tirsdag, oktober 11, 2016

Dagbok 2016: 11.oktober.

Klokka er 19.15; temperaturen er + 5   grader C og det har vore like fint i dag også. lange finevêrsperiodar er det sjeldan vi har på våre kantar. Eigentleg skulle eg ha klipt ned tre og buskar og brukt kompostkverna, det er berre det at lauvet heng på trea enno. Det vart litt stopp med meg no etter ein sommar med mykje hagearbeid.
Og det som skal gjerast inne får ein vente med til styggevêret kjem. I dag har eg strikka litt og høyrt bok, og så har eg gjort forefallande husarbeid. No når Nils er friskare, men ikkje så frisk at han kan styre med så mykje, blir det til at vi sit og pratar og slappar av begge to. For han er det bra, men eg kunne trenge meir mosjon.
I dag laga han klar teinene, som han og Håkon sette ut. Dei reiste klokka15. Eg strikka litt, før eg la meg på altanen med lydbok. Så der fekk eg lese ferdig Knausgårdboka. Eg anbefaler den til andre Knausgård-fans.
Då dei kom att var eg i full gang med å steike flesk og pannekaker, og det var i alle fall ein av fiskarane som sette pris på retten. Her i huset et vi pannekaker med flesk, blåbærsylte og kaffi til. Slik også i dag.
Nils var til fastlegen i dag, han skal måle blodtrykket for kvar 14.dag, for den medisinen han går på no kan gi høgt blodtrykk. I dag var trykket heilt normalt.
Eg har ikkje fått vore på butikk i dag, derfor kan eg ikkje komme med nye bilde, men her ser om lag ut som i går.

1 kommentar:

solveig sa...

Det kan no vere kjekt å lage mat til nokon med god appetitt innimellom!