lørdag, mars 07, 2015

Dagbok 2015: 7.mars

Klokka er 17.30, temperaturen ute er + 9 grader, det blæs litt og regnar innimellom. Då vi var nedover i dag før middag, var det ganske ufyseleg og vått; vatnet stod høgt over kaiene i sentrum, men dei er jo ikkje i bruk lenger.Vi held oss inne og har det varmt og godt.
Eg var elendig då eg vakna i dag, men etter kvart kom eg meg til, så vi fekk oss ein tur på Amfi. Vi handla ganske mykje matvarer, og då vi på heimvegen stakk innom Kiwi for å kjøpe batteri, fann det enda meir vi trong. Det verste er å få plass til alt når ein kjem heim.
Vi gjorde det lettvint med middagen i dag, ferdigkjøpte karbonadar på heimebakt brød. Greitt nok!
Etterpå vart eg liggande på sofaen med lydbok. Eg les om att ei eg har lese før, på same tid som eg les ei papirbok på 600 sider. Eg er komen godt over halvvegs, men det går ikkje så fort sidan eg må stå mens eg les. Legg boka på kjøkkenbenken.
Det skjer ikkje så mykje slike dagar, men Nils har TVen og eg bøkene mine, så vi vantrivst ikkje. Elles har eg handla inn så eg kan bake opp litt kaker til frysaren om eg skulle få ånda over meg.
Her er også noko som skjer i bygda heile tida, diverse kulturarrangement, basarar et.etc. om ein skulle bli lei av å vere heime.Komande tysdag er det pensjonistmøte i regi av Rotary og Inner Wheel. Då er vi gjestar og har ingen plikter. Anne Gjengedal Ellingsen kjem for å vise bilde og fortelle frå Svalbard.

fredag, mars 06, 2015

Dagbok 2015: 6.mars

Klokka er snart halv frm. Temperaturen ute er + 8 grader C, det er overskya, opphaldsvêr og stilt. Ganske fint ute i dag altså, men det skal kome nye stormar.
Nils for ut for å fiske i dag, men det var dårleg med napp, dessutan begynte det å blåse, så dei vart ikkje så lenge borte. Han fekk såpass mykje at vi skal ha kokt småsei i dag, og steikt på sundag. Meir var det ikkje.
Mens Nils var vekke skulle eg støvsuge, og det gjorde eg. I tillegg pussa eg vindua på innsida, og frytta om på sofaane. Det siste var sikkert ikkje så lurt, i alle fall ikkje for ryggen min. Det blei ei god stund på sofaen i etterkant. Eg lærer aldri, men håper det skal gå over denne gongen også.
Elles har eg vore og sett til blomstrane til naboen som er på ferie, alle plantane ser ut til å ha overlevd.
Så er det fredag igjen, denne veka har gått enda fortare enn vanlig. Eg vil ønske alle ei god helg.





torsdag, mars 05, 2015

Dagbok 2015: 5.mars

Klokka er 18.00. Temperaturen ute er + 4 grader C. Det har sludda og regna i heile dag, såvidt eg har registrert. Nils fekk ikkje henta veden heim i dag, men det kjem vel betre dagar. I morgon har han tenkt seg ut og fiske i lag med Kjell.
Sov godt i natt etter konserten, merkeleg nok. Og vakna frisk og rørig i dag. Sidan eg hadde lyst å behalde den gode forma, passa eg på å ikkje gjere for mykje. Vaska kjøkken og bad, så tek eg støvsuginga i morgon.
Har ikkje laga skikkelig middag i dag, kokte berre blomkålsuppe sidan eg hadde hamstra inn eit blomkålhovud ein dag dei var billege. Typisk.
Så somna eg på sofaen etter "middag" og hadde litt problem med å vakne skikkeleg etterpå.
Eg har to bøker på gang, ei på lydbok og ei på papir. Lydboka har eg lese før.
I dag fyller eldste niesa vår 60 år, ho er den eldste i den generasjonen av familien. Nils har ringt og gratulert.No ser Nils på skiskyting, og eg skal lese litt i papirboka mi, den er på 600 sider så det tek si tid.



Eg har ikkje mange bilde av Tone, som fyller 60 år i dag, men her er ho på konfirmasjonsdagen i lag med foreldra sine og mormora.

onsdag, mars 04, 2015

Dagbok 2015: 4.mars


Klokka er snart halv sju, og klokka sju skal vi reise utover til Fosnavåg på konsert.Vi er 11 pensjonistar som reiser i lag - med Maxi Taxi, til konsert med 12 tenorar. Vi skal på ei ekstaframsyning som tek til klokka halv ti.
Ute er det snø og slaps og + 1 grad C. Eg har kvilt meg mest mulig i dag for å klare å sitte  den tida konserten varer.
Nils var på vedaskog i dag igjen. Eg styrte litt heime, strauk nokre klede m.a. Til middag laga eg steikt blålange med remuladesaus. Steikte fisken på panna først, og i steikomnen etterpå. Det blei veldig godt.
Ei stund etter middag fekk vi besøk av Margrete, Ingeborg og Erlend. Det var veldig hyggelig å ha nokon å drikke kaffi i lag med. Og Margrete fiksa kamera mitt; som eg trudde var det ikkje noko alvorleg i vegen, men eg er ikkje særleg flink til å sette meg inn i alle duppedittane.
I dag er det feiring på Kongsberg, det er fem år sidan minstemann kom til verda. Eg skriv blogg no, i tilfelle eg ikkje orkar når eg kjem heim att. Har sett Anno på opptak !

Om konserten:
Av dei 12 tenorane kom 10 frå GB, ein frå Frankrike og ein frå Canada. Alle kunne sjølvsagt synge, det må ein nesten rekne med. Dei hadde med seg fire musikarar, ein på slagverk, to med gitarar og ein med tagentinstrument. Skal eg kritisere noko, måtte det vere at musikken var litt for sterk i forhold til songen. Tolv tenorar, dei fleste unge, med kvar sin mikrofon lagar bra mykje lyd !
Konserten var eit fyrverkeri av song og dans.Alle tenorane var kledde i mørkegrå dressar og svarte lakksko, det var stilig. Men at dei i tillegg til å synge dansa i tillegg var meir enn imponerande. Repertoaret var mangfoldig, frå Nessum dorma til rock. Konserten varte i vel to timar inkl. ein liten pause, så det var nesten midnatt då vi kunne sette oss i bilen. Dei hadde to slike konsertar på ein kveld, så dei må ha bra kondis.
Vi var heime i 1-tida og då måtte eg sjå opptaket av Anno før eg la meg.
No har vi bestilt billettar til Vampkonserten på Øye 28.juli, pensjonistlaget arrangerer turen, som også inkluderer båttur på Hjørundfjorden. Trur alle plassane er borttinga alt.

tirsdag, mars 03, 2015

Dagbok 2015: 3.mars






Klokka er no snart 19.00. Temperaturen ute er +4 grader C, og det har vore ein fin dag, med lette skyer og ein god del sol. Nils fekk endeleg fare på vedaskogen. Mens han var vekke fekk eg shina kjøkkenet og vaska eit par skap. Det er slutt på den tida då eg tekalle skuffer og skap på ein og samme dag, no blir det tatt litt no og litt då til eg er komen rundt- og så er det berre å begynne på nytt.
Etterpå vaska eg alle vindua som eg når frå altanen, utvendig. Vaska med mopp, Zalo og eddik og skylte med reint vatn som eg bar ut i bøttevis. Forbetringspotensiale var stort, så eg vart bra nøgd. Så no ser vi ut, til neste storm kjem og grisar til igjen.
Nils kom att såpass vi fekk tatt ein tur i banken og henta pengar før eg skulle til frisør klokka 13. Nils henta meg att då eg var ferdig og vi tok ein tur på Amfi-det er alltid noko vi treng.
Eg har vore på jakt etter ein ny brødristar, men ikkje funne nokon eg var fornøgd med.
I dag var det kundetilbod på Kitch`n, brødristarar som elles plar vere dyre til 199 kr. Eg kunne velje mellom kvitt og svart. Har ikkje prøvd den enno, men sidan eg knapt et ei skive utan å riste den, blir den flittig brukt.
I dag tok eg bilde med det vesle kamera igjen, og det gikk fint, men så ville ikkje datamaskina ta imot dei. Eit kvart er det støtt. Bilda på bloggen  i dag er tatt med mobil,bildet over er tatt frå Øvre Mo, der frisøren held til. Men så skjer det noko igjen. Bildet av brødristaren er brått blitt "opningsbilde" på mobilen. Ikkje veit eg kva eg no har trykt på, eller korleis eg skal få tilbake det bildet som skal vere der. Gode råd blir mottatt med takk.

I dag skal vi visst få sjå paddene i Austefjorden i programmet "Ut i naturen".

                  Vi var til stades på avdukinga 14.juni 2014.

mandag, mars 02, 2015

Dagbok 2015: 2.mars

Morgon
Klokka er 18.00. Temperaturen ute + 3 grader. Etter den fine vårdagen i går, var det eit sjokk å vakne opp til kvite marker i dag. Men det lei ikkje så langt utpå dagen før skylaget letna, og sola kom fram.
Men eg hadde bestemt meg for å bake brød i dag, og det gjorde eg. Seks gode, grove brød vart det. Ja, eg reknar no med at dei er gode, har ikkje smakt dei enno.Til middag delte vi suppa som vi hadde att frå i går. Deretter steikte eg ein bra porsjon med vaflar, sidan vi venta Margrete oppom ein snartur. Ho fekk kaffi og vaflar, og restane med heim. Ho var oppom med ei pocketbok som ho hadde kjøpt og som ho likte godt. Eg var lens for godt lesestoff, så det passa bra.
Elles har det ikkje skjedd så mykje, men eg fekk no manna meg opp til å bestille time for sertifikatsjekk. No er det lenge sidan eg har køyrt bil, men vil likevel ha gyldig førarkort om eg skulle få bruk for det. Reknar med at eg består prøva.Fekk time den 12.mars- heilt utruleg at eg slepp å vente lenger.
I morgon har eg time hos frisør- behovet er stort for litt oppfrisking.
Nils skulle på vedaskogen i dag, men måtte slå det ifrå seg. Han får sikkert ein ny sjanse og vi er ikkje vedalause.
Det blir mykje vêrprat og ditto bilde. Det er for at naboane som er på ferie skal få sjå korleis vi har det her heime. 

                                                Ettermiddag.

søndag, mars 01, 2015

Dagbok 2015: 1.mars



Klokka er no18.45. Temperaturen er + 8 grader, tidlegare i dag var det 12-13 varmegrader, men då bles det. No i ettermiddag har det regna aldri så lite.
På ein så fin dag burde ein sjølvsagt kome seg ut, og Nils tok seg ein god trimtur i skogsvegane. Eg er litt pysete, har ikkje lyst å utfordre føtene mine, for no er eg relativt bra. Derfor valde eg å vere heime, bytte på sengane og vaske soverommet, henge ut klede etc.etc.Det er slikt som er kjekt å gjere mens vêret er bra.
Då Nils kom att laga han middag; han kokte brennsnut av noko ferdigkokt kjøt vi hadde i frysaren. Den frysaren er ei Sarepta krukke, blir aldri tom. Eg fekk lese ut boka mi, og no har eg begynt på ei som heiter Italienske netter av Katherine Webb. Trur ikkje eg kjem til å lese ferdig boka, den forfattaren er ikkje min favoritt. (Lånte den ved eit feiltak). Eg kan sjølvsagt lese bøker på papir, men då må eg stå og lese, det er litt slitsomt i lengda.
I dag kunne eg gått på kino, eller eg kunne stilt opp på Aasentunet og høyrt på Edvard Hoem, men eg feiga ut og somna på sofaen. No ser eg fram til konserten med 12 tenorar komande onsdag.
Det har vore mykje sport på TV lenge no, men eg kan med handa på hjartet seie at eg ikkje har sett eit einaste skirenn. Rett og slett fordi det ikkje interesserer meg. Men Nils får sjølvsagt sjå så mykje han vil, eg er ikkje heilt nazi, heller. Det einaste eg synest er litt irriterande er at alle andre TV-program må vike for sporten. Men no er det visst slutt. Det vart brått heilt mørkt ute, mens eg sat her og skreiv. Det går heldigvis mot sommartid.(Bilda har eg tatt med eit gammalt lommekamera).


Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...