inngangsbillettane.- Og der har eg skrive eit heilt referat,nesten.

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Kjekt det går bra med dokke - og at du fekk gode tilbakemeldingar på det du bidreg med. De hadde nok eit kjekt pensjonistmøte på Eldredagen. Vi i EP kombinerar med Verdensdagen for psykisk helse 2016. Det blir den 12. okt. i Jektehola med folk i alle aldrar. Får håpe på godt ver...

Besta sa...

Ja, utearrangement er ein risikosport på våre kantar, og det er vel tvilsomt om finevêret held så lenge.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...