fredag, april 05, 2024

Dagbok 2024: 5.april


 Klokka er no16.50, temperaturen ute er +10 grader, men det er iskaldt, med litt vind attåt, sjølv om sola skin.

I dag hadde eg tenkt å ta meg ein tur til Vik og eventuelt shoppe. Men først skulle eg komme i land med sudokuen. Det tok si tid, Eg fekk det rett og slett ikkje til.

 Etter fleire forsøk , gav eg meg på det og tok ein tur på Vernet i staden. Der trefte eg ein som eg kjenner og som eg pratar med ofte. I dag gjekk praten om varmepumper etc. mens vi sat på benken i sol og nydeleg ver. Seinare på vandringa mi, trefte eg ein tidlegare elev med barnevogn. Ho presenterte seg, såpass eg visste kven ho var, og ho fortalde at ho var farmor til den vesle jenta ho trilla på.
Ikkje så rart at eg ikkje kjenner dei igjen etter så mange år. Men at dei kjenner meg att, får eg vel ta som ein komplimang. Eller?
Då eg kom heim att greidde eg ikkje å halde meg borte frå sudokuen, og etter ca 5 minutt var alt i orden.
Men eg hadde ikkje lyst å fare til Vik åleine, så eg tok heller og øvde litt på Spansken. Eg finn oppgåver på "Reels and short vidoes."

Eg kunne tenkt meg å jobbe litt i hagen, men så er det den kulden ! Ja, eg må no ha noko å skulde på. Men eg har faktisk ein høgrearm som ikkje er heilt god, (Og ei venstrehand som ikkje er heilt sterk) så eg må begrense det eg styrer med, til dømes strikking.
I dag fyller det einaste oldebarnet mitt 4 år. Men han og eg feira fødselsdagane våre i lag på Hareid i påska.
Eg har vore ute og tatt bilde av dei blå blomstrane på plenen, men har ikkje fått til å legge bilde  inn på PC-en enno.
Eg forstår ikkje at det er fredag , for eg har ikkje tatt "fredagsvask" i dag, det gjorde eg onsdag.  I dag har eg berre plukka vekk påskepynten.
Ønsker alle ei fin helg med sol og litt meir varme.







                           Dette er berre litt av alle dei blå Sibirstjernene.




Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 5.mai

Klokka er no 18.13, temperaturen ute r + 13 grader C. Det har vore sol og fint i heile dag, men ikkje så varmt som i går. Eg vakna tidleg i ...