søndag, juli 07, 2024
Dagbok 2024: 7.juli
lørdag, juli 06, 2024
Dagbok 2024: 6.juli
fredag, juli 05, 2024
Dagbok 2024: 5.juli
Klokka er no 18.11, temperaturen ute er +10 grader og det regnar og regnar, det er jammen bra at eg fekk gjort så mykje ute i går. Eg har no gjort litt i dag også, men det er inne. Eg tok ikkje fredagsvasken i dag,men utsette den til i morgon. Det eg gjorde først av alt i dag var å fullføre Sudokuen som eg ikkje fekk heilt til i går kveld, i dag gjekk det fort,
Når eg ikkje vaska, var det fordi eg ville bake bollar og det vart gjort. Eg er ikkje spesielt glad i å bake, likte det betre før-men bollar vart det. Og så har eg gjort diverse anna husarbeid. Eg sette meg ned og såg TV ei stund, men eg må legge opp eit nytt "spøt" så eg slepp å sitte med hendene i fanget- og sovne.
Eg hadde tenkt å gå tur på Vernet i dag, men i dette veret er det ikkje så kjekt.
Han ver-spåmannen har hatt rett så langt, han spådde dårleg ver i juli men fint i august. Ja, for meg er det heit greit, men for alle skuleborn og foreldre passar det ikkje så godt.
Rasmus og Co har tenkt seg opp hit til oss om ikkje så lenge, så eg håper vi får det fint då. Eg veit ikkje akkurat kva tid dei kjem, men det blir vel etter at jentene er komne heim att. Med jentene meiner er Solveig og Margrete. I fjor vart det arbeidsferie for Wenche og Rasmus, det skal det ikkje bli i år. Det er no ikkje lenge sidan Rasmus var her-det var i mai.
I går då eg var ute og jobba i hagen såg eg at solbæra var begynt å modne og ripsen blir raud litt etter litt-viss veret blir betre. Eg har plukka og ete ein god del jordbær, men i dette veret blir det vel ikkje så mykje å plukke. Eg har ikkje planta dei tre små buskene eg kjøpte heller, orkar ikkje å vere ute ein gong i slik ver. Og no går det mot klokka 19 -0g nyheiter, og det må eg få med meg. Men har vel høyrt det meste før. Nei, no skal eg legge opp og strikke lestar av det fine garnet eg fekk, og dei lestene skal eg ha sjølv.
Det er fredag i dag, så eg vil ønske alle ei god helg -om ikkje sola skin, så kan det bli bra likevel.
torsdag, juli 04, 2024
Dagbok 2024: 4.juli
Eg er nettopp komen inn etter ei lang "arbeidsøkt" i hagen. Eg begynte ca kl 13, og kom inn att litt over 18. Har hatt eit par pausar, men ikkje lange. Men eg arbeider langsomt utan å stresse.Jobben i dag var å klippe Skråninga etc . Eg begynte med den vesle plenen oppe med postkassene, det er meir arbeid enn ein skulle tru for der er ein heil del som må klippast med saks. Skråninga var det ikkje så mykje gras på, der er mest mose, Det var mange småjobbar undevegs, som t.d. å lklippe greiner på stammen av epletreet. Men eg kom no i havn på eit vis. Eg skulle vaske klipperen til slutt, men den får eg aldri rein meir, for den stod uvaska heile vinteren. I dag prøvde eg å vaske med bilsjampo og gamle oppvask-kostar, Men det må sterkare lut til.
I dag var det siste treningsdagen før ferien, no har vi fri til ei stund ut i august.
Eg handla på Kiwi på heimvegen i dag, og då eg kom heim sat eg ei stund og prata med Marit. Ho er mykje betre no, men orka ikkje å fare på trening. Og det forstår eg godt.
Margrete og Amanda + Martin er i Solund , og Margrete sende bilde, eg kjende meg ikkje att på nokon nesten. Det kjem vel av at dei i år ferierer lenger inne og ikkkje så langt ute som t.d. Trovågen ligg, det er på dei ytre øyane eg har vore, og den tida eg budde der, var det ikkje mange vegar heller, så ein måtte i båt når ein skulle flytte på seg.
onsdag, juli 03, 2024
Dagbok 2024: 3.juli, Solveig 61 år i dag.
Solveig fyller 61 år i dag; ho og Øystein feirer dagen i Karlstad
Klokka er no 18.16, temperaturen ute er + 16 grader, det har vore opplett og ein god del sol i dag. Men eg har ikkje lata meg så mykje i sola, for eg har hatt litt å styre med. Sidan fryseskapet i kjellaren fann på å ise seg ned og bryte opp døra for så å gi frå seg vatn til heildekkingsteppet hadde eg litt å styre med. Det meste ordna eg i går kveld, dvs. at eg tok alt som var i skapet og plasserte det i to andre fryserar-i dag prøvde eg etter beste evne å få vekk mest muleg av vatnet. Og sidan eg først var i kjellaren vaska eg gjesterommet i håp om å får gjestar.
Eg var i jordbæråkeren og plukka meg desert og klipte litt gras ved kjellarinngangen- litt klesvask vart det også.
I dag hadde eg grønsakmiddag, dvs diverse grønsaker med ost i olje. Til dessert vart det jordbær med litt fløte.
Så sat eg ei lang stund oppe hos Marit på altanen og sola oss, og prata. Heilt til eg gjekk ned igjen og begynte å klippe plen. Eg har ikkje sett så mange klippe plen i dag, og eg forstår kvifor. Eg hadde langt gras på plenen, og graset var nokså vått. Det merka eg då eg begynte å klippe, men eg gjorde ferdig plenen rundt huset. Det vart ikkje heilt fint, så eg for over det meste ein gong til.I skråninga er det ikkje så mykje gras så det skal kanskje få stå litt til. Eg var bort til eine solbærbuska mi og der fann eg eit mode bær som smakte fortreffelig.
Og no kan vi forvente å få både hagebær og anna, såg ripsen til naboen hadde fått litt farge. Eg har ikkje vore på Vernet i dag, brukar ofte å skulke turen når eg klipper plen. Eg vinn ikkje over alt, men i morgon skal eg på trening.
Solveig har fødselsdag i dag, ho og Øystein reiste til Sverige, men eg veit ikkje kvar dei er no. Heilt frå vi begynte å reise på turar i ferien, var det fleire gonger Solveig hadde fødselsdag mens vi var på tur, så ho har feira bursdag i Sverige nokre gonger.Eg håper dei har det kjekt og får slappe skikkeleg av.Eg har ikkje fått tatt bilde enno for telefonen var tom for straum, no er den komen opp i 11 prosent. Og eg skal ha meg ein kaffikopp-
tirsdag, juli 02, 2024
Dagbok 2024: 2.juli
Klokka er no 17.55, temperaturen ute er +11 garder C, og det regnar. Eg synest ikkje det er så populært -med skodde nedetter fjellsidene. Eg har forskansa meg inne i dag, og ikkje gått tur eller jobba i hagen. Eg reknar med at føtene mine fekk nok trim på treninga, for det er dei som får mest.
Då eg kom heim att laga eg meg spekesildmiddag som ei lita trøst i styggeveret. Og det smakte vidunderlig som vanleg. Dei nypotetene eg hadde kjøpt var ikkje noko å skryte av, men dei smakte no ikkje vondt akkurat.
Etter at eg hadde ete og rydda opp att og fått på oppvaskmaskina, måtte eg berre legge meg inn på dagsenga ei stund, eg veit ikkje om eg sov eller ikkje. Men eg er no våken nokså tidleg på dag, så det er ikkje rart om eg blir trøtt.
I dag tenkte eg å bake litt viss eg orka -og eg orka å lage ei gulrotkake. Brukar å ha det i frysen, og den førre kake er det berre litt att av no, så vi treng meir. Eg er ikkje glad i å bake. Eg likte det mykje betre før, no synest eg det blir mykje rot; og eg har halvferdige kaker i frysen, Med halvferdige meiner er kakebotnar utan fyll og glasur.
Eg var mykje flinkare å bake før -.I går tok eg fram att strikketøyet mitt og no er eg snart ferdig med å strikke, så står det att å feste trådar og sy litt her og der. Eg gler meg til eg blir ferdig og kan strikke lestar igjen, for det kan eg.TV-en set eg på berre av og til for å sjå/høyre dagsnytt. Elles er det no berre fotball og annan sport som eg ikkje bryr meg om. Eg er litt irritert på veret for eg skulle både ha planta og klipt i hagen. Det er slikt arbeid eg likar.
Synest det er trasig viss Margrete og CO får stygt ver i SOLUND- for der er det absolutt best med sol og varme og uteliv. For tre år sidan, då eg var med, hadde vi sol og varme så å seie heile tida.
mandag, juli 01, 2024
Dagbok 2024: 1.juli
Eg var heime heile føremiddagen og strikka, så no er eg snart ferdig med det eg held på med og kan få begynne å strikke lestar igjen. Eg fekk så fint garn med Hilde då dei var her, så dei lestane vil eg ha sjølv. Eg gjekk ein tur på Vernet då klokka hadde passert halv eitt. Det var overskya, men ikkje regn. Eg likte så godt det bildet eg tok i dag, det som er over her. Der er ei stille ro over det. Det kvite som er på Åsmundmarka er høyballar.
Eg sat ikkje lenge på benkane i dag, for eg ville ikkje vere vekke så lenge. Då eg kom heim att åt eg litt lunsj.
Eg har snakka aldri så lenge om at eg skal på Plantasjen , og i dag- endeleg, kom eg meg av garde. Eg likar ikkje å køyre når de er så mykje trafikk, men då burde eg ikkje fare sånn i 16 -tida - slik som i dag. Men eg kom meg både fram og tilbake utan problem. Eg kjøpte tre små plantar som skal vere vintergrøne. Dei skal eg plante nede på "Prosjektet" mitt. Dei var ikkje gratis, men eg tenkte at eg kunne fylle ut med nok anna, som ikkje er vintergrønt, mellom dei. Eg legg ikkje så mykje ut på den skarve bota der nede. Så kjøpte eg ein begonia til grava, for den nelliken eg planta gjorde litt lite av seg, Alle eg kjenner som også har ei grav å gå til, seier at desse begoniane er det beste ein kan ha, for dei toler både sol og regn. Eg var innom gravplassen på heimvegen og ordna opp.No står nelliken i garasjebeddet. Eg hadde tenkt å kjøpe ei lita rose der, men der var ikkje noko som freista.
Så var eg også inn på COOP og handla litt ymse. Eg har kundekort på Coop, men får sjelden brukt det, for vi har ikkje COOP i Ørsta, I Volda har dei to-minst!
I morgon skal eg på trening, og på torsdag også, men så får vi lang ferie. Eg kjem vel ikkje til å reise så langt i ferien. Eg minnest dei lange bilturane son Nils og eg hadde. Vi for over det meste både i Norge og Sverige. Så eg har no fått kjørt meg. I dag reiste Solveig og Øystein til Sverige og Margrete, Amanda og Martin for til Solund. Erlend skal vere med eit band som skal spele der ute mens dei er der. Det kan bli litt artig. Dei skal bu litt meir sosialt i år, på Hardbakke og ikkje i Hjønnevåg der dei har vore mange gonger før, dei hadde ikkje noko ledig.
Eg kan godt feriere her heime, men eg ville gjerne hatt både sol og varme.
Eg har mange bilde som eg ville hatt inn, men det er noko som ikkje funkar som det skal -no igjen.
Dagbok 2026: 14.november
Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...













