mandag, mars 02, 2015

Dagbok 2015: 2.mars

Morgon
Klokka er 18.00. Temperaturen ute + 3 grader. Etter den fine vårdagen i går, var det eit sjokk å vakne opp til kvite marker i dag. Men det lei ikkje så langt utpå dagen før skylaget letna, og sola kom fram.
Men eg hadde bestemt meg for å bake brød i dag, og det gjorde eg. Seks gode, grove brød vart det. Ja, eg reknar no med at dei er gode, har ikkje smakt dei enno.Til middag delte vi suppa som vi hadde att frå i går. Deretter steikte eg ein bra porsjon med vaflar, sidan vi venta Margrete oppom ein snartur. Ho fekk kaffi og vaflar, og restane med heim. Ho var oppom med ei pocketbok som ho hadde kjøpt og som ho likte godt. Eg var lens for godt lesestoff, så det passa bra.
Elles har det ikkje skjedd så mykje, men eg fekk no manna meg opp til å bestille time for sertifikatsjekk. No er det lenge sidan eg har køyrt bil, men vil likevel ha gyldig førarkort om eg skulle få bruk for det. Reknar med at eg består prøva.Fekk time den 12.mars- heilt utruleg at eg slepp å vente lenger.
I morgon har eg time hos frisør- behovet er stort for litt oppfrisking.
Nils skulle på vedaskogen i dag, men måtte slå det ifrå seg. Han får sikkert ein ny sjanse og vi er ikkje vedalause.
Det blir mykje vêrprat og ditto bilde. Det er for at naboane som er på ferie skal få sjå korleis vi har det her heime. 

                                                Ettermiddag.

2 kommentarer:

torbjørn urke sa...

Takk for vèrrapporten, Dvs dei talnde bilda, utruleg at det kan vere så grønt same dag som det er morgonkvitt, slike skiftningar er spennande for oss som tek bilde. Her er ikkje mykje skifte i naturstemningane, det har vore "deiligt" ikke hett og ikke kaldt, som han sa engelskmannen som hadde gått tur frå øye til urke ein gong i 1920-åra,(far fortelde dette) engelskmanne hadde naturleg nok ikkje det store ordforrådet, men greidde likevel å beskrive tempen på ein måte som marit og eg oss i mellom brukar herme etter når det er akkurat passeleg varmt, slik det er her i dag også. takk for bilda.

Besta sa...

Eg ser fram til at de kjem heim att, så eg kan få hjelp med kameraet mitt. No brukar eg eit gammalt lommekamera(digitalt) så bilda er ikkje av beste kvalitet.Ja, her i Ø har vêret vore SVÆRT variert denne vinteren.Kjekt at de har det fint der nede.Hels til Marit.

Dagbok 2024: 5.mai

Klokka er no 18.13, temperaturen ute r + 13 grader C. Det har vore sol og fint i heile dag, men ikkje så varmt som i går. Eg vakna tidleg i ...