onsdag, april 10, 2024

DAGBOK 2024: 10 april

Klokka er no 15.34, temperaturen er +6 graderC, og det regnar. Eg hadde kledd på meg for å gå tur på Vernet, men då eg var ferdig med Starevegen snudde eg heim, for det silregna, og det var eg ikkje kledd for , viss det lettar opp kan det hende eg går då.

I dag stod eg opp i 8 tida etter å ha stått opp og lagt meg igjen  mange gonger, eg er lei av dette no, men får ikkje stoppa det. Greit nok, eg hadde ein plan for dagen, og det var å få ledning til telefonen. Så eg var på ALTI  ikkje så lenge etter at dei hadde opna opp. Dei opnar klokka10. Men der sat folk i kafeen under trappa og åt kaker og drakk kaffi. 

På Clas vart eg ekspedert av ei godt vaksen dame, som forstod med ein gong kva det var eg ville ha. Ho fann ein ledning som passa i telefonen min, men ikkje berre det, der var også ein ende som skulle inn i datamaskina. Heilt perfekt, akkurat slik eg hadde før(Og som sikkert er ein stad i huset enno). Denne ledningen var litt for lang , men det gjer ingen ting, elles så har den ein lett rosa farge, slik at eg kjenner den igjen.

Då eg kom heim måtte eg sjølvsagt prøve om alt stemte -og det gjorde det.

Sidan det no ikkje er spanskundervisning er eg fri på onsdagane, denne veka skal vi heller ikkje ha trening på torsdag. Så no kan eg få gjort litt heime. I dag har eg stoke og hengt opp nyvaska,nystokne gardiner her på datarommet. Men eg må nok ha litt hjelp med gardinbrettet. Eg greier ikkje å stå i gardintrappa og feste delane med skrujern. Men det blir vel ei råd.

Mens eg stauk og styrte på hadde eg tre store brød i omnen, Det er ikkje ofte eg bakar, og det er heller ikkje det beste å halde på med viss ein har ei låk hand. Men no geidde eg det i dag. Brøda vart gode og middagen i dag vart brødskiver med egg og sild.

Så driv eg med litt spanskundervisning på data-eg underviser ikkje, men eg prøver å lære litt  og halde den kunnskapen eg har ved like. Eg er kvar dag inne på "Reels and short videos", der det blir meir og meir spansk til meir eg brukar det. No lid det så langt på dag at det er lov å sette seg til med strikketøy og TV, trur eg.

tirsdag, april 09, 2024

Dagbok 2024: 9.april



Denne fine strikkaduken fekk eg av Tone til 80-årsdagen .Den ligg på bordet heile året, berre ikkje i jula.


Klokka er no17.00, temperaturen ute er mild og vårleg +12 graderC. Det har vore ein nydeleg og mild dag sjølv om sola ikkje har vore framme så mykje. Rett over vegen står det eit japansk tre i full bomst, og det er heilt nydelig.

Dagen i dag har vore grei nok, men eg har visse problem som eg ikkje får gjort noko med-og eg forstår det ikkje. Saken er, som eg skreiv i går at eg ikkje finnledning så eg får ladde telefonen. Marit meinte at ho kunne ladde den oppmed sin leidning, men det gjekk ikkje. Eg saknar ein ledning som eg kan sette inn i datamaskina med eine enden og med telefonen i den andre. Eg har mange slike leidningar, men ingen av dei passar til telefonen min. Og telefonen er tom for straum , så eg får ikkje ringt eller sendt melding til nokon som kan hjelpe. Det er som å sitte på ei aude øy utan båt.

Dagen elles har vore som vanleg, vi var på trening frå 10-11, etterpå var eg ein liten tur til VIk før eg tok runden min på Vernet. Eg er eigentleg frisk og rask-det er berre ryggen som plagar meg litt. Eg sat på alle benkane på runden i dag, det er godt å vere uteslik temperaturen er no.

Eg har ikkje laga meg middag i dag, men kanskje lagar eg noko som liknar til kvelds.No skal eg sette på klesvask, skal vaske gardinene her på datarommet, mellom anna. Eg har visst diverse som skal strykast også. Det er alltid nok å gjere for den som vil. 


mandag, april 08, 2024

Dagbok 2024: 8.april



Klokka er no17.45, temperaturen ute er +13 grader C og akkurat no skin sola. Men det har også vore regnbyer i dag, trur eg, men  ikkje då eg var ute.

I dag hadde eg store planar om nedvask på datarommet, men først og fremst skulle eg rydde og vaske alle hyllene. Her er veldig mange bøker album etc. så det vart litt av ein jobb. Først ned med alt så vaske og opp att med alt. Det kjem vel med å ha ei gardintrapp. Det var ikkje så mykje vits i å vaske veggane for tapeten er ikkje så skitten, men eg tok ned gardinene for vask, og hadde ut teppet. Eg syntest eg hadde gjort ein bra jobb då eg var komen så langt. Då tok eg meg litt mat og så gjekk eg tur på Vernet, der eg sat ei lita stund på kvar benk, for ryggen trong kvile.

Då eg var heime att skulle eg legge bilde inn på maskina, men då fekk eg eit problem, For ledningen til telefonen var ikkje å sjå, og no har eg leita alle mulege og umulege stader etter ledningen. Her er tusen ledningar rundt omkring og eg kan ikkje begripe at eg ikkje finn den til telefonen, for eg har telefonen liggande her heile tida, og eg brukar ikkje å ta ut ledninga. Eg meiner ledninga er kvit, men eg sjekkar no dei svarte også. Dette er så irriterande; ein er glad for å ha gjort ein liten jobb-og så er dette takka. Viss ikkje ledningen dukkar opp, så går det vel an å få tak i ein ny-i morgon. I morgon skal vi no på trening uansett. Men no skal eg  leite litt tilI dag fyller Mimi-80 år-eg har kjent henne sidan ho var ca 15. Seinare gifta vi oss med 2 brør, Nils og Rolf.

søndag, april 07, 2024

Dagbok 2024: 7.april


Klokka er no19.00, og eg er nettopp komen heim frå turen på Vernet, Det var finare no enn tidlegare i dag. Det er opplett ute og + 10 grader, men på PC-en min står det:Regn i  morgen, så vi har noko å glede oss til.
Dagen i dag har gått fort unna til tross for at det ikkje har hendt så mykje. På føremiddagen sat eg stort sett og strikka lester og såg TV. Så åt eg middag, restar frå i går, før eg gjekk opp til Marit og drakk kaffi. Ho hadde vore med på korkonsert i Stryn i går så ho hadde no opplevd litt.

Eg hadde ei god stund med Reels , så eg fekk spanskleksjonen min i dag også. Det må til. Kjøpte meg nye skrivebøker i går, som eg skal ha å notere i. Eg får ta den tida det tek.
Eg kom ned att frå Marit ein gong etter kl.5, og då gjekk eg på Vernet der eg trefte naboane mine, og fekk ein prat med dei. Det skjer ikkje så mykje no om dagane, og det kan vere like greitt-så skjer det ikkje noko gale heller. Håper eg.
No har eg hatt tre fridagar etter kvarandre, så no kan det vere på tide å få gjort noko. Hagen ligg der og ventar, og mange jobbar som eg skal ha gjort inne også.
I dag tok eg bilde av elva, den var større no enn på lenge, det er vel både snøsmelting og nedbør.




 

lørdag, april 06, 2024

Dagbok 2024: 6.april


 Dette bildet har eg tatt nede ved ALTI. Der er ein flokk med ender som går opp på land av og til, kanske fordi somme matar dei-eller berre for å vere oppe or vatnet.Somme gonger er det heit fullt med ender-men ikkje i dag.

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader, men det kjennest ikkje varmt ut, inne i alle fall, for vi har ikkje sol.

I går var eg så tutlete og kom ikkje i gang med noko, så i dag hadde eg ein plan. Eg skreiv ei liste og så køyrde eg ned til Alti. Eg fekk kjøpt bukste på Kapahl, og diverse hårprodukt, sjampo t.d. på Vita og skrivebøker (Til spansken) på Europris.

Så var eg opp i gata og kjøpte eit hårprodukt til, på frisørsalongen. Mat trong eg ikkje å kjøpe i dag, eg får greie meg med det eg har i hus no når eg er her åleine.

Då eg kom heim , tok eg med meg ei pære på turen og gjekk på Vernet.  Eg kjøpte pærer sist eg var på KIWI, eg hugsar ikkje kva land dei kom frå, men dei var gode. Eg trefte berre ei eg kjenner på turen i dag. Ho er på min alder men spring som ein røyskatt opp gjennon skog og fjll. Men ho har skifta begge hoftene.

Då var det tid for å lage middag og i dag vart det pølser og potetstappe, det går så fort å lage, og så har eg funne nokre pølser utan skinn som er nokså gode.

Etter middagen sette eg meg til i godstolen med strikketøy og kaffikopp. Eg likar så godt å sjå folk som reiser og fortel om det dei ser. No når eg ikkje reiser sjølv, kan det vere ei erstatning. Nils og eg reiste både Norge og Sverige på langs og tvers  frå sør til nord. Vi brydde oss ikkje så mykje om å slå oss til ro. Berre fare av garde.

I dag er Marit med Janne til Stryn på konsert, Janne dirigerer eit par kor, eitt av dei er Lostrupane frå Loen.

Eg held meg stort sett borte frå alt "BRÅK" på grunn av tinnitusen. Eg har det i øyret heile tida, men viss eg blir utsett for mykje lyd, blir det som regel mykje verre.

Det er i fristande å begynne på hagearbeidet enno, det er ganske grønt på plenen, men det er for kaldt til å styre med noko, synest eg. Men eg har nok å henge fingrane i når den tida kjem.

fredag, april 05, 2024

Dagbok 2024: 5.april


 Klokka er no16.50, temperaturen ute er +10 grader, men det er iskaldt, med litt vind attåt, sjølv om sola skin.

I dag hadde eg tenkt å ta meg ein tur til Vik og eventuelt shoppe. Men først skulle eg komme i land med sudokuen. Det tok si tid, Eg fekk det rett og slett ikkje til.

 Etter fleire forsøk , gav eg meg på det og tok ein tur på Vernet i staden. Der trefte eg ein som eg kjenner og som eg pratar med ofte. I dag gjekk praten om varmepumper etc. mens vi sat på benken i sol og nydeleg ver. Seinare på vandringa mi, trefte eg ein tidlegare elev med barnevogn. Ho presenterte seg, såpass eg visste kven ho var, og ho fortalde at ho var farmor til den vesle jenta ho trilla på.
Ikkje så rart at eg ikkje kjenner dei igjen etter så mange år. Men at dei kjenner meg att, får eg vel ta som ein komplimang. Eller?
Då eg kom heim att greidde eg ikkje å halde meg borte frå sudokuen, og etter ca 5 minutt var alt i orden.
Men eg hadde ikkje lyst å fare til Vik åleine, så eg tok heller og øvde litt på Spansken. Eg finn oppgåver på "Reels and short vidoes."

Eg kunne tenkt meg å jobbe litt i hagen, men så er det den kulden ! Ja, eg må no ha noko å skulde på. Men eg har faktisk ein høgrearm som ikkje er heilt god, (Og ei venstrehand som ikkje er heilt sterk) så eg må begrense det eg styrer med, til dømes strikking.
I dag fyller det einaste oldebarnet mitt 4 år. Men han og eg feira fødselsdagane våre i lag på Hareid i påska.
Eg har vore ute og tatt bilde av dei blå blomstrane på plenen, men har ikkje fått til å legge bilde  inn på PC-en enno.
Eg forstår ikkje at det er fredag , for eg har ikkje tatt "fredagsvask" i dag, det gjorde eg onsdag.  I dag har eg berre plukka vekk påskepynten.
Ønsker alle ei fin helg med sol og litt meir varme.







                           Dette er berre litt av alle dei blå Sibirstjernene.




torsdag, april 04, 2024

Dagbok 20 24: 4.april

 




Dei har saga ned mange tre her og rydda fint opp. Eg tenkjer på alle vedprosjekta som Nils hadde. Dette hadde vore noko for han.Vegen i bakgrunnen er Vikegeila/Skålavegen

Klokka er no 17.21, temperaturen ute er + 5 grader, det er overskya , men ikkje nedbør. Tidleg i dag låg det snø på markane, men då vi kom ut frå treninga ca.kl.11 var snøen borte.

Vi handla litt på KIWI i dag også, Marit og eg, eg må alltid ha frukt og grønsaker i hus. Eg tok med meg ei nykjøpt pære frå eitt eller anna land då eg gjekk tur på Vernet etter eit kort opphald i heimen. Eg tok mange bilde i dag, men det er ikkje alltid like lett å få dei på plass.

I dag tok eg siste resten av fisken eg hadde i frysaren og laga meg fiskesuppe. Det er eg veldig glad i og så får eg alt i eitt; fisk, grønsaker melk etc.

Eg kjende på at høgre armen min ikkje var heit god, den verkte litt, så eg tok ikkje tak i strikketøyet med ein gong, men presterte å sovne litt i stolen etter at eg hadde sett på TV. Ja, det gjorde no ingen ting at strikketøyet fekk ligge i fred. Det er ikkje mykje vondt men eg er litt forsiktig. Eg har ikkje gjort meg noko,  eg har kanskje trena litt for hardt-men ikkje verre enn eg plar gjere.

Eg må sjekke vippsen min ;det ser ut som eg ikkje har betalt det eg trudde eg hadde gjort. Så eg må sjå inn på bankkontoen min. Eg fekk no heller ikkje vite kva eg betalte for bensinen på tysdag, når eg betalte med kort. Eg er ikkje så opptatt av pengar i og for seg, men eg vil no gjere rett og skil for meg-men ikkje bli lurt. Armen min er blitt mykje betre, så eg trur den har hatt godt av å kvile litt.

I dag gjekk eg et stykke ovafor vegen, mot skogen. Eg ville ta eit bilde av heile prosjektet med murar, men det vart ikkje slik som eg ville ha det.




Ei jente kom ridande., ho sat på ein hest og hadde ein til med , i tillegg hadde ho to hundar, og det gjekk heilt bra. Det er lov med hestar på Vernet, men ikkje bilar, utan at dei har noko som skal gjerast med bil.
Det er stadig meir folk som kjem på Vernet-og ikkje alle bur så nær. Arma mi er ikkje så vond lenger og eg har sjekka bankkontoen-alt var i orden. Bensinen eg kjøpte i går kosta ca 500  kr. men det er lenge sidan eg fylte sist.

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...